Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Forskar: Allsidig og multifunksjonelt landbruk er svaret på klimaendringar

På konferansen Klimaklokt vestlandslandbruk var temaet korleis landbruket skal tilpasse seg både endringar i klima og meir miljøvennleg drift.

Illustrasjonsbilde av innhausting av gulrøter på Brusand i Hå kommune i Rogaland. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix / NPK

– Eg trur eit allsidig og multifunksjonelt landbruk er svaret på korleis landbruket kan tilpasse seg klimaendringane og det grøne skiftet. Bøndene må drive kunnskapsbasert, klimaklokt og energigjerrig. Dessutan må planteprodusentane kjenne besøkstida si i ei tid der fleire definerer seg som veganar og fleksitarianarar, som innimellom droppar kjøt, fisk, mjølk og egg, sa forskar Reidar Almås på konferansen Klimaklokt vestlandslandbruk.

Han har likevel tru på framtida også for bønder som driv med kjøttproduksjon.

Annonse

Almås er seniorforskar ved Institutt for rural- og regionalforsking (RURALIS) og professor emeritus ved NTNU. Han har brukt store delar av karrieren på å forske på norsk landbruk og norske bygder.

På konferansen Klimaklokt vestlandslandbruk var temaet både korleis landbruket må både tilpasse seg eit endra klima med både meir og mindre vatn, samstundes som også landbruket må bidra i klimadugnaden og redusere utslepp frå gardsdrifta.

150 personar deltok på konferansen som er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Vestland. Deltakarane var i hovudsak tilsette i kommunane.

Deltakarane trekte sjølve fram oppfølging av driveplikta, auka tilskot til drenering, god beitebruk og god kunnskap om agronomi som tiltak som kan legge til rette for klimavenleg arealbruk, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

Neste artikkel

Dødstallene er klare etter flommen i Surna