Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Handlingsplan for bioøkonomi lansert

Noreg ligg i toppsjiktet i Europa innan produktivitet og verdiskaping når det gjeld bioøkonomi. No har Innovasjon Noreg, Forskingsrådet og SIVA lansert ein ny handlingsplan for å sikre betre koordinering og satsing på området.

Innovasjon Noreg, Forskingsrådet og SIVA har laga ein ny handlingsplan for å sikre betre koordinering og satsing på bioøkonomi. Illustrasjonsfoto: Hallvard Østrem / NPK
Innovasjon Noreg, Forskingsrådet og SIVA har laga ein ny handlingsplan for å sikre betre koordinering og satsing på bioøkonomi. Illustrasjonsfoto: Hallvard Østrem / NPK

– Handlingsplanen vil medverke til ein meir effektiv og koordinert bruk av relevante verkemiddel for utvikling av bioøkonomien, og til å gjere verkemiddelapparatet enklare og meir treffsikkert for brukarane i næringslivet. Det at Innovasjon Noreg, Forskingsrådet og SIVA no går saman om ein felles handlingsplan, er ei viktig oppfølging av regjeringa sin bioøkonomistrategi, seier næringsminister Iselin Nybø i ei pressemelding.

Handlingsplanen for bioøkonomi gir ei oversikt over tilbod og tiltak for å utvikle det biobaserte næringslivet.

Annonse

Bioøkonomi omfattar verdiskaping og arbeidsplassar som er knytt til ressursar frå hav, skog og landbruk. Norsk biobasert næringsliv har ein verdiskaping på rundt 130 milliardar og sysselset rundt 130.000 personar.

– Landbruket må, i samarbeid med fiskeri- og havbruksnæringa, bli endå betre på å utnytte våre mange biologiske ressursar og medverke til reduserte klimautslepp og auka karbonopptak. Vi må utvikle det biobaserte næringslivet i Noreg. Det er viktig for både arbeidsplassar og verdiskaping, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad i pressemeldinga.

Neste artikkel

Kvotekutt fører til auka mjølkevolum og store tap for Kristian og Kristine