Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
På 1990-talet gjorde Nordisk genressurssenter ei kartlegging og innsamling av rabarbra i Norden. Det er frå dette prosjektet at hagebruksmuseet har fått mange av rabarbrasortane sine.Foto: Vigdis Dikkanen
På 1990-talet gjorde Nordisk genressurssenter ei kartlegging og innsamling av rabarbra i Norden. Det er frå dette prosjektet at hagebruksmuseet har fått mange av rabarbrasortane sine.Foto: Vigdis Dikkanen

Giganten i kjøkenhagen med kinesiske anar

Ved Norsk Hagebruksmuseum finst ein genbank for den gamle kulturplanten rabarbra. Dei sure stilkane er også eit tidleg vårteikn i mange hagar.

Rabarbra (Rheum rhabarbarum) er ein av dei eldste nytteplantane vi har her i landet. Planten er blitt kultivert i Kina i tusenvis av år. Opphavleg var den brukt som medisinplante, men sidan også nytta som mat.

Fleire hundre i Norden

På Norsk hagebruksmuseum på Dømmesmoen ved Grimstad har dei ei stor samling på over 80 rabarbrasortar, av dei om lag 300 som finst i Norden. Samlinga er eit samarbeid mellom Norsk genressurssenter og Grimstad bys museer.

– Dei første 11 rabarbraplantane sette vi i jorda i 2004. Sidan har det auka år for år. Med to av kvar sort blir rabarbrafeltet ganske ruvande, seier Vivian Stølen, stadansvarleg ved Norsk hagebruksmuseum, til Nynorsk pressekontor.

Fakta

Frå medisin til mat

Planten kom frå Asia til Europa via Russland i mellomalderen. Det var først på 1800-talet at nokon fann på å ete rabarbra. Det skjedde i England og spreidde seg derifrå. Dei sure stilkane blei særleg etterspurde då sukkerproduksjonen tok seg opp i Karibia.

Den første sikre kjelda om rabarbradyrking i Norge er frå 1771. Planten vart då berre nytta til medisinsk bruk. Som «matrabarbra» vart den først innført etter at engelske sortar vart kjende på siste halvdel av 1800-talet. Sidan vart ulike typar rabarbra spreidde over heile landet og i alle sosial lag av folket. At rabarbra var ein av dei første vekstane ein kunne hauste om våren var truleg ei viktig årsak til at rabarbra vart populær i privathagane. Det var ei av dei første kjeldene til C-vitamin om våren.

Norsk plantearv

På 1990-talet gjorde Nordisk genressurssenter ei kartlegging og innsamling av landsortar av mellom anna rabarbra i Norden. Det er frå dette prosjektet at hagebruksmuseet har fått mange av rabarbrasortane sine. Rabarbra kan ikkje takast vare på i ein frøbank, den må dyrkast. Og då helst på ulike stader slik at det finst sikkerheitskopiar.

– Det er viktig å ta vare på plantesortar som har betydd noko for Noreg. Rabarbra er ein typisk plante som folk har flytta med seg, eller delt med andre. Den har funnest på mange gardar og i privathagar opp gjennom tidene og vi har rabarbra hos oss frå heile landet, fortel Stølen. Mange av dei er ikkje lenger i handelen.

– Gjennom genbanken kan vi sikre genetisk mangfald og at gamle sortar overlever. Dei kan ha eigenskapar som vi kan få bruk for seinare. Og det er stor variasjon. Nokre sortar er små med raude og tynne stilkar, andre er store med kraftige og grøne stilkar. Syreinnhaldet varierer også, seier Stølen.

Genbanken for rabarbra i Grimstad har rabarbraplantar frå heile landet. No er det over 80 sortar.Foto: Vigdis Dikkanen
Genbanken for rabarbra i Grimstad har rabarbraplantar frå heile landet. No er det over 80 sortar.Foto: Vigdis Dikkanen
Annonse

Undsets rabarbra

I rabarbrafeltet hos Norsk hagebruksmuseum kan folk komme og sjå. I museumskafeen får ein kjøpt rabarbrasyltetøy og rabarbrasaft og museet har også ein eigen rabarbradag kvar vår.

Blant klenodia i samlinga er eksemplar frå hagen til forfattar Sigrid Undset (1882–1949) på Bjerkebæk på Lillehammer og frå hagen til embetsmann og naturgranskar Christoffer Hammer (1720–1804) på Melbostad på Hadeland. Han var blant dei første i Noreg som dyrka rabarbra.

Den mest vanlege rabarbrasorten er Victoria. Det er ein gammal og mykje brukt sort i heile Noreg.

Fakta

Enkel å lykkast med

Rabarbra er ein svært hardfør staudeplante å dyrke og trivst i dei fleste jordtypar. Teknisk sett er det ein grønsak sjølv om han vert nytta mest som frukt. Dette er fordi dei kjøtfulle og saftige stilkane er ideelle til kompottar, safting og sylting. Det finst i dag mengder av oppskrifter der du kan bruke rabarbra.

Rabarbra trivst best med kjølige og fuktige somrar, og der vinteren gir litt tele i jorda. Når du først har fått han til å vekse, kjem han att år etter år som eit sikkert vårteikn. Kjøper du nye rabarbraplanter skal du ikkje hauste frå dei i første sesong. Dei treng minst eitt år for å samle næring i rota. Men så, om du har plassert rabarbraen ein stad han trivst, kan du ha glede av han i svært mange år.

Vern gjennom bruk

– Eg trur kanskje vi har den største samlinga av rabarbra i Noreg. Dess større ei samling er, dess meir fokus får ho. Folk blir meir oppmerksame på kva som finst og ikkje minst all maten du kan lage med rabarbra. Det er berre fantasien som set grenser, seier Vivian Stølen entusiastisk.

– Det er viktig å ta vare på plantar som har betydd noko for Noreg, seier Vivian Stølen ved Norsk hagebruksmuseum.Foto: Vigdis Dikkanen
– Det er viktig å ta vare på plantar som har betydd noko for Noreg, seier Vivian Stølen ved Norsk hagebruksmuseum.Foto: Vigdis Dikkanen

Grimstad var stor på rabarbra også før genbanken vart etablert. Byen hadde i hundre år ein vinfabrikk – Fuhr – der dei mellom anna laga vin frå sjølvdyrka rabarbra. To av Fuhr-rabarbraene – Konserves og Victoria – har fått plass i genbanken.

– Victoria er ein sort som eignar seg godt til vin, og som framleis er å få tak i. Vi er opptekne av at folk skal bruke rabarbraen sin og bli kjende med alt det gode ein kan lage, alt frå dessertar og kaker, til middagsretter og drikke med meir. Ja, til og med plantefarging, seier Vivian Stølen ved Norsk hagebruksmuseum.

Fakta

Populære rabarbratypar

* Victoria

* Early sunrise

* Rosenhagen

* Elmsblitz

* Elmsfeuer

* Spangsberg

* Marshalls Early Red

Neste artikkel

– Vi håper alltid at det skal gå bra