Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Her er dei viktigaste endringane i den nye jordbruksavtalen

Fleire kuttforslag er stoppa, nye tilskot kjem og enkelte satsar blir auka. Slik blir tilskota og prisane endra i den nye jordbruksavtalen.

Tilskotsendringar: Fleire av kuttforslaga til kulturlandskap og innmarksbeite er stoppa i den nye jordbruksavtalen, men det er gjort ei rekkje andre endringar av prisar og tilskot. Her frå Valdres. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Tilskotsendringar: Fleire av kuttforslaga til kulturlandskap og innmarksbeite er stoppa i den nye jordbruksavtalen, men det er gjort ei rekkje andre endringar av prisar og tilskot. Her frå Valdres. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Fredag vart Norges Bondelag og staten einige om ein ny jordbruksavtale. Ramma på 400 millionar kroner skal gi 13.000 kroner i inntektsvekst per årsverk.

Her er dei viktigaste endringane i prisar og tilskot.

Veksten i målprisane

Jordbruksvarene med målpris kan ifølgje avtalen få ein auke på inntil 315 millionar kroner, litt over 1,5 prosent i snitt. Målprisveksten utgjer godt over tre firedelar av ramma i jordbruksoppgjeret, som samla er på 400 millionar kroner.

Varene med målpris får dermed langt mindre prisvekst enn andre jordbruksvarer, som er venta å få ein prisvekst på 2,2 prosent i snitt.

Målprisen på mjølk blir føreslått auka med 8 øre per liter. Det er likt med kravet frå jordbruket, men meir enn tilrådinga frå Tine på 5 øre per liter.

For gris er veksten på 70 øre per kilo, mot 1,05 kroner i kravet.

For poteter er auken 15 øre per kilo, mot 18 øre i kravet.

Målprisen på grønsaker og frukt kan aukast med 2,2 prosent, mot 2,5 prosent i kravet.

Norsk matkorn får ein målprisvekst på 9 øre per kilo, mot 12 øre i kravet.

Slik er endringane for ulike kornslag per kilo:

Kveite, matkorn: +10 øre (krav: +14 øre)

Rug, matkorn: 0 øre (krav: 0 øre)

Bygg: +8 øre (krav: +12 øre)

Havre: +6 øre (krav: +12 øre)

Fôrkveite, fôrrug, erter, såkorn og oljevekstar: + 8 øre (krav: +12 øre)

Tilskotet til prisnedskriving blir auka tilsvarande auken i kornpris. Auken i målpris på korn skal dermed ifølgje avtalen ikkje gi auka kraftfôrpris.

Underregulerer tilskota

Tilskota over statsbudsjettet aukar med 45 millionar kroner som følgje av jordbruksavtalen, ein auke på 0,3 prosent.

Det er langt under den venta generelle prisauken i samfunnet (inflasjonen), noko som gjer at verdien av overføringane frå statsbudsjettet reelt sett går ned.

I tillegg blir 30 millionar kroner i ledige midlar frå tidlegare jordbruksoppgjer gjenbrukt.

Til samanlikning vart tilskota føreslått kutta med 110 millionar kroner i statens tilbod i årets jordbruksoppgjer.

Tilskotsendringane

Her er nokre av dei viktigaste tilskotsendringane:

Arealtilskot og beite

Forslaga om kutt i kulturlandskapstilskotet på rundt 18 millionar kroner og kutt til innmarksbeite på vel 52 millionar kroner, som møtte kraftig motbør, er fjerna.

Samla går likevel løyvinga til areal- og kulturlandskapstilskot ned med 11,9 millionar kroner. Det kjem av at ein ventar eit redusert løyvingsbehov ved at mindre areal vil vere i drift.

Tilskotssatsane for beiting, som jordbruket ønskte å auke, blir ikkje endra. Løyvinga til beiting går likevel opp med 14,3 millionar kroner. Det kjem av auka løyvingsbehov på grunn av at ein ventar at talet på dyr på beite vil gå opp.

Arealtilskotet til grovfôr i sone 6 blir auka med 4 kroner målet, ein auke på til saman 2,8 millionar kroner. Den auken skal kompensere for bortfallet av tilskot til reparasjon av vinterskadd eng, som er eit kutt på 5,8 millionar kroner.

Arealtilskotet til korn i sone 5, 6 og 7 aukar med 17 kroner per dekar, ein auke på til saman 2,5 millionar kroner.

Arealtilskotet til økologiske grønsaker, frukt og bær aukar med 275 kroner per dekar (+27,5%), ein auke på 1,2 millionar kroner.

Meir til råvarepriskompensasjon

Tilskota til råvareprisordninga aukar med 37,5 millionar kroner. Det skjer dels for å kompensere for målprisauken, noko som skal bidra til at den delen av matindustrien som er i direkte konkurranse utan tollvern skal kunne konkurrere med like prisar på råvarene.

Tilskotet til prisnedskriving av korn aukar med 70,2 millionar kroner for å unngå at prisauken på korn slår ut i auka kraftfôrprisar.

Tilskotet til matkorn aukar med 1,9 millionar kroner, ein auke på 1 øre per kilo.

Kutt og auke i pris- og distriktstilskot

Annonse

Kvalitetstilskotet til storfekjøtt aukar med 30 øre per kilo, ein auke på 13,5 millionar kroner.

Pristilskotet til geitemjølk aukar med 10 øre per liter, ein auke på 1,9 millionar kroner totalt.

Distriktstilskotet til kylling og kalkun i Agder og dei tre nordlegaste vestlandsfylka blir fjerna heilt. Det utgjer eit kutt på 20 øre per kilo eller 0,4 millionar kroner totalt.

Distriktstilskotet til egg i Trøndelag blir fjerna heilt. Kuttet er på 22 øre per kilo, noko som utgjer 3 millionar kroner totalt. For bønder med full konsesjon skal kuttet utgjer rundt 28.000 kroner. Forslaget om tilsvarande kutt for Nord-Norge og Vestlandet blei stoppe.

Distriktstilskotet til eple, pærer, plommer, kirsebær, morellar, pressfrukt, bær, tomatar, slangeagurk og salat aukar med 5 øre per kilo. Samla er auken på 1,9 millionar kroner.

Frakttilskotet for slakt aukar med 3 millionar kroner. Frakttilskotet for kraftfôr og egg står uendra.

Høgare satsar, redusert løyvingsbehov

Driftstilskotet for både ku- og geitemjølk aukar med 1000 kroner for alle føretak, noko som utgjer 9,1 millionar kroner.

Driftstilskotet for ammekyr aukar med 25 kroner per dyr for føretak med mellom 6 og 39 kyr. For føretak med 40 eller fleire ammekyr aukar driftstilskotet med 1000 kroner, noko som samla gir ein auke på 1,5 millionar kroner i driftstilskot til ammekyr.

Behovet for løyvingar til driftstilskot for mjølk og ammekyr går derimot ned med 51,3 millionar kroner sidan ein ventar ein reduksjon i talet på føretak. Justert for auken i satsane blir løyvinga til driftstilskot redusert med 40,7 millionar kroner.

Kutt til gris og hest, meir til sau

Dei fleste satsane i tilskota til husdyr står uendra.

Størst kutt er det i tilskota til gris. Satsane blir redusert med 220 kroner per avlsgris og 5 kroner per slaktegris, noko som er eit samla kutt på 13,1 millionar kroner.

Tilskotet til unghest under tre år blir fjerna. Det er i dag på 1000 kroner per dyr, noko som utgjer eit kutt på 4 millionar kroner.

Tilskotssatsen til bevaringsverdige storferasar aukar med 200 kroner per dyr, 0,5 millionar kroner totalt.

Tilskotssatsen per sau over 1 år aukar med 30 kroner per dyr opp til dyr nummer 100. Det utgjer til saman 20,2 millionar kroner i auke.

Samla går tilskota til husdyr opp med 8,4 millionar kroner, justert for auka løyvingsbehov.

Omstridd omlegging av lammetilskotet

Ei av dei mest omtalte endringane, omlegginga av kvalitetstilskotet for lam, framstår ikkje som eit kutt i jordbruksavtalen. Det sidan løyvinga per år på statsbudsjettet er venta å bli den same.

Det har derimot skapt sterke reaksjonar på at satsane for lam blir halvert i både 2015 og 2016 for å unngå at framskundinga av utbetalinga av tilskotet skal føre til dobbel utbetaling på statsbudsjettet same året.

Kritikarar har hevda at bondetoppane lurer seg sjølv med omlegginga.

Avløysarauke, kutt til pelsdyrfôr

Tilskotet til potetstivelse blir nedjustert med 2,4 millionar kroner og fjerning av erstatningsordningane for vinterskadd eng og bifolk utgjer eit kutt på 6,1 millionar kroner.

Tilskotet til veterinære reiser aukar med 6,1 millionar kroner medan det er tilsvarande reduksjon i tilskota for semin.

Tilskota for avløysing til ferie og fritid aukar med 1 prosent i snitt, ein auke på 6,2 millionar kroner. Justert for redusert løyvingsbehov sidan fleire føretak vil bli lagt ned blir løyvinga til avløysing samla sett redusert med 11,2 millionar kroner.

Tilskotssatsen for avløysing ved sjukdom blir ikkje endra, men samla løyving blir likevel justert opp med 2,1 millionar kroner ut frå prognosar.

Tilskotssatsen til tidlegpensjonsordninga står uendra, men løyvingsbehovet blir nedjustert med 6,2 millionar kroner ut frå prognosar.

Tilskota til fraktutjamning til pelsdyrfôr blir fjerna heilt, noko som utgjer eit kutt på 17,8 millionar kroner. Kuttet utgjer i snitt 60.000 kroner per pelsdyrbonde, medan enkelte kan få ei ekstrarekning på opp mot 350.000 kroner.

Pengar til omstridd utsiktsrydding

Innvilgingsramma til Landbrukets utviklingsfond blir redusert med 4 millionar kroner. I tillegg kjem fjerning av rentestøtteordninga, noko som er eit kutt på 2,3 millionar kroner.

Blant postane er kutt i SMIL-midlane (spesielle miljøtiltak i jordbruket) på 20 millionar kroner. 80 millionar kroner av potten som er igjen er øyremerka for tilskot til drenering.

Det er oppretta ein ny post for tilskot til utsiktsrydding, noko det blir sett av 20 millionar kroner. Denne nye tilskotsordninga der pengane skal gå til rydding av utsikta for turistar, vekte skarpe reaksjonar då staten fremja forslaget i tilbodet til årets jordbruksoppgjer.

Dei bedriftsretta midla til investering og utvikling blir auka med 20 millionar kroner. Desse pengane kan blant anna nyttast til investeringsstøtte for bønder som vil byggje nytt lausdriftsfjøs for å oppfylle lausdriftskravet, som er venta kan koste over 13 milliardar kroner.

Av andre endringar er kutt på 15 millionar kroner til prosjektet Friskare geiter, 7 millionar mindre til utgreiings- og tilretteleggingsmidler, 4 millionar mindre til omdømemidlar, 4 millionar mindre til rekruttering og kompetanse i landbruket og 1 million mindre til spesialrådgjeving innan energi i veksthusnæringa.

Bioenergiprogrammet får ein auke på 7 millionar kroner, for blant anna å omfatte også ordninga med spesialrådgjeving innan energi i veksthusnæringa.

Neste artikkel

To nye skal forhandle med staten på vegne av Småbrukarlaget