Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Halvar Ellingsen er den nye Bondelagskokken

Vesterålingen Halvar Ellingsen gjekk sigrande ut av konkurransen om å bli den nye Bondelagskokken. – Hadde eg ikkje blitt kokk, hadde eg blitt bonde!

Halvar Ellingsen, er den nye Bondelagskokken. Foto: Ann C. Wangberg, Norges Bondelag

Halvar Ellingsen flytta tilbake til Nord-Norge for tre år sidan og driv eit cateringfirma få Sigerfjord i Nordland.

Ellingsen har bakgrunn frå mellom anna Palace Grill, Arakataka, Ylajali og Grefsenkollen restaurant i Oslo. Han var medlem av det Norske Kokkelandslaget frå 2009 til 2015, og i 2016 kom han på 2.-plass i Top Chef på Tv2.

Då han fekk beskjed om at han var ein av dei tre i finalen sa han følgjande:

Annonse

– Dette er kjempe stas. Hadde eg ikkje blitt kokk hadde eg blitt bonde. Eg har ambisjon om å få opna Kvitnes Gård som ligg i Hadsel kommune for å drive restaurant og overnatting. Garden vart bygd av min tipp-tipp-oldefar, og både bestefaren og faren min dreiv med sau. Nærleiken til å produsere mat og eit tett samarbeid med bønder er viktig for meg som kokk. Maten kjem til å vere djupt forankra i råvarene og historia til regionen vår, sa Ellingen.

Thomas Valø på Buøy Gård på Buøya nord på Trøndelagskysten og Fredric Klev, kjøkkensjef og medeier i Sellanraa Bok & Bar i Trondheim var dei andre to finalistane.

Personen som går sigrande ut av kåringa vinn eit stipend på 100.000 kroner. Bruken at det skal knytast til noko Bondelagskokken brenn for.

Dei tidlegare vinnarane har brukt stipendpengane på ulikt vis, alt frå å gi ut kokebøker til prosjekt for å løfte småskala matproduksjon.

Fakta

Tidlegare Bondelagskokkar

2017-2018: Nils Henning Nesje, Mat med hjarte, Kokkegruppen Chefs Dinners Norge, Møre og Romsdal.

2015-2016: Karla Linhave Siverts, Smalhans, Oslo.

2013-2014: Bodil Fjellestad Eikrem, Gloppen Hotell, Sogn og Fjordane.

2011-2012: Kurt Sverre Øraas, Restaurant Curtisen, Halden, Østfold.

2010: Jørn Lie, Gamle Raadhus og Vaaghals, Oslo.

2009: Inge Johnsen. Liantunet, Trondheim, Sør-Trøndelag

2007-2008: Mikael Forselius, Røros Hotell, Sør-Trøndelag.

2006: Hanne Frosta, Hanne på Høyden, Bergen, Hordaland.

2005: Charlotte Omsted Mohn. Opaker Gård, Kirkenær, Hedmark,

2004: Harald Berger. Oro, Oslo.

2003: Ingvild Skorpen Bøge, Spisekroken, Bergen, Hordaland.

Kjelde: Horecanytt

Neste artikkel

Hjorten spiser opp fôret til husdyra