Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Forskar: – Det er ein eigen kultur i Rogaland

– Det er noko spesielt med Jæren. Ein har ei anna forståing av kva det vil seie å vere ein god bonde, seier forskar Oddveig Storstad.

Oddveig Storstad seier bønder på Jæren svarar annleis på spørsmål om dyrevelferd og Mattilsyn enn andre. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Mattilsynet har fått hard kritikk den siste tida. No har regjeringspartia instruert landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) til å sette i verk ei uavhengig gransking av tilsynsverksemda i Mattilsynet.

I mai fekk pelsdyroppdrettaren Per Olaf Lauvås mykje merksemd då han stod fram med si historie om at Mattilsynet, basert på ein feilaktig rapport frå eit tilsyn, gjekk inn for å avvikle drifta på minkgarden hans på Hommersåk i Rogaland.

Forskar Oddveig Storstad ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) er i gang med eit forskingsprosjekt som dokumenterer at husdyrprodusentar på Jæren i Rogaland har eit dårlegare forhold til Mattilsynet enn produsentar andre stader i landet.

Meir mistillit

– Det er ein større grad av mistillit på Jæren enn andre stader. Det ser ut il å vere ein situasjon som har festa seg over tid, seier Storstad.

Storstad er med i forskingsprosjektet Aniwel, der forskarane skal undersøke korleis ein best mogleg kan sikre at lova sin målsetjing om god dyrevelferd blir følgt opp.

Som del av prosjektet undersøker forskarane samspelet mellom husdyrprodusentar og tilsynsmyndigheitene.

Det er noko spesielt med Jæren. Ein har ei anna forståing av kva det vil seie å vere ein god bonde.

Oddveig Storstad, forskar ved Nibio
Mattilsynet sin tilsynskampanje for slaktegris i Rogaland fekk mykje merksemd. Foto: Benjamin Hernes Vogl

Forskarane har fått 1546 husdyrprodusentar frå heile landet til å svare på ei spørjeundersøking. Tidlegare denne veka heldt Storstad eit føredrag der ho presenterte ei samanlikning av haldningar blant svineprodusentar i dei åtte kommunane på Jæren i Rogaland med haldningane til svineprodusentar i resten av landet.

– Det er noko spesielt med Jæren. Ein legg i større grad vekt på økonomiske omsyn i drifta, seier Storstad.

Undersøkinga viser også at bønder som har hatt Mattilsynet på besøk, har ei meir positiv haldning til Mattilsynet enn andre.

Entreprenørånd

Ho understrekar at også huddyrproduksjonen på Jæren skil seg frå resten av landet. Det er fleire store produsentar der, dei har oftare fleire produksjonar og landbruket er prega av ei sterk entreprenørånd.

– Haldningane blant svineprodusentar på Jæren er annleis enn andre stader. Dei oppgir i større grad enn andre at Mattilsynet opptrer respektlaust når dei kjem på besøk. Dei er oftare enn andre ueinige i konklusjonane frå Mattilsynet sine inspektørar, seier Storstad.

Ho understrekar at det kan variere kva bøndene legg i det å vere "respektlaus", og at det dei har målt er produsentane si eiga oppleving.

Svineprodusentane på Jæren har også mindre tillit til Mattilsynet enn andre svineprodusentar.

– Dei har lågare tillit til Mattlisynet, både på nasjonalt plan og på lokalt plan enn andre, seier Storstad.

Tenkjer på pengar

Annonse

Haldningane til dyrevelferd og økonomi skil seg også ut.

Ein av påstandane i spørjeskjemaet er: "Det er umogleg å få god økonomi i produksjonen om ikkje ein også har god dyrevelferd."

På landsbasis svarte 67 prosent av husdyrprodusentane at dei var einige i påstanden. På Jæren var 46 prosent einige.

Forskarane spurde også om det er for mykje merksemd om dyrevelferd blant forbrukarane.

På landsbasis svarte 8 prosent av husdyrprodusentane at dei var einige i påstanden. På Jæren var 20 presente einige.

Prioriterer annleis

På Jæren svarte 18,3 prosent av respondentane "ofte", "ganske ofte" eller "svært ofte" på spørsmålet om dei valde å nedprioriterte omsynet til dyra for å få tid til andre gjeremål.

I resten av landet svarte 5,8 prosent det same.

28,9 prosent av svineprodusentane utanfor Jæren svarte at dei aldri hadde følt at press på å redusere kostnader gjorde at dei måtte drive på ein måte som går på kostnad av dyrevelferda. På Jæren svarte 15,3 prosent det same.

– Når det handlar om pengar, ser det ut til at ei større gruppe blant svineprodusentane på Jæren enn elles i landet har fokus på økonomien i drifta. Tanken om at økonomiske omsyn kan kome i konflikt med dyrevelferda ser ut til å vere meir utbreidd på Jæren enn andre stader.

Stør regelverket

Ho poengterer at undersøkinga viser at husdyrprodusentane på Jæren jamt over seier at dei stør opp om dagens regelverk og at dei ikkje er ueinige i at vi må ha eit Mattilsyn.

Men samspelet med tilsynsmyndigheitene fungerer dårlegare enn andre stader.

– Dei synest i mindre grad enn bønder andre stader at dei får god rettleiing frå Mattilsynet. På Jæren svarar 45 prosent at dei får god rettleiing frå Mattilsynet. Elles i landet svarar 60 prosent at dei er fornøgde, fortel Storstad.

Dårleg kommunikasjon

Ho seier at også kommunikasjonen ser ut til å fungere langt dårlegare enn andre stader.

– Eg har også gjort feltarbeid. I Rogaland opplevde vi mellom anna at folk klaga på at Mattilsynet parkerte bilane sine synleg på gardsplassen. Dei ville ikkje at naboane skulle sjå at dei hadde Mattilsynet på besøk. Det kan hende at fenomenet finst andre stader også, men det føyer seg inn i det som liknar på ei "dei mot oss"-haldning.

Bjørn Ståle Bekkeheien, som er leiar i Norsvin Sør-Vest, seier til Nationen at han trur resultata som blir lagt fram av Nibio-forskarane først og fremst viser at det oppstod eit konfliktfylt forhold mellom Mattilsynet og svinebønder på Jæren etter ein tilsynskampanje for slaktegris som vart gjennomført i 2017. Han er ueinig i at svinebønder på Jæren prioriterer dyrevelferd lågare enn andre.

– De har dratt ut tal frå ei nasjonal undersøking. Kor trygg er du på at tala frå Jæren er representative?

– Resultata er frå eit landsrepresentativt utval, og vi har ikkje nokon indikasjon på at det er noko særskild ved utvalet. I tillegg er det eit tydeleg mønster på ei lang rad spørsmål som alle peikar i same retning. Vi ser og at sjølv om vi berre har analysert svinebøndene, er det mykje som tyder på at resultata i all hovudsak også gjeld andre husdyrproduksjonar på Jæren, seier Storstad.

Fakta

Aniwel

Hovudmålet med forskingsprosjektet Aniwel er å finne kunnskap om korleis ein gjennom forvaltninga på ein betre måte kan oppfylle føremålet i dyrevelferdsloven.

Forskingsprosjektet skjer i regi av Nibio.

Forskingsprosjektet er framleis ikkje avslutta, og skal bli gitt ut som bok.

Neste artikkel

CWD må bekjempes