Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Gode utsikter for årets kornproduksjon

Kornavlingane i år ser lovande ut etter ekstremtørken i fjor. Tørken har ført til både god jordstruktur og betre dreneringsevne i kornåkrane.

Illustrasjonsfoto: Mariann Tvete

Det er Noregs Landbruksrådgivning som fortel at det er store avlingar av haustbygg. Det er eit godt teikn for resten av kornproduksjonen, opplyser Landbruks- og matdepartementet.

– Klimaendringane gir landbruket nye utfordringar. Utvikling av nye kornsortar som er tilpassa norske produksjonsforhold og nye dyrkingsmetodar er viktig for kornproduksjonen, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF).

Annonse

Sommaren i fjor vart ein av dei tørraste dei siste 100 åra. Då vart berre 37 prosent av matkornet det er behov for, produsert i Noreg. I år fortel bønder over heile landet om gode avlingar, og prognosane viser at Noreg ligg an til å produsere 80 prosent av matkornet sjølv.

– Det er kjempeviktig at vi er så sjølvforsynt som mogleg, og forskjellane mellom kornavlingane i fjor og i år viser kor vêravhengige vi er, sa Bollestad til NTB tidlegare i sommar.

Ifølgje Landbruks- og matdepartementet har Noreg dei siste 30 åra gått frå å importere 100 prosent av matkornet til å produsere stadig meir sjølv. Auken kjem mellom anna av eit tett samarbeid mellom næringa og ulike institusjonar som NMBU, Nofima, Graminor, Norsk Landbruksrådgiving og NIBIO.

(©NPK)

Neste artikkel

Mattilsynet har påvist sykdom som kan gi hjernebetennelse hos geit