Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fryktar forbod mot gris og kylling står for tur etter pelsdyr

Lokalpolitikarar rasar mot det varsla forbodet mot pelsdyr og fryktar gris og kylling kan stå for tur i neste runde.

Forbod: Mange lokalpolitikarar reagerer på at regjeringa vil forby pelsdyrhald. Blant dei er ordførar i Klepp, Ane Mari Braut Nese (H) (i midten). Her frå då ho besøkte minkbonde Jan Ove Horpestad (t.h.) i fjor. Med var også fylkesleiar i Rogaland Venstre, Kjartan Alexander Lunde (t.v.), som fekk sjå pelsdyr for første gong. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

– Første steg er tatt. Kva blir det neste? Forbod mot gris og kylling? Vi har høyrt lyden, tordna ein opprørt ordførar i Klepp, Ane Mari Braut Nese (H), ifølgje Stavanger Aftenblad.

«Første steg er tatt. Kva blir det neste? Forbod mot gris og kylling? Vi har høyrt lyden»

Ane Mari Braut Nese (H), ordførar i Klepp

Regjeringas forslag om forbod mot hald av pelsdyr er ute på høyring. Kommunar over heile landet er i full gang med å sende inn høyringsuttalar.

35 av 40 politikarar imot

Mange kommunar og lokalpolitikarar er svært kritiske til å forby pelsdyrnæringa. Blant dei er kommunane Hå, Klepp, Time og Sandnes i Rogaland. 35 av 40 formannskapsmedlemer i dei fire kommunane er ifølgje Aftenbladet svært kritiske til det varsla forbodet mot pelsdyrnæringa.

«Skandale», «trussel for demokratiet», «absurd» og «direkte lureri» skal ha vore nokre av karakteristikkane då formannskapet i Hå behandla høyringsuttalen.

Lokalpolitikarane i nabokommunane skal ikkje ha vore mildare stemt.

– Dette kan drive folk frå gard og grunn. Andre næringar bør legge merke til det som skjer, sa Sofie Margrethe Selvikvåg (Sp) i Sandnes.

– Forbodsvedtaket er gjort av folk som trur at laks og pinnekjøtt veks på tre, ironiserte varaordførar i Sandnes, Pål Morten Borgli (Frp), ifølgje avisa.

Dei fem som støtta eit forbod mot pelsdyrnæringa var politikarar for partia MDG, SV, Venstre og to frå Ap. Ap-duoen i Sandnes som støtta forbodet fekk ingen støtte frå ordførar i Sandnes, Stanley Wirak (Ap).

Annonse

– Eg støttar ikkje eit forbod sjølv om nokon i Oslo meiner dette. Næringa er viktig for Sandnes og heile Jæren, og det er forunderleg at det står noko anna i stortingsmeldinga frå regjeringa så seint som i 2016/17, sa Wirak ifølgje Aftenbladet.

Fakta

Pelsdyrhald

Stortinget vedtok i januar 2017 å vidareføre pelsdyrnæringa gjennom ei såkalla berekraftig utvikling der fleire krav til dyrevelferd blei skjerpa inn.

I regjeringsplattforma frå januar 2018 går Høgre, Venstre og Frp inn for styrt avvikling med forbod mot pelsdyrhald innan 1.1.2025. Regjeringa varsla økonomisk kompensasjon for tap av retten til å drive pelsdyrhald og at ei ordning skulle utgreiast og klargjerast i løpet av 2018. Krava til forbetra dyrevelferd blir ikkje gjennomført i avviklingsperioden.

22. november la regjeringa fram forslaget til avvikling av pelsdyrnæringa der samla beløp til kompensasjon, opprydding og omstilling blir skissert til inntil 365 mill. kr.

Ein rapport frå Nilf viste i 2014 eit erstatningsbehov på 7,45 mrd. kr om næringa skulle bli avvikla. To utgreiingar frå Samfunnsøkonomisk analyse og Oslo Economics, bestilt av Pelsdyralslaget, viste rundt 2,3 mrd. kr i erstatningsbehov. Ei utgreiing frå Menon, bestilt av Dyrevernalliansen, viste samfunnsøkonomiske kostnader på 165 mill. kr på å forby næringa.

Eksportverdien av pelsskinna har i fleire år vore på opp mot ein halv milliard kroner og timeløna har i toppår vore rekna til 650 kr pr. time.

Utfordrar Bollestad

Fleire uttrykte håp om at den nye landbruks- og matministeren, Olaug Bollestad (KrF), som kjem frå same område, vil setje ein stoppar for forbodet - eller i det minste vil betre kompensasjonen til pelsdyrbøndene.

– Eg har eit håp om at Olaug Bollestad snur dette. La meg i alle fall leve i håpet, sa Klepp-ordførar Ane Mari Braut Nese (H).

Les høyringsuttalen frå Klepp her.

– Kunnskapen om dyr og landbruk er i ferd med å forsvinne. Nå forlanger vi i alle fall at den nye landbruksministeren sørger for full kompensasjon for bøndene som blir ramma, sa varaordførar i Klepp, Torbjørn Hovland (KrF), som sikta til at partikollegaen Olaug Bollestad denne veka tok over som landbruks- og matminister.

Fakta

Kompensasjon til pelsdyrbøndene

Regjeringa skisserer i forslaget eit samla beløp til kompensasjon, opprydding og omstilling på inntil 365 mill. kr.

Det blir ikkje lagt opp til å dekke tapt inntekt eller reelt verditap på bruka.

Forslaget legg opp til kompensasjon for den såkalla «ikke-realiserbare kapitalbeholdningen», eller med andre ord avskrivingsgrunnlaget i gardsrekneskapen som er knytt til pelsdyrhus og utstyr som ikkje kan nyttast til anna enn pelsdyrdrift. Om alle sluttar i 2019 vil det gi om lag 265 mill. kr i kompensasjon. Beløpet blir mindre dess fleire som ventar med å avvikle.

I tillegg kjem ein standardisert kompensasjon for kostnader knytt til avvikling av drifta og opprydding, som er føreslått til 50 mill. kr, og 50 mill. kr i omstillingspakke øyremerka til annan landbruksdrift på garden.

Neste artikkel

Kompensasjon til pelsdyrprodusenter – det er ingen skam å snu