Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Felles satsar for å førebyggje rovviltskadar på sau

Det vart i fjor betalt ut 11,6 millionar kroner i tilskot til heimebeite og tidleg nedsanking av sau for å førebyggje rovviltskade. Miljødirektoratet har no fastsett nasjonale satsar for slike tilskot for å forenkle prosessen.

Tapsstatistikken viser blant anna at mange rovviltskadar skjer mot slutten av beitesesongen. Foto: Ketil Blom Haugstulen

– Felles satsar for tidleg nedsanking og heimebeite vil gjere det meir føreseieleg for sauebønder som vurderer desse tiltaka for å redusere skader frå rovvilt. I tillegg vil satsane forenkle saksbehandlinga hos fylkesmannen, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Tidleg nedsanking av sau og bruk av heimebeite kan i nokre tilfelle vere ein effektiv måte å avgrense rovviltskadar. Tapsstatistikken viser blant anna at mange rovviltskadar skjer mot slutten av beitesesongen. Særleg gjeld dette jerv, som er det rovdyret som tar flest sauer.

Annonse

Miljødirektoratet har på bakgrunn av ein fagleg gjennomgang frå Nibio og innkomne høyringsinnspel fastsett éin felles sats for heile landet for tidleg nedsanking og ein annan sats for heimebeite. For tidleg nedsanking vil det bli betalt ut 7 kroner per dyr per dag og ved heimebeite vil det bli betalt ut 8 kroner per dyr per dag.

– Det er først og fremst kostnader til fôr som er bestemmande for satsane. I tillegg vil bortfall av beitetilskot vere avgjerande for kostnader ved heimebeite, seier Hambro.

Neste artikkel

Mer ulvebråk på trappene