Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fleire bønder ser økonomisk framgang

Mange fleire bønder enn før ser positiv økonomisk utvikling i gardsdrifta, viser Trendundersøkinga for 2016 frå Ruralis.

Tilfredse: 65 prosent av bøndene som svarte på undersøkinga i fjor sa at dei var middels til svært tilfredse med hushaldsøkomien. Her frå øya Ombo i Ryfylke. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Mens berre 10 prosent av bøndene som svarte på spørjeundersøkinga i 2002, meinte det økonomiske resultatet frå gardsdrifta utvikla seg i positiv retning, var denne prosentdelen auka til 40 prosent i 2016.

I 2002 var det òg 68 prosent som meinte det gjekk feil veg, mot berre 26 prosent i 2016.

Les også: Berre ein av tjue bønder har heile inntekta frå garden

Berre 27 prosent av bøndene som svarte på Ruralis-undersøkinga i fjor, oppgav at dei var over middels fornøgde med inntekta frå gardsdrifta. 65 prosent var middels til svært tilfredse med hushaldsøkomien.

Annonse

Les også: Professor: – Attåtnæringar styrkjer landbruket

Tilfredsheita med både gardsinntekt og hushaldsøkomi har auka dei siste 14 åra, viser Trendundersøkinga.

Neste artikkel

Landbruksskole fyller 100 år