Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bygdekvinnene meiner fårikålen fortener ei pause som nasjonalrett

– Det er skummelt å skulle kåre ein nasjonalrett, ein kjem litt i uføre kvar gong. For kva er eigentleg felles for det norske folk? undrar Bygdekvinnelaget i prat med Nationen.

Lang diskusjon: Tre av kvinnene i Norges bygdekvinnelag diskuterte langt og lenge seg imellom om kva dei meiner er ein passande norsk nasjonalrett. Frå venstre: Helle Cecilie Berger, kommunikasjonsrådgjevar og redaktør, Ingrid Lamark, prosjektleder, og ​Cesilie Aurbakken, generalsekretær. Foto: Siri Juell Rasmussen
Lang diskusjon: Tre av kvinnene i Norges bygdekvinnelag diskuterte langt og lenge seg imellom om kva dei meiner er ein passande norsk nasjonalrett. Frå venstre: Helle Cecilie Berger, kommunikasjonsrådgjevar og redaktør, Ingrid Lamark, prosjektleder, og ​Cesilie Aurbakken, generalsekretær. Foto: Siri Juell Rasmussen

I høve 100-årsjubileet til Nationen er det blitt presentert éin matrett for kvart av leveåra til avisa. Med bakgrunn i rettane har ein jury plukka ut ti rettar som no kjempar om tittelen Noregs nasjonalrett.

Folk har allereie stemt i ei dryg veke, men ikkje før i romjula blir vinnaren kåra. Kan bacalao, pinnekjøt eller taco vippe fårikålen av trona? Vi tok ein prat med Norges Bygdekvinnelag, ein organisasjon som brenn for norsk tradisjonsmat.

– Dette er litt av ei utfordring! meiner generalsekretær Cesilie Aurbakken.

Saman med kommunikasjonsrådgivar og redaktør Helle Cecilie Berger, og prosjektleiar Ingrid Lamark, blir det lange diskusjonar om kva rett som eigentleg fortener heideren «nasjonalrett».

– Det som er nasjonalt med den norske mattradisjonen er at det ikkje er éin ting, det er utruleg store variasjonar og den er veldig prega av at Noreg har mange klimasoner og store geografiske forskjellar. Så det er nesten umogleg å kåre ein nasjonalrett, meiner Lamark.

– Kvar ein bur spelar nok veldig inn på kva rett ein vel, legg Berger til.

Avviser folkefavorittane

For bygdekvinnene er det nokre rettar som blir heilt feil som norsk nasjonalrett.

– Dei nominerte viser mangfaldet og variasjonen i vårt langstrakte land, basert på råvarene ein har hatt tilgjengeleg. Så har ein tatt med det folk et i kvardagen, pizza og taco, men vi vil ikkje definere det som tradisjonsmat. Både taco og pizza er ute, seier Aurbakken.

Også nokre svært så norske og nordiske nominerte blir enkelt lagt bort.

– Rakfisk har ikkje det same geografiske omfanget som til dømes rettar av sau, meiner Berger.

– Det finnes mange variantar av sodd. Så å definere en variant som nasjonalrett blir vanskeleg, trur Lamark.

Slår eit slag for konservering: Ingrid Lamark, prosjektleiar i Norges Bygdekvinnelag, er tydeleg på at konservering er ein viktig del av norsk matkultur og tradisjonsmat. Derfor meiner ho og dei andre Bygdekvinnene at bacalao og pinnekjøt er to gode alternativ til nasjonalrett. Foto: Siri Juell Rasmussen
Slår eit slag for konservering: Ingrid Lamark, prosjektleiar i Norges Bygdekvinnelag, er tydeleg på at konservering er ein viktig del av norsk matkultur og tradisjonsmat. Derfor meiner ho og dei andre Bygdekvinnene at bacalao og pinnekjøt er to gode alternativ til nasjonalrett. Foto: Siri Juell Rasmussen

Positive til graut, men …

Annonse

Bygdekvinnene likar alternativet rømmegraut, sidan ein i heile Noreg har hatt tilgang på mjølkeprodukt i lang tid.

– Men ein hadde små bruk, lite mjølk og stort sett mjølk fram til kua ikkje gav meir mjølk utpå hausten. Ein konsentrerte seg i tillegg om å lage ost og smør, så mjølkeprodukt i ein middagsrett har vore spesielt, peiker Lamark på.

Anna Avdem ved Avdems gardsysteri, som sit i juryen, drog fram nykokt rømmegraut som noko av det absolutt ytste. Bygdekvinnene er einige, men dei vil likevel trekke fram andre råvarer enn mjølkeprodukt for å vise fram Noreg.

– Torsk og sau er felles for store delar av Noreg, så bacalao, lettsalta torsk, pinnekjøt og eventuelt fårikål, er gode alternativ, meiner dei, og legg med det svineribba på hylla.

Konservering som metode

Samstundes meiner dei tre i Norsk Bygdekvinnelaget at fårikålen fortener ei pause etter 46 år som nasjonalrett og at lettsalta torsk er meir ein råvare enn ein matrett.

– Eg trur det må bli bacalao eller pinnekjøt altså, seier generalsekretær Aurbakken.

Ho får støtte frå Bergen og Lamark, som begge dreg fram viktigheita konservering av mat har hatt i Noreg opp gjennom tidene.

– Bacalao og pinnekjøt speglar av kunnskapen om råvare og kunnskapen om å ta vare på råvare. Om eg blei tvungen til å velje mellom dei to, så trur eg at eg hadde enda på pinnekjøt. Det samanfattar så mykje, meiner Lamark.

Favoritt: Det tradisjonsrike pinnekjøtet er favoritten til Norsk Bygdekvinnelag i kåringa om ny, norsk nasjonalrett. Foto: Mariann Tvete
Favoritt: Det tradisjonsrike pinnekjøtet er favoritten til Norsk Bygdekvinnelag i kåringa om ny, norsk nasjonalrett. Foto: Mariann Tvete

– Vi har eit fantastisk utgangspunkt for sauekjøt i heile Noreg, det held høg kvalitet, seier Berger.

– Sauen er på ein måte eit minste felles multiplum for heile landet, legg Lamark til.

Bygdekvinnene landar dermed på pinnekjøt – dersom dei må velje mellom bacalao og pinnekjøt. Det er likevel lesarane – folket – som skal kåre ein vinnar.

– Kven trur de lesarane kjem til å stemme fram som vinnar?

– Eg trur det kan bli ganske jamt fordelt. Vår bodskap er jo kor forskjellige mattradisjonane i Noreg er og rettane i kåringa speglar nettopp det, avsluttar Aurbakken.

Fakta

Kåring av Noregs nasjonalrett

I høve 100-årsjubileet til Nationen har ein presentert 100 norske matrettar – éin for kvart år avisa har eksistert.

Blant desse 100 har ein jury plukka ut 10 rettar som dei meiner fortener heideren Noregs nasjonalrett.

Dei ti er: Bacalao, lettsalta torsk, rakfisk, brennsnut/sodd, rømmegraut, pizza, taco, svineribbe, pinnekjøt, fårikål.

Juryen består av Per A. Borglund i Mat fra Norge, Anna Avdem ved Avdems gardsysteri, Bondelagskokk Nils Henning Nesje, og Nationen-redaktør Irene Halvorsen. Juryen har plukka ut ti rettar, men folket avgjer kva rett som går av med sigeren til slutt.

Sidan 1972 har fårikål hatt tittelen som nasjonalrett etter å ha vunne fram i ei kåring.

Neste artikkel

Line og Audun vil produsere mat av alpakka