Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Frp rasar mot «tull» om pelsdyr frå eiga regjering

Kompensasjonen til pelsdyrbønder som må legge ned, er for dårleg, meiner Framstegspartiet. Tysdag er det høyringsfrist for forslaget til forskrift.

Pelsdyrnæringa skal avviklast, har regjeringspartia bestemt. Foto: Alf Ove Hansen / NTB scanpix / NPK
Pelsdyrnæringa skal avviklast, har regjeringspartia bestemt. Foto: Alf Ove Hansen / NTB scanpix / NPK

– No er eg lei av dette tullet her. No må vi få på plass dette, koste kva det koste vil. Så kan vi i alle fall seie med rak rygg at vi ikkje har køyrt nokon på ræva, seier saksordførar Morten Ørsal Johansen (Frp) til NTB.

Frykt for at pelsdyrbønder skal hamne i eit økonomisk uføre med gjeld dei ikkje klarer å betene når dei no blir tvinga til å avvikle verksemda, er ei viktig årsak til utblåsinga.

– Eg føler intensjonen til Stortinget ikkje har vorte tatt vare på når det gjeld å få til ein bra kompensasjon. Pelsdyrbøndene taper enorme verdiar. Nokon blir sitjande igjen med gjeld etter at dei har fått kompensert. Det har ikkje vore Stortingets intensjon i det heile, seier han.

Lang prosess

Ørsal Johansen får støtte frå partifellen Roy Steffensen, som er stortingsrepresentant frå pelsdyrfylket Rogaland.

Venstre fekk gjennomslag for å avvikle pelsdyrnæringa i regjeringsplattforma som vart forhandla fram på Jeløya i fjor vinter. Verken Høgre, Frp eller KrF ønsker eigentleg avvikling.

Kritikarane understrekar likevel at det no ikkje er snakk om nokon omkamp om sjølve avviklinga. Men nettopp kompensasjonen til pelsdyrbøndene vart gjenstand for vanskelege og langvarige forhandlingar i Stortinget før sommaren.

Rett før ferien kunne dei fire regjeringspartia legge fram ei semje, men misnøya er no stor rundt korleis landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) har løyst oppdraget om å lage ei forskrift.

«Skammeleg dårleg»

Leiar i næringskomiteen, Geir Pollestad (Sp), kallar Bollestads forslag til erstatningsordning «skammeleg dårleg».

Annonse

– Det som er mest opprørande i saka, er at dei familiane som har drive med pelsdyr, vil bli frårøva millionverdiar av staten. Oppsparte middel forsvinn, og mange vil sitje igjen med milliongjeld, seier han.

Kompensasjon for ikkje-realiserbar drifts- og anleggskapital, eit eige tispetillegg på 420 kroner per avlstispe av mink og 840 kroner per avlstispe av rev, og kompensasjon for større utlegg etter 10. januar 2017 er element i ordninga.

Det blir òg lagt opp til kompensasjon for lågare årleg alderspensjon og for kostnader til riving og opprydding.

– Forslaget til kompensasjonsordning er ikkje laga for å gi «full erstatning» i tråd med prinsippa i Grunnlovens paragraf 105. Forslaget vil heller ikkje gi kompensasjon for framtidig inntektstap, heiter det.

Kva som skal forståast med at nokre pelsdyrbønder opplever «urimelege utslag» er eit anna stridspunkt.

Tilbake til Stortinget?

Ørsal Johansen er klar på at saka igjen kan hamne på Stortinget viss ikkje regjeringa endrar forskrifta. Senterpartiet har allereie varsla at partiet vil sørge for at saka blir løfta inn i Stortinget igjen til hausten.

Samtidig har ein pelsdyrbonde frå Klepp i Rogaland gått til sak mot Landbruksdepartementet, med krav om «full kompensasjon» for avvikling av drifta.

Pelsdyrbonden har investert mykje pengar i utstyr og moderne anlegg for å kunne drive farmen fram til han går av med pensjon. I 2025 vil han likevel vere 61 år, og dermed går han glipp av erstatning for tapt inntekt som blir gitt til alle pelsdyrbønder over 63 år når næringa legg ned, ifølgje Nationen.

Dei om lag 200 pelsdyrbruka som er igjen i Noreg, skal avviklast innan 2025.

Neste artikkel

Tror mink har smittet personer med korona i Nederland