Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

CO2-fangst frå lufta kan gi klimanøytrale tomatar

Ny teknologi tappar CO2 rett frå lufta. Det kan gjere veksthus-grønsaker klimanøytrale eller endå til karbon-negative, ifølgje gründarar. Nibio seier forsøka ser lovande ut.

CO2-fangst: Greencap Solutions AS har utvikla eit CO2-fangstanlegg for veksthus. Det skal ifølgje dagleg leiar Jarle Skjæveland (t.h.) og Tor Christensen gjere tomatane klimapositive. Her frå det fullskala testanlegget på Særheim i Klepp der Nibio dokumenterer resultata. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
CO2-fangst: Greencap Solutions AS har utvikla eit CO2-fangstanlegg for veksthus. Det skal ifølgje dagleg leiar Jarle Skjæveland (t.h.) og Tor Christensen gjere tomatane klimapositive. Her frå det fullskala testanlegget på Særheim i Klepp der Nibio dokumenterer resultata. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

– Dette blir ein «game changer» for næringa. Her kan vi òg hjelpe til og samle inn CO2 frå atmosfæren, seier Jarle Skjæveland.

Han er dagleg leiar og ein av fire medeigarar i Greencap Solutions AS, som etter meir enn tre års utviklingsarbeid er i gang med å teste ut eit fullskala CO2-fangstanlegg for drivhus i Klepp på Jæren. Teknologien skal ifølgje Skjæveland vere banebrytande og eineståande i verda. Resultatet skal ikkje berre vere klimanøytrale eller endå til karbon-negative veksthus-grønsaker, men ifølgje Skjæveland òg vere gunstig for både avlingane og lommeboka til gartnarane.

– Avlingane aukar med minst 20 prosent og gartnaren får halvert energikostnadene. Reknestykka våre viser òg at investeringa kan vere nedbetalt etter rundt tre år, seier Skjæveland.

Erstattar fossil CO2

Gründerane har lang fartstid i oljebransjen og erfaring med CO2-fangst og -lagring. Då nedgangstidene slo inn for nokre år sidan kom tanken om å bruke kunnskapen i andre sektorar.

– Vi testa blant anna CO2-fangst på eit kolkraftverk ved Stockholm. Problemet var at prosessen var så energikrevande. Der var det snakk om opp mot 100 prosent CO2-konsentrasjon. Det treng vi ikkje her, seier Tor Christensen.

CO2 er ikkje berre ein klimagass og eit problem, men gassen spelar òg ei sentral rolle for plantevekst og fotosyntese. For å få plantane til å vekse godt tilfører veksthus-gartnarar CO2 til drivhusa, anten via innkjøpt CO2 frå industrien eller frå forbrenning av til dømes fossil naturgass.

Med CO2-fangstanlegget til Greencap Solutions kan CO2'en derimot utvinnast rett frå lufta utanfor veksthusa via ein varme- og kjøleprosess. Ved å ta i bruk eit luftsirkuleringssystem med avfukting av lufta og gjenvinning av vatnet kan ein lukke luftelukene på veksthusa og unngå utlufting, noko som i tradisjonell drift gir tap av både CO2 og store mengder varme. På den måten kan CO2-konsentrasjonen i lufta i veksthuset aukast til det tredoble av vanleg nivå.

Sjå video om teknologien til Greencap Solutions her.

Fakta

CO2-fangst i veksthus

CO2 er ein klimagass, men er òg sentral for plantevekst og fotosyntese.

I tradisjonell drift tilfører gartnarar fossil CO2 til veksthusa for å «gjødsle» vekstprosessen. CO2'en kan kome frå bruk av naturgass til oppvarming eller innkjøpt CO2 frå industri.

Anlegget til Greencap Solutions hentar ut CO2 frå lufta utanfor til bruk i veksthusa. Med ein lukka vekstprosess og resirkulering av lufta opnar det for tre gonger høgare konsentrasjon av CO2 i veksthusa. Det skal gi større avlingar, redusert energiforbruk og svært gunstig klimarekneskap for veksthusgrønsaker.

Eit veksthus på 1000 kvadratmeter kan på den måten fange rundt 60 tonn CO2 per år, ifølgje firmaet. Det tilsvarar utsleppa til 30 gjennomsnittlege personbilar, ifølgje Transportøkonomisk institutt (TØI).

Klimanøytralt: Resirkulering av luft og energi kombinert med karbonfangst kan gi klimanøytrale tomatar og bidra til større vekst og jamnare modning, trur gründerane. Her frå tradisjonell tomatdyrking. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Klimanøytralt: Resirkulering av luft og energi kombinert med karbonfangst kan gi klimanøytrale tomatar og bidra til større vekst og jamnare modning, trur gründerane. Her frå tradisjonell tomatdyrking. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

– Blir karbon-negative

Summen skal bli større avlingar, redusert energiforbruk og eit CO2-reknestykke som ifølgje gründerane rett og slett skal kunne gjere grønsakdyrkinga positiv for klimaet.

– Her snakkar ein ikkje om utslepp av CO2, men tvert imot at tomatane kan bli karbon-negative. Eit veksthus på 1000 kvadratmeter kan fange rundt 60 tonn CO2 pr. år, seier Skjæveland.

«Eit veksthus på 1000 kvadratmeter kan fange rundt 60 tonn CO2 pr. år»

Jarle Skjæveland, dagleg leiar i Greencap Solutions AS

Anlegget går på straum og skal også kunne drivast på solceller i sommarhalvåret, ifølgje Christensen. Han avviser at teknologien er den same som milliardsatsinga på fangst og lagring av CO2 på Mongstad.

– Her er det ingen kjemikaliar involvert. Det kan vi ikkje bruke i matproduksjon, seier han.

Nibio: – Lovande

Så langt har utviklinga av anlegget kosta 35 millionar kroner, ifølgje Skjæveland, som fortel om støtte frå både Innovasjon Norge og Forskingsrådet.

Fullskala-anlegget er bygd opp ved det nye veksthuset til Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) på Særheim i Klepp på Jæren. Etter 10 veker med testing skal resultata vere lovande. Nibio har fått i oppdrag å dokumentere og verifisere resultata.

– Ved å lukke luftelukene og fange opp energien kan ein auke CO2-nivået i veksthusa. Målet er at det skal gi 20 prosent avlingsauke. Så langt ser det bra ut, seier forskar i Nibio på Særheim, Michel Verheul.

Annonse

Nibio skal det komande året gjennomføre systematiske forsøk der tomatar skal dyrkast både med og utan bruk av CO2-fangst-teknologien til Greencap Solutions for å kunne samanlikne resultata.

Verheul seier hypotesen vidare er at energiforbruket går ned og at produksjonen blir CO2-nøytral.

– Kan dyrkinga òg bli karbon-negativ?

– Ja, ved å ta CO2 frå utelufta og tilføre veksthusa blir det slik sett karbonnegativt, men i ein livsløpsanalyse må ein ta alt med i betraktninga. Ein må ta med at produksjonen av til dømes dyrkingsmaterialet, vatn, frø og sjølve veksthuset ofte gir ein viss mengde CO2-utslepp. Desse må ein så vege opp mot fangsten av CO2 frå utelufta. Hypotesen er at dei positive effektane veg opp dei negative og at summen blir karbonnøytral, men det kan òg vere at summen blir karbonnegativ, seier Verheul.

Klimavenleg: Nibio-forskar Michel Verheul har rekna ut at heilårsdyrking av tomatar og agurkar i norske veksthus er meir klimavenlege enn import frå Nederland eller Spania. Med CO2-fangstanlegg ventar han at klimarekneskapen for norske tomatar blir endå gunstigare. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Klimavenleg: Nibio-forskar Michel Verheul har rekna ut at heilårsdyrking av tomatar og agurkar i norske veksthus er meir klimavenlege enn import frå Nederland eller Spania. Med CO2-fangstanlegg ventar han at klimarekneskapen for norske tomatar blir endå gunstigare. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Tidlegare i år la Verheul fram livsløpsanalysar som viser at norske heilårsdyrka tomatar har lågare klimaavtrykk enn importerte tomatar.

Oppdaterte tal viser ifølgje Verheul at norsk heilårsproduksjon gir 1,2 kilo CO2-ekvivalentar per kilo tomat, mot 1,6 kilo CO2 for spanske og 2,3 kilo CO2 for nederlandske. Tala er inkludert frakt.

Med teknologien som hentar CO2 rett frå utelufta kan klimarekneskapen for norske tomatar bli endå gunstigare.

– Hypotesane må testast, men det ser lovande ut så langt, seier Verheul, som òg er prosjektleiar i forskingsprosjektet Biofresh.

«Det ser lovande ut så langt»

Michel Verheul, forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio)

Etterlyser politisk satsing

Skjæveland fortel at teknologien bak CO2-fangstanlegget er patentert. Greencap Solutions ser seg nå klar til å gå ut i marknaden med anlegget.

– Vi har ein avtale med Enova som vil støtte dei 2–3 første anlegga som blir bygd. Det er premien for å gå først, seier Skjæveland.

Han fortel at dei har presentert teknologien på fleire gartnarmesser rundt i verda.

– Dei har prøvd på noko av det same i Nederland, men dei har ikkje fått det til og dei trur oss nesten ikkje når vi fortel om resultata. Interessa har vore overveldande, seier Skjæveland, som fortel om besøk frå alle verdshjørne.

Han fortel at dei også har vist fram anlegget til sentrale politikarar i Norge, utan at det så langt har resultert i særleg politisk satsing.

– Vi skulle gjerne hatt politikarar med vilje til å satse på fornybare løysingar. Inntrykket vårt er at dei ikkje heilt forstår kva vi snakkar om. Dei kan ikkje berre satse på elbilar, seier han.

«Vi skulle gjerne hatt politikarar med vilje til å satse på fornybare løysingar»

Jarle Skjæveland, dagleg leiar i Greencap Solutions AS

Han vedgår at anlegget er ein stor investering for gartnarar og at det er snakk om fleire millionar kroner. Investeringa skal derimot løne seg, hevdar han.

– Nedbetalingstida har vi rekna til rundt tre år. Det skal vi klare dokumentere, seier Skjæveland.

Fakta

Greencap Solutions AS

Har sidan oppstarten i 2016 utvikla ein patentert teknologi med namnet «GreenCap ECS» som fangar CO2 frå lufta til bruk i lukka veksthus. Eit fullskala testanlegg er installert ved veksthuset til Nibio på Særheim i Rogaland.

Eigd av gründerane Jarle Skjæveland, Tor Christiansen og Tom Johansen (20% kvar) og BR Industrier AS / Bjørn Rygg (40%). Oppgir å ha 5-6 tilsette. Søsterselskapet MT-Solutions AS med nærare 30 tilsette lagar og installerer systemet.

Neste artikkel

Arbeiderpartiet og Fellesforbundet krever lovendringer etter avsløring