Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fleire kyr døde på ulike gardar, mistenkjer danskimportert halm

Veterinærinstituttet blei kopla inn i slutten av oktober etter at kyr mista livet ved to ulike gardsbruk i Noreg. Mistanken rettar seg mot raigras frå Danmark.

Illustrasjonsfoto: Grovfôret til norske husdyr består i hovudsak av gras og høy, men òg halm. Import av grovfôr er blitt spesielt naudsynt i år på grunn av tørka i sommar, men import er ikkje utan risiko. Foto: Erling Fløistad.

Saka blei først omtalt av den danske landbruksavisa Effektivt Landbruk. Sveinn Gudmundsson, forskar og spesialveterinær ved Veterenærinstituttet i Noreg, seier til avisa at om lag ti kyr har døydde dei siste vekene.

Til Nationen fortel Gudmundsson at situasjonen framleis er uavklart.

– Vi held framleis på med analysar, slår han fast.

Byrja med trommesjuke

Ifølgje Gudmundsson blei dei første dødsfalla registrert den 22. oktober, dagen etter at det braut ut sjukdom ved eit gardsbruk i Agder. Minst 60 kyr blei råka.

– Det byrja med trommesjuke, kyrne klarer då ikkje å kvitte seg med gassen i vomma, fortel forskaren ved Veterinærinstituttet.

Ifølgje Landbruk24 har minst 11 ammekyr mista livet på garden i Agder. Ein gard i Buskerud har registrert éin daud okse. Felles for begge bruka er importert grovfôr, laga av frøhøy av raigras

– Kjernen er at det er dødsfall som følgje av fôring med frøhøy av raigras. Fôret er importert frå Danmark, slår Gudmundsson fast til Nationen.

Annonse

Fleire av dyra er obduserte og komplikasjonar som følgje av trommesjuke er bakgrunnen. Gudmundsson ønskjer ikkje å gå spesifikt inn på funna så lenge dei ikkje veit sikkert kva årsaka til sjukdomsutbrotet er.

– Analysert for toksin

Veterinærinstituttet har tatt analysar av fôret, men veit foreløpig ikkje når resultata vil vere klare.

– Det er enn så lenge berre mistankar. Fôret er analysert for toksin, men det er usikkert kva vi finn, seier Gudmundsson.

Det er likevel klart at den importerte halmen, som kyrne blei fôra med, hadde eit tynt lag med mugg på seg.

– Det var eit tynt lag med mugg på under emballasjen på dei mistenkte rundballane, ja, stadfestar forskaren ved Veterinærinstituttet.

Ifølgje Effektivt Landbruk har danske analysar funne høge toksinnivå i dansk grovfôr. Enn så lenge er det danskimporterte fôret berre mistenkt for at ei rekkje kyr er døde i Sør-Noreg.

Neste artikkel

Bønder skor seg for nye tørkesomrar