Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fellingsløyvet på Hurdals-ulven er forlenga for fjerde gong

Fellingsløyvet på ulven som har drepe opp mot 100 sauer og lam i Hurdal og Gran dei siste vekene er forlange til 13. juni klokka 12.00.

I dag forlenga Fylkesmannen i Oslo og Akershus i samråd med Fylkesmannen i Oppland skadefellingsløyvet. Foto: Gorm Kallestad/NTB

Etter at det vart funne sau og lam som beviseleg var drepne av ulv, gav Fylkesmannen i Oslo og Akershus skadefellingsløyve på ein ulv onsdag 30. mai. Det skulle gjelde til 2. juni. klokka 12.00. Løyvet var seinare forlenga til 6. juni, så til 9. juni.

LES OGSÅ: – Ekstraordinære tiltak må til for å ta ut ulven

I dag forlenga Fylkesmannen i Oslo og Akershus i samråd med Fylkesmannen i Oppland skadefellingsløyvet til å gjelde til tysdag 13. juni klokka 12.00.

Dei siste påviste skadene frå ulven var natt til 7. juni i Gran kommune, opplyser Fylkesmannen i Akershus.

Senterpartiets Marit Arnstad er svært kritisk til dei korte tidsperiodane skadefellingsløyva blir gitt for.

– Det er svært vanskeleg å felle ulv i juni. Ein føresetnad er at det i beiteprioriterte område i det minste blir gitt ståande løyve, som står til ulven er teken, seier Arnstad.

Annonse

LES OGSÅ: Fellingstillatelse på ulv i Øyer

– Det går ikkje an å få skadefellingsløyve for nokre dagar, og om ikkje ulven er felt når det er nokre timar att av løyvet, så får ein det kanskje forlenga nokre dagar til.

Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Sau og Geit og Norges Bondelag har bede om eit snarleg og felles møte med klima- og miljøminister Vidar Helgesen og Jon Georg Dale i samband med situasjonen i Hurdal og Gran og i Øyer, men har førebels ikkje fått svar.

LES OGSÅ: Furuberg vil at militære skal leite etter sauekadaver

Neste artikkel

En type hundeeiere er mer positiv til ulv enn folk flest