Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Forskarar skal spore plantebruk tilbake til vikingtida

Forskarar ved Naturhistorisk museum i Oslo er saman med ei internasjonal forskargruppe i full gang med å kartleggje bruken av planter i Norden frå vikingtida fram til i dag.

Den vitskaplege boksamlinga ved Oslo katedralskule er ei viktig kjelde når forskarane no skal kartleggje plantebruken i Norden sidan vikingtida. Eit viktig verk er De Materia Medica av den greske legen Dioscorides. Dette eksemplaret høyrer heime ved Cluny-museet i Paris.
Den vitskaplege boksamlinga ved Oslo katedralskule er ei viktig kjelde når forskarane no skal kartleggje plantebruken i Norden sidan vikingtida. Eit viktig verk er De Materia Medica av den greske legen Dioscorides. Dette eksemplaret høyrer heime ved Cluny-museet i Paris.

Med i det tverrfaglege prosjektet er også restauranten Maemo og Norges sopp- og nyttevekstforbundet og forskarar ved Max Planck-instituttet i Tyskland og universitetet i Bristol i Storbritannia.

Ei viktig kjelde i arbeidet er den rikhaldige vitskaplege boksamlinga i kjellaren ved Oslo katedralskule, som rommar trykte bøker og handskrivne manuskript frå heilt tilbake på 1300-talet.

Annonse

– Vi skal kartleggje korleis planter har vorte brukte i Norden frå vikingtida og fram til i dag. Da er det heilt sentralt å gå til dei skriftlege kjeldene. Her kan vi lære om kva planter som voks i Norden, og kva dei vart brukte til, seier botanikar og førstelektor Anneleen Kool ved Naturhistorisk museum til nettavisa Forskning.no.

Prosjektet skal mellom anna gi svar på kor dei mange av dei vel 150 planteartane som i dag finst i vikinghagen i Botanisk hage, kom frå, og når og korleis dei kom til Norden. Forskarane håper å kunne lage slektstre som viser utbreiinga og utviklinga av bruken av dei ulike planteartane i Norden oppgjennom.

(©NPK)

Neste artikkel

Matforsker tror koronautbruddet vil endre folks syn på mat og matsikkerhet