Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fugleinfluensaen spreier seg: Nye 35.000 danske kalkunar avliva

Fugleinfluensaen spreier seg i Danmark. I løpet av ei veke er nesten 40.000 kalkunar avliva.

I løpet av ei veke er det avliva 40.000 kalkunar i Danmark, på grunn av fugleinfluensa. Foto: Vidar Sandnes
I løpet av ei veke er det avliva 40.000 kalkunar i Danmark, på grunn av fugleinfluensa. Foto: Vidar Sandnes

Det er den danske TV2Øst, som skriv at Den danske veterinær- og matforvaltninga budde seg på å avlive 35000 kalkunar onsdag.

I helga vart meir enn 4000 kalkunar på den same farmen avliva, for å bremse smitten.

Farmen ligg ved Lundby ved Skælskør, og det blir rekna som sannsynleg at kalkunane har blitt smitta av ville fuglar.

Spreidde seg mellom fleire bygg

Kalkunane på farmen er fordelt på fleire bygg.

— Vi meinte at det var god avstand mellom bygningane på farmen, og håpa at smitten ikkje skulle spreie seg. Me no er nokre av fuglane i andre bygningar også dødssjuke, sa Tim Petersen, souscef i Den danske veterinær- og matforvaltninga (Fødevarestyrelsen) før avlivinga starta.

Avlivinga vil skje ved at romma dyra er i blir gjort hermetisk tette, og så blir lufta skifta ut med karbondioksid.

Annonse

Det danske beredskapsbyrået, Beredskabsstyrelsen, skal hjelpe Fødevarestyrelsen med masseavlivinga.

Beredskabsstyrelsen skal lage ei tryggleikssone rundt kalkunfarmen for å sikre at smitte ikkje blir frakta ut med personar eller utstyr.

Ifølgje testasjonen er det åttande gong vinter at danske fjørfe blir ramma av fugleinfluensa. Førre veka vart 550 fasanar avliva i eit fasanoppdrett.

Fødevarestyrelsen lagar no informasjonsvideoar for å forklare korleis eigarar av hobbyfjørfe skal hindre spreiing av smitte.

Høg beredskap også i Noreg

Også i Noreg er beredskapen høg på grunn av fugleinfluensa.

oversikta til Mattilsynet er det berre Nordland og Troms og Finnmark som ikkje er rekna som høgrisikoområde.

Folk blir bede om å melde frå til Mattilsynet om døde fuglar lags sjø og vatn og i våtmarksområde. Det gjeld særleg andefuglar, måkefuglar, vadefuglar, rovfuglar og åtseletarar som ørn og musvåk.

Også i Noreg blir det halde eit vake auge på hobbyfjørfe, og dei som har hobbyfjørfe i risikosona må registrere dyrehaldet sitt hos Mattilsynet.

Neste artikkel

Henriks gresskar veier et halvt tonn