Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Heime på garden i Setesdal har Margit Dale både sau, grønnsaker og eit galleri. Foto: Anders Martinsen / Vigmostad & Bjørke
Heime på garden i Setesdal har Margit Dale både sau, grønnsaker og eit galleri. Foto: Anders Martinsen / Vigmostad & Bjørke

Frå fjellmat til kystmat med ein matglad sauebonde

Turen frå Kristiansand til Hovden kan vere den kulinariske reisa du er jakt etter i sommar. I alle fall om vil starte med blåskjel og fisk, og ende opp med heimelaga tradisjonsmat i fjellheimen.

Margit Dale har saman med kokken Trond Moi og komikar Rune Andersen vore programleiar for fleire sesongar av matprogramma Fjellmat og Kystmat, som igjen har resultert i fleire kokebøker.

Dale har mange jern i elden, som gard i Setesdal med sauer, galleri og grønsaker. I tillegg har ho laga fleire kokebøker, matprogram og no blogg. Men ein ting har det til felles, alt spring ut frå mattradisjonane ho fekk med seg frå barndommen.

Glad i tradisjonsmat

– Å drive med mat på denne måten var eigentleg ikkje eit bevist val, seier Dale, som er utdanna sjukepleiar.

Ho vaks opp på slektsgarden, som ho sjølv no driv. Med fleire generasjonar på garden var ikkje barnehage nødvendig for å få barnepass. Det gav tid til ei solid innføring i tradisjonsmat.

– Eg vaks opp på slektsgarden, som har vore i slekta i over 500 år. Då eg var heime med besteforeldra mine gjekk det mykje i matlaging og all maten vart laga frå botn av. Eg trur ikkje bestemora mi kjøpe sitt første pålegg før 1960.

Fjellmat saman med Rune Andersen Trond Moi tok utgangspunkt i Setesdal hos Margit sjølv. Foto: Anders Martinsen / Vigmostad & Bjørke
Fjellmat saman med Rune Andersen Trond Moi tok utgangspunkt i Setesdal hos Margit sjølv. Foto: Anders Martinsen / Vigmostad & Bjørke

Kokebok frå 1924

Interessa som ho fekk for mat i barndommen kom fram igjen når ho vart vaksen. Då ho flytta heim fann ho til og med ei kokebok frå bestemora, datert heilt tilbake til 1924.

– Eg byrja å tenkje på å lage ei eigen kokebok, også balla det på seg med tv-program, fortel Dale.

Og no har ho også bevega seg utanfor si eiga komfortsone og langt frå oppveksten i Setesdalen. Og etter to sesongar med Kystmat, har det no blitt ny kokebok.

– Kystmat var utanfor mi komfortsone, men utruleg lærerikt. Det var ikkje heilt den fjellauren eg er vand med frå Setesdalen.

Gode råvarer er nøkkelen

Og sjølv om Dale er matglad, kom det som ei overrasking kor godt fersk sjømat faktisk kan vera.

– Eg vart heilt overraska over kor godt det kan vere med fersk fisk. Det er verkeleg ei heilt nydeleg råvare.

Annonse

– Fekk du ei favoritt råvare eller ein favoritt rett?

– Eg vart vel eigentleg frelst av all sjømat. Men ein fisken vi fekk ved djupvassfiske i Lillesand, blåkjeft, var heilt fantastisk. Det er ein fisk med store auge, litt sydlandsk-utsjånad og som er litt vanskeleg å få tak i. Den var berre heilt fantastisk, laga så enkelt så mogleg, grilla i strandsona med sitron og salt på.

Gratinerte blåskjel

Og nokre ting er det same om du lagar mat i Setesdalen eller på kysten på Sørlandet.

– Ein kjem langt med gode råvarer. Ein treng ikkje gjere det så avansert, ofte treng ein berre friske urter, godt smør og fløyte.

Favorittoppskrifta i boka er derimot noko som ikkje typisk norsk.

– Eg har ein klar favorittrett, som eg fekk på reise i Italia, gratinerte blåskjel. Det er ein heilt fantastisk rett, og det er oppskrift i boka. Blåskjel gratinert med urter, tomat og parmesan er kanskje noko av det beste eg kan få.

For å lage feelgood-tv krevst det eit godt apparat, også bak kamera. Foto: Anders Martinsen / Vigmostad & Bjørke
For å lage feelgood-tv krevst det eit godt apparat, også bak kamera. Foto: Anders Martinsen / Vigmostad & Bjørke

Framtidsmaten

Noko av det som verkeleg imponerte Dale var møta med fiskarane, all kunnskapen om den spennande kystkulturen, historia og kunnskap om kor fantastisk, men også kor farleg havet kan vere.

– Eg vart òg imponert over kunnskapen om kor mykje godt ein kan få opp frå havet. For eksempel tang, som er ein del av framtidsmaten. Det er noko som kan vere godt dersom det er laga på rett måte og er kanskje noko vi burde bruke meir av.

«Feelgood» program

Og etter fleire program saman med Moi og Andersen, håper Dale at programma har vore ekte «feelgood» program. Men viss ho må seie noko ho håpar folk har lært av programma, er respekt for råvarene det viktigaste.

– Eg håper folk verkeleg har fått eit inntrykk av kor mykje arbeid som ligg bak det å få råvarene på bordet. Det er eit problem at mange trur dei berre kan hente maten i butikken, og ikkje tenkjer på at dyr faktisk må slaktast. Det har vore viktig for meg å formidle at når vi for eksempel slakta eit lam, så brukte vi heile dyret. Vi brukte hjerne, bukspyttkjertel og endetarmen. Det er ein viktig tradisjon for meg å formidle. Det ligg mykje arbeid bak råvarene, og då vil ein heller ikkje kaste vekk mat.

– Liten avstand, store kontrastar

Og tilbake til reisetipset i starten av artikkelen. For om du kan tenkje deg å oppleve både kyst og fjellkultur i løpet av noregsferien, har Dale ei klar anbefaling:

– Då kan eg anbefale å køyre frå Kristiansand, gjennom Setesdal til Hovden. Då får du kystkultur, før du ganske fort kjem til Bygland også køyrer du oppover i setesdalkulturen. reisa frå Kristiansand til Hovden tek 3 timar og du får alt frå kyst til dalføre og høgfjellet. Liten avstand, men med store kontrastar.

Neste artikkel

Binne flyttes fra beiteprioritert område