Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mattilsynet fryktar større smitterisiko frå gourmetkylling

Gourmetkyllingen, som lever lenger og slaktast seinare enn konvensjonell kylling, fell utanfor dagens handlingsplan og testprogram mot Campylobacter.

Forskjellar: Meir eksklusive, sakteveksande og utegåande kyllingvariantar har større risiko for å bli smitta av campylobacter-bakteriar enn konvensjonell kylling, ifølgje fagfolk, som nå testar ut kor store forskjellane er. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Forskjellar: Meir eksklusive, sakteveksande og utegåande kyllingvariantar har større risiko for å bli smitta av campylobacter-bakteriar enn konvensjonell kylling, ifølgje fagfolk, som nå testar ut kor store forskjellane er. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Handlingsplanen mot Campylobacter skal hindre at folk blir akutt sjuke av kylling, men testprogrammet omfattar i hovudsak berre konvensjonell kylling. Kylling som blir eldre enn 50 dagar gamle blir ikkje testa og behandla. Dermed kan det vere større smitterisiko knytt til ulike nisjeprodukt som gourmet-kylling eller økologisk kylling, ifølgje Mattilsynet.

– Vi mistenker at det kan vere større smitterisiko frå kylling som lever lenge og som kan gå ute. Det er derfor vi har sett i gang eit pilotprosjekt og vi reknar med å få ei stadfesting på det, seier veterinær og seniorrådgivar i Mattilsynet, Turid M. Berglund, som jobbar med handlingsplanen mot Campylobacter.

Størst risiko = ingen tiltak

Medan campylobacter-smitte er svært utbreidd i EU, der det blei rapportert om nær 250.000 smittetilfelle i 2016 og 62 dødsfall, er Norge i ei særstilling. Førekomsten her er svært låg og omfattande prøvetaking før slakting skal avdekke eventuell smitte. Blir smitten oppdaga blir heile partiet med kyllingslakt tatt ut og det blir sett inn tiltak som tar knekken på bakterien for å sikre at kyllingen er smittefri når den kjem ut i butikken.

Dette programmet hindrar ifølgje ei evaluering 18.000 sjukdomstilfelle i året her i landet og sparar samfunnet for 700 millionar kroner årleg.

Tiltak: Alle konvensjonelle hurtigveksande kyllingar blir testa for campylobacter. Om ein flokk testar positivt blir kjøttet skilt ut og anten varme- eller frysebehandla, noko som tar knekken på bakterien. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Tiltak: Alle konvensjonelle hurtigveksande kyllingar blir testa for campylobacter. Om ein flokk testar positivt blir kjøttet skilt ut og anten varme- eller frysebehandla, noko som tar knekken på bakterien. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Fleire typar sakteveksande gourmetkylling og økologisk kylling blir derimot ikkje omfatta av prøvetakingsprogrammet sidan kyllingane blir slakta etter dei har passert 51 dagar.

– Denne marknaden har auka. Fleire ønsker å kjøpe fersk gourmet-kylling. Derfor vil vi sjå nærare på det, seier Berglund.

Ho seier risikoen for at kyllingen blir smitta av campylobacter-bakterien er større dess eldre kyllingen blir. Tilgang til uteareal, som er pålagt i økologisk produksjon, er òg ein risikofaktor.

– Logikken tilseier at risikoen er størst for dei som blir eldst og som går ute. Vi vil derfor sjå på forskjellen til den meir industrielle produksjonen, seier ho.

Fakta

Handlingsplan mot campylobacter

Campylobacter er den vanlegaste årsaka til matboren sjukdom i Europa.

I Norge har kyllingbransjen sidan 2001 gjennomført eit handlingsprogram som minimerer risikoen for smitte. Det sparer samfunnet for 18.000 sjukdomstilfelle årleg, noko som har ein folkehelseverdi på 700 mill. kr årleg, ifølgje ei evaluering utført av Menon Economics.

Alle kyllingflokkar med alder under 51 dagar blir testa få dagar før slakting frå mai til oktober, som er perioden med høgast førekomst. Flokkar som testar positivt blir skilt ut og etter slakting blir kjøttet anten varmebehandla eller fryst i minst tre veker, noko som tar knekken på bakterien. Ingen andre land har denne typen tiltak.

Flokkar som blir eldre enn 51 dagar blir ikkje testa. Her inngår nokre typar sakteveksande kylling og økologisk kylling. Dess eldre kyllingen blir og om kyllingen har tilgang til uteareal, som er pålagt for økokylling, er faktorar som aukar risikoen for at kyllingen blir smitta.

Dei siste åra har 5–8 % av dei testa kyllingflokkane her i landet hatt Campylobacter. Det er svært lågt mot andre land i Europa. Førekomsten i danske og svenske kyllingflokkar er nærare 10 gonger høgare. Temperatur og klima har stor innverknad på førekomsten.

Pilotprosjekt

Pilotprosjektet blir utført av Veterinærinstituttet, som har fått inn prøvar der også kylling som blir eldre enn 51 dagar er testa. Resultatet av testen er venta å bli klart over sommaren.

– Det er stor forskjell i alderen på kyllingen i ulike nisjar. Vi har tatt prøver av kylling frå 52 dagar til over 80 dagar. Vi mistenker at risikoen for smitte aukar dess eldre kyllingen blir, og om den går ute, seier Mona Torp, som er forskar på mattryggleik og dyrehelse i Veterinærinstituttet.

«Vi mistenker at risikoen for smitte aukar dess eldre kyllingen blir, og om den går ute»

Mona Torp, forskar ved Veterinærinstituttet

Ho viser til at kyllingen kan bli smitta av campylobacter-bakterien frå ville fuglar, gjennom vatn, dyr, insekt eller kontakt med menneske.

Annonse

– Dei som går ute er derfor meir utsette, og om ein kylling blir smitta går det ikkje mange dagar før heile flokken er infisert, seier ho.

Risikofaktor: Utegåande fjørfe har større risiko for å bli smitta av campylobacter, ifølgje fagfolk. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Risikofaktor: Utegåande fjørfe har større risiko for å bli smitta av campylobacter, ifølgje fagfolk. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Dei andre nordiske landa har også eit test-program. Der viser resultata, ifølgje Torp, at smitten er langt meir vanleg. Lenger sør i Europa er så godt som alle kyllingar smitta, ifølgje Torp. Torp kjenner derimot ikkje til at nokon andre land set inn tiltak mot parti der bakterien er påvist.

Her i landet blir kylling som får påvist Campylobacter anten varme- eller frysebehandla i tre veker, noko som tar knekken på bakterien.

Fakta

Campylobacter

Bakterie som forårsakar sjukdommen campylobacteriose, som gir infeksjon i tarmen, høg feber og akutt diaré. Sjukdommen varer frå få dagar til opptil to veker. Kan i sjeldnare tilfelle gi varige lidingar, leddbetennelse og i verste fall ta liv.

2317 rapporterte tilfelle i Norge i 2016 der 58 % var smitta i utlandet. I EU var det 246.307 rapporterte tilfelle i 2016 og 62 dødsfall.

Smitte kan skje via kontakt med fjørfekjøtt, men òg frå ville fuglar, kjæledyr, drikkevatn eller ute i naturen.

Tilrår ekstra hygiene

Kvifor er det så ingen smittetiltak mot kyllingen der smitterisikoen er størst? Mattilsynet seier det har med politiske val å gjere og ønsket om framleis å kunne tilby ferskt kjøtt frå sakteveksande kylling. Ingen andre land har heller slike krav knytt til sakteveksande kylling.

– Det er ikkje verken realistisk eller politisk akseptabelt å ha eit så strengt regime at all kylling er fri for Campylobacter, for då måtte i praksis gourmet-kyllingen ha blitt fryst i staden for å gå fersk ut på marknaden, seier Berglund, som viser til at kylling som får påvist smitten anten må frysast eller varmebehandlast.

Sjølv om ho ser det som lite aktuelt å utvide handlingsprogrammet til å gjelde kylling som blir meir enn 51 dagar, så håper ho at pilotprosjektet kan peike mot tiltak for å redusere førekomsten av smitte frå gourmet-kylling og økologisk kylling.

– Det er vanskeleg å unngå at kylling som går ute blir smitta med Campylobacter, men vi kan sjå på kva dei som har minst smitte gjer og på den måten finne gode tiltak. Målet er at færre flokkar skal bli smitta av Campylobacter, seier ho.

Medan campylobacter-programmet ifølgje Mattilsynet gjer at det er veldig låg smitterisiko knytt til konvensjonell norsk kylling, så tilrår Berglund ekstra god kjøkkenhygiene når ein kjøper gourmet-kylling, økologisk kylling og elles alt rått kjøtt. Det sidan ein ikkje kan vere sikker på at dei meir eksklusive variantane er frie for Campylobacter.

– Viss ein handterer kyllingen fornuftig på kjøkkenbenken, så blir ein ikkje sjuk, seier ho og viser til at ein må unngå å bruke same skjerefjøl og reiskap på kyllingen og til dømes salat og andre typar mat som ikkje skal varmebehandlast.

Mattilsynet og Veterinærinstituttet viser òg til at det er på sommarstid at førekomsten av Campylobacter er høgast og at førekomsten er veldig låg resten av året.

– Særleg i grillsesongen er det viktig med god hygiene. Campylobacter-førekomsten toppar seg i juli og august, seier Torp.

Neste artikkel

Har funne ringorm på storfe i Oppland