Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Friluftslivet lanserer kuvettreglar

Paraplyorganisasjonen Norsk Friluftsliv har gått saman med Bondelaget, Bonde- og Småbrukarlaget, Tyr, Tine og Geno om kuvettreglar for folk på tur.

Hald avstand til kyr på beite, er kuvettregel nummer éin. Foto: Inger Robøle Kristiansen / NPK

Bakgrunnen er fleire episodar dei siste åra der turgåarar har vorte skremde eller angripne av kyr med kalvar. I fjor gjekk det riktig gale då ei kvinne i syttiåra vart drepen av ei ku i Snertingdal i Oppland.

Husdyrnæringa og friluftsfolket håper at dei nye kuvettreglane skal gjere det lettare for folk og fe å omgåast i naturen.

– Det er nok av plass til både folk og dyr i utmarka, og beitande husdyr i eit område er absolutt ingen grunn til å unngå å gå tur der. Men som turgåar er det lurt å setje seg inn i korleis ein bør opptre i møte med beitande kyr. Då får både du og dyra ei hyggelegare oppleving, seier generalsekretær Lasse Heimdal i Norsk Friluftsliv.

Generalsekretær Sigrid Hjørnegård i Bondelaget forklarer at konfliktane mellom dyr og menneske oftast oppstår når kyrne oppfattar at kalvane deira er trua.

– Som andre mødrer er kyrne også opptatt av å verje kalven sin viss dei opplever noko som truande. Ein turgåar med dei beste intensjonar, men som kanskje ikkje er vand til å omgåast store dyr, kan i nokre tilfelle oppfattast som ein trussel, seier Hjørnegård.

Annonse

Kuvettreglane

1. Hald avstand til dyra og gå utanom flokken.

2. Ikkje gå mellom dyra. Kyr kan bli pågåande og skape uønskte situasjonar.

3. Ikkje gå bort til kalven. Kua kan gå til angrep for å verje han.

4. Hundar bør ikkje takast med til beitande dyr. (Hugs bandtvangen 1. april til 20. august.)

5. Kyr er nysgjerrige. Blir kuflokken pågåande, legg ned det du har i hendene og trekk deg unna. (Du kan hente utstyret etter at kyrne har gått.)

6. Viss du opnar ei grind, lukk ho igjen òg! (Opne grinder gjer at dyra kjem inn på område der dei ikkje skal vere, og som kan vere farleg for dei og andre.)

Neste artikkel

Arrangørene av Femundløpet frykter vindkraftplaner