Tomatprodusent Bjørn Viken brukar humler og insekt som skal pollinere i drivhuset og drepe skadedyr på grønsakplantene hans. Desse blir kalla nyttedyr, skriv NRK Trøndelag.
I staden for å bruke sprøytemiddel i matproduksjonen, gjer insekta jobben. Nokre et skadedyra, medan andre legg egg i skadedyra sine egg.
– Det er ein biologisk krigføring som går føre seg i drivhuset, forklarar Viken.
EU har som mål å redusere gift i plantevernmiddel med 50 prosent innan 2030.
Skadedyr og sopp er grunnen til mellom 20 og 40 prosent av alt matsvinnet i verda, ifølgje FN. Sprøytemiddel er ein vanleg måte å nedkjempe skadedyra på, men det blir stadig meir fokus på biologisk plantevern.
Det er likevel ikkje heilt risikofritt.
Fleire av artane som blir importerte til drivhusa i Noreg er rovinsekt som kan ete mange andre typar insekt.
Inga Elise Bruteig er forskingsdirektør ved Norsk institutt for naturforsking (Nina), og seier det på mange måtar er ønskjeleg å bytte ut kjemisk sprøyting.
Likevel er ho klar på at ein må vise varsemd når ein tar i bruk rovinsekt og humler som nyttedyr i drivhus.
Humler og insekt som importerer til stader dei ikkje høyrer til naturleg, kan vere skadeleg for det lokale artsmangfaldet. I verste fall kan rovinsekta utrydde artar i området.
– Ei føre-var-tilnærming og grundig kjennskap til dei ulike artane er viktig, seier Bruteig.