Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Desse konkurrerer om gjev pris

I år er det Ciderhuset i Sogn og Fjordane, Dyre Gård i Østfold og J Kristiansen Gartneri AS i Aust-Agder som kjempar om den gjeve tittelen Bedriftsutviklingsprisen i landbruket.

Ciderhuset frå Sogn og Fjordane (øvst til venstre), Dyre Gård frå Østfold (t.h.) og Johan Fredrik Bråstad Kristiansen frå Aust-Agder som kjempar om den nasjonale bedriftsutviklingsprisen. Foto: Privat/Innovasjon Norge
Ciderhuset frå Sogn og Fjordane (øvst til venstre), Dyre Gård frå Østfold (t.h.) og Johan Fredrik Bråstad Kristiansen frå Aust-Agder som kjempar om den nasjonale bedriftsutviklingsprisen. Foto: Privat/Innovasjon Norge

– Som alltid er det knallhard konkurranse om prisen, og det er bra. Det viser at det gror godt blant ulike gründerverksemder og gardsrelaterte næringar i heile landet. Sjølv om det er ei vanskeleg oppgåve å peike ut ein vinnar, så er det likevel ei takksam oppgåve å skulle velje mellom så gode og flotte kandidatar, seier Anita Krohn Traaseth, administrerande direktør i Innovasjon Noreg.

Prisen vert delt ut av divisjonsdirektør Inger Solberg i Innovasjon Noreg og landbruks- og matminister Jon Georg Dale under landbruks- og matmessa Internationale Grüne Woche i Berlin 19. januar.

Bedriftsutviklingsprisen i landbruket (tidlegare bygdeutviklingsprisen) har vorte delt ut kvart år sidan 1997. Fylkesvinnarane har kvar motteke 50.000 kroner, og vinnaren av den nasjonale prisen vil i tillegg reise heim frå Berlin 250.000 kroner rikare.

LES OGSÅ: Regjeringa vil la bønder selje alko-varar over disk på garden

Cider med cidereple

Ciderhuset ligg i Balestrand i Sogn og driv drikkevareproduksjon og restaurant. Ciderhuset er den einaste norske produsenten som dyrkar fram eigne cidereple til bruk i produksjonen av drikkevarer. Verksemda tilbyr eit breitt produktspekter med fleire økologiske variantar av både cider, fruktvin og fruktbrennevin.

Restauranten har vore flagga som «Top Choice» i Lonely Planet. På Trip Advisor har han dei siste 5 åra vore blant topp 3 i Noreg og den beste på Vestlandet. Bygning, miljø, konsept og meny er inspirert frå fruktområda i Sør-Europa og Middelhavet, menyen er basert på lokale råvarer. Ciderhuset samarbeider tett med reiselivet i området.

LES OGSÅ: Edel Sider er kåret til verdens beste

Økologisk epleprodusent

Annonse

Dyre Gård i Rygge har sidan 2011, då dei første epletrea blei planta, klart å bli den største økologiske epleprodusenten i Noreg med 35.000 tre.

Hovudprodukta er eplejuice med fruktkjøt, men har også lansert tørka økologisk eplesnacks, eit eplemos-syltetøy og eigen gards-cider og eplesirup.

Det er lagt stor vekt på full ressursutnytting. Delar av botnfallet frå produksjonen av most vert nytta i sorbetis. Resten går til dyrefôr, og kjem tilbake til Dyre Gård som næringsrik gjødsel.

Miljøvenleg blomeproduksjon

Johan Fredrik Bråstad Kristiansen frå Grimstad eig eitt av dei fremste blomstergartneria i landet og er nærast å rekne for ein institusjon innan gartnarnæringa.

Både gjennom eige gartneri og selskapet G3 Ungplanter der Kristiansen er ein av tre produsentar, spelar Kristiansen ei viktig rolle for å sikre og vidareutvikle norsk blomsterproduksjon, og det på eit område med sterk utanlandsk konkurranse. Gjennom omfattande nasjonalt og internasjonalt nettverk, samarbeid og utviklingsarbeid med andre produsentar og FoU-miljø har ein fått fram plantemateriale med kvalitetseigenskapar som gir norsk produksjon fortrinn og preferansar i marknaden.

Produksjonen vert driven klima- og miljøvenleg med produksjonsanlegg med moderne isolering, varmepumper og avanserte styringssystem for gjenvinning av både varme, vatn og gjødsel, og med sortval og integrert plantevern som sikrar minimal bruk av kjemiske plantevernmiddel.

Neste artikkel

Skogeiere har mottatt 870 millioner i tilskudd til vei