Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Er i gang med rekordtidleg nedsanking av sau

I Eikesdal i Møre og Romsdal sankar sauebonde Nikolai Finset ned sauene, halvanna månad før tida. Håpet er å berge flest mogleg unna jerven.

Nikolai Finset i Eikesdal opplevde at sau kom heim på eiga hand i juli, no sankar han heim resten, i håp om å sleppe store tap til jerven. Foto: Gunnar Sandvik, NRK Møre og Romsdal
Nikolai Finset i Eikesdal opplevde at sau kom heim på eiga hand i juli, no sankar han heim resten, i håp om å sleppe store tap til jerven. Foto: Gunnar Sandvik, NRK Møre og Romsdal

Det var funnet av eit jervedrept lam i juli og det at delar av saueflokken kom trekkande ned frå beitet av seg sjølv, som gjorde at han i samråd med Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen bestemte å starte nedsankinga tidleg.

Å sanke sauen ned tidleg har han gjort fleire år, men aldri har han sanka så tidleg som i år.

Trekkjer opp sjølv

Finset har 180 vinterfôra spelsau, og dei beitar innover frå Eikesdalen i retning Bjorli i Oppland.

Sauene blir sleppte på garden, og frå tidleg i juni begynner dei å trekkje oppover i fjellet etter kvart som det blir grønt.

Det var i byrjinga av juli Finset begynte å skjøna at noko var gale, då det tok til å kome ned att dyr på eiga hand.

10. juli fann dei eit lam som det er prova at jerven har drepe. Dei har seinare funne to drepne dyr til, men det er førebels ikkje stadfesta at det er jerv som har teke dei.

Varierande skadetal

Finset har drive med sau i Eikesdal sidan 1987, og sidan tidleg på 80-talet har det vore jerv i området. Det er yngleområde for jerv, men likevel varierer tapa mykje frå år til år, frå nokre få dyr til opp mot 100 katastrofesommaren for 7–8 år sidan.

Sjølv om dei fleste sauene ikkje har tenkt seg ned frå fjellet enno, går det likevel ganske greitt å sanke dei. Finset fortel at dei følgjer dei vanlege stiane, og så brukar han sperregjerde for å hindre at dei trekkjer attende.

– Har du beite til dei?

– Eg har ikkje slege andreslåtten enno, og så har eg snakka med naboar om å la sauene beite hos dei.

Morgon og kveld

Han gjekk første sanketuren tysdag, og legg opp til at arbeidet skal gjerast over fleire dagar.

Han går helst morgon og kveld, for når det er fint ver, held sauen seg så rolege at han kan vere vanskeleg å sjå midt på dagen.

Det meste av sankearbeidet kjem bonden til å gjere sjølv. Det er ikkje så mange andre som kan ta seg fri, og den viktigaste hjelpa han treng er å bli køyrt innover i fjellet slik at han sjølv kan sanke dei heimover.

Annonse

– Eg veit jo kvar dyra går.

– Kva tenkjer du der du går og sankar sau, og hentar dei heim medan det enno er gode beite i fjellet?

– Det her blitt vanleg å gjere det, men det som er uvanleg er at vi gjer det så tidleg.

– Kva utslag gjer tidleg sanking på slaktevekta?

– Det varierer, men det handlar ikkje berre om beite. Det er generelt vanskeleg drive avl når situasjonen er som han er.

Det er ikkje mogleg å vite kvaliteten på morsauene når dei kjem ned utan lamma.

Vegrar seg

Finset fortel at bortsett frå dei sauene som har trekt ned av seg sjølv, ser det nesten alltid roleg ut i fjellet når han skal sanke

– Men det er enkelte plassar sauen ikkje vil gå forbi når vi jagar, så då finn dei seg ein omveg.

Finset er ikkje tvinga til å sanke ned dyr av dyrevernomsyn. Sankinga skjer frivillig og i samarbeid med Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

– Vi er einige om at vi synest dette er det lurast å gjere.

Tidlegare enn nokon gong

Til NRK Møre og Romsdal seier seniorrådgivar Marianne Aas Halse at dei aldri tidlegare har starte nedsanking så tidleg som 6. august.

I fylket set dei årleg av 700.000 kroner til frivillig tidleg sanking, og ho meiner det er eit effektiv verkemiddel for å hindre tap av lam og hindre lidingar.

Finset vrir på det når vi spør om kva han føler om situasjonen.

– Eg veit ikkje om eg blir mismodig, men det hender eg lurar på om det er lurt å drive med sau – iallfall akkurat her.

Neste artikkel

Småbrukarlaget har bedt Elvestuen om å få utlevert DNA-materiale fra ulv