Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Frankrike skal forby slakt av hannkyllingar

Frankrike innfører frå slutten av neste år forbod mot systematiske slakt av hannkyllingar i dyreindustrien, opplyser regjeringa i Paris.

Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Målet er at bedriftene skal overhalde dette frå slutten av 2021, seier landbruksminister Didier Guillaume til fjernsynsstasjonen BFM tysdag.

Han håper at ein kan innføre ein metode som verkar i storskala og som kan fastslå kjønnet til embryoet allereie i egget, og ikkje som no der ein ventar til etter at egget er klekt.

Annonse

Systematisk slakt av hannkyllingar er utbreitt i eggindustrien, sidan hannkyllingar blir sett på som ulønnsame. Praksisen med å avlive dei er kontroversiell. Dei blir som regel avliva, anten ved at dei blir kverna eller blir gassa i hel.

Guillaume kunngjorde òg tysdag at Frankrike innan same tidsrom kjem til å innføre forbod mot kastrering av smågriser utan bedøving. Dette er òg eit tiltak som dyrevernsaktivistar lenge har oppmoda til.

I nabolandet Tyskland, der 45 millionar hannkyllingar blir avliva kvart år, kan praksisen halde fram inntil det finst ein god nok metode som kan fastslå kjønnet til embryoet i egget, heitte det i ei rettsavgjerd frå ein tysk domstol i fjor.

Neste artikkel

Rema-eid selskap vurderer samarbeidet med kunde etter korrupsjonssak