Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Faglaga glade for at næringa har blitt lytta til om pelsdyrerstatning

Både Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norges Bondelag er glade for at erstatninga til pelsdyrbønder som fekk yrkesforbod er i ferd med å kome på plass.

Leiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming, og Kjersti Hoff, leier i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Foto: Vidar Sandnes
Leiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming, og Kjersti Hoff, leier i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Foto: Vidar Sandnes

Dei meiner det er tydeleg at næringa har blitt lytta meir til i utforminga av erstatningsregelverket, men at det framleis er avgjerande detaljar som manglar.

Det var fredag at regjeringa la fram forslag til sluttføring av erstatningsoppgjeret til pelsdyroppdrettarane.

Norsk Bonde- og Småbrukarlags leiar Kjersti Hoff seier at dei heile tida har beklaga vedtaket som vart gjort av Solbergregjeringa om nedlegging av pelsdyrnæringa.

– Det har vore svært vanskeleg for pelsdyrbøndene og det har vore mykje usikkerheit rundt erstatningane. Difor er det bra at regjeringa no gjer det dei kan for å sluttføre.

Meir politisk involvering

– Stortinget vedtok i fjor at næringa må involverast meir i innretninga av erstatninga. Det har dagens regjering gjort, og det er veldig bra.

Hoff meiner likevel det heng litt att før erstatninga kan kallast rettferdig.

Annonse

– Det gjeld særleg på verdisetting av bygg og skinn. Det er viktig at det også framover er god kommunikasjon med næringa. Når det blir gitt forbod mot ei næring som har vore lovleg, må samfunnet ta ansvaret, slik at ikkje kvar enkelt pelsdyrbonde sit att med kostnadene.

Leiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming seier at det er bra at produsentane no har fått avklara kva erstatningsordning som gjeld.

– Men det har vore ein forferdeleg lang og krevjande prosess, og det har gått alt for lang tid frå vedtaket om forbod til avklaring av kva erstatningsordning som skal gjelde.

Fakta

Forbodet mot pelsdyrnæringa

I regjeringsplattforma blei Høgre, Frp og Venstre den 14. januar 2018 einige om avvikling av pelsdyrnæringa. Punktet blei vidareført då KrF kom inn i regjeringa eitt år seinare.

Under avstemminga i Stortinget i 2019 stemte berre Sp og Ap imot. Avviklingsperioden er fram til februar 2025.

Etter fleire rundar med ulike forslag frå regjeringa om kompensasjon basert på bokført verdi eller "ikkje-realiserbar kapital" supplert med tilskot per tispe blei det i februar 2020 fleirtalet på Stortinget for å gi kompensasjon "som om det dreier seg om et ekspropriasjonsartet inngrep».

I mars 2021 føreslo regjeringa at erstatninga skulle baserast på "utmålingsreglene i ekspropriasjonserstatningsloven».

Fleirtalet på Stortinget (Ap, Sp, SV og Frp) gjekk i slutten av mai 2021 inn for også å opne for erstatning etter "gjenervervsverdi", utviding av ordninga og fullt skattefritak. LMD anslo ca. 3,4 mrd. kr i totalkostnad mot ca. 1,2 mrd. kr (før skatteeffekt) i regjeringas opplegg og varsla at regjeringa ville sende ordninga til ESA for vurdering mot reglar for statsstøtte. ESA svarte rett før jul at erstatninga ikkje ser ut til å vere i strid med EØS-reglane.

– Mange har blitt sett i ein svært krevjande situasjon. Å bli fråteken levebrødet på denne måten er utruleg i Noreg. Det er bra at det kjem avklaringar som gjer det betre for dei som må avslutte og gjer at dei kjem ut av det så skadelause som råd.

Gimming meiner sjølv om det står att ein del detaljar, så er det som har skjedd no eit viktig steg på vegen for å få sluttført avviklinga.

– Sjølv om det står att ein del detaljar, så er det kome til mange positive element.

Han nemner då moglegheita til å velje ekspropriasjon eller takst, at ikkje dyretalet ein enkelt dato blir avgjerande og at det blir gitt kompensasjon for kostnadene med å rive anlegg og rydda opp.

Neste artikkel

Skogeiere har mottatt 870 millioner i tilskudd til vei