Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Brør splitta i jordvernstrid: Slik forklarar han KrF-utmeldinga

Anders Undheim melde seg ut av KrF i staden for å snu og stemme i lag med broren, tidlegare bondelagsleiar Bjarne Undheim, i striden om matjorda.

Jordvernstrid: Etter ein lang debatt om jordvern melde KrF-representant Anders Undheim (på talarstolen) seg ut av partiet midt under kommunestyremøtet før han sørgde for fleirtal for nedbygging av 150 mål matjord i Time på Jæren. Storebror og gruppeleiar for Sp, Bjarne Undheim (innfelt, og med ryggen til i svart jakke til venstre), stod på motsett side i striden. Foto: Snorre Standish Norheim, Jærbladet
Jordvernstrid: Etter ein lang debatt om jordvern melde KrF-representant Anders Undheim (på talarstolen) seg ut av partiet midt under kommunestyremøtet før han sørgde for fleirtal for nedbygging av 150 mål matjord i Time på Jæren. Storebror og gruppeleiar for Sp, Bjarne Undheim (innfelt, og med ryggen til i svart jakke til venstre), stod på motsett side i striden. Foto: Snorre Standish Norheim, Jærbladet

Denne veka førte ein betent jordvernstrid i Time på Jæren til at KrF-representant Anders Undheim melde seg ut av KrF i ein pause under møtet i kommunestyret. Få minutt seinare sørgde han for fleirtal for nedbygging av 150 mål førsteklasses dyrka jord.

Det skjedde etter at KrF like før kommunestyremøtet snudde i striden og ville gå imot utbygginga.

Seinare har gruppeleiar i Time KrF, Sverre Risa, fortalt at folk sentralt i KrF tok kontakt og var involvert. Vurderinga var at det kunne skade partiet i komande val om KrF sørgde for fleirtal for å bygge ned jorda.

KrF slit frå før med å kome seg over sperregrensa og Rogaland er det tyngste KrF-fylket målt i stemmer.

Fakta

Matjord, jordvern og Time

3% av landarealet i Norge er matjord. Det kan gå 1000 år å danne 10 cm jord. Norge er blant landa i verda som har minst matjord per innbyggar.

Stortinget har vedtatt eit mål om at maks 4000 mål dyrka jord skal kunne brukast til andre formål per år innan år 2020.

Det er kommunane som styrer arealbruken gjennom reguleringsplanar og som kan gi grønt lys for å omdisponere jord frå landbruksformål til utbyggingsformål.

Time på Jæren er ein av kommunane som bygger ned mest jord. Frå 2005 til 2019 omdisponerte Time 1390 mål dyrka jord, nær 93 mål i snitt per år. Berre 10 kommunar omdisponerte meir. Tar ein med dyrkbar jord, omdisponerte Time til saman 4029 mål, ifølgje SSB. Berre 3 kommunar i heile landet har bygd ned meir jord dei siste 15 åra.

Det har siste tida gått føre seg to store jordvernstridar i Time. Med knappast mogleg fleirtal blei det vedtatt å gå vidare med planane om å bygge ut næringspark for arealkrevande handel på 150 mål dyrka jord. KrF'aren som kom på vippen valde å melde seg ut av partiet få minutt før han stemte for utbygging. Det skjedde etter at KrF rett før møtet varsla at dei ville snu etter stort trykk frå fleire hald.

I ein annan kant av Time er det planar om å bygge ut datasenter, noko som kan ramme opp mot 2000 mål jordbruksjord.

– Ville ikkje smerte KrF

Anders Undheim, som har hatt ulike verv i KrF i over 20 år, fortalde under møtet om tungt press frå både lokalt og sentralt hald for å få partiet til å snu. Sjølv gav han uttrykk for at han ikkje kunne gå på akkord med eigne verdiar og at han derfor melde seg ut frå KrF for å skåne partiet.

Han bad òg gråtkvalt om unnskyldning til dei han skuffa ved å stemme for å gå vidare med utbyggingsplanane.

Seinare i veka, etter det høgdramatiske kommunestyremøtet, seier Undheim til Nationen at det har vore tungt press mot KrF frå mange hald.

– Det har først og fremst vore press mot KrF, at vi ikkje er truverdige på jordvern. Men vi er truverdige på jordvern. Det er derfor eg melde meg ut, seier han.

«Vi er truverdige på jordvern. Det er derfor eg melde meg ut»

Anders Undheim, utmeld KrF-representant

Han seier han har snakka med partifolk frå mange ulike hald, men han seier at ingen utøvd press mot han.

– Det var eine og åleine eg sjølv som tok avgjerda om å melde meg ut av KrF. Eg ville ikkje vere årsak til smerte for partiet på landsplan.

Undheim seier han har fått støtte òg frå partihald og at han framleis har eit godt forhold til KrF.

– Tida vil vise kva som skjer vidare, seier han.

– Kan det vere du melder deg inn i KrF igjen?

– Det vil tida vise. Nå er eg uavhengig, så får vi sjå. Eg har eit godt forhold til KrF, seier Anders Undheim, som seier han melde seg ut for å skåne partiet.

– For å unngå at KrF skulle miste veljarar i neste val?

– Det var generelt. Kvifor skulle det vere berre den saka som avgjer om vi er truverdige på jordvern? Det er langt på jordet. Ein må sjå på det over tid. Ein kan ikkje berre ta ei enkeltsak. Vi er det partiet som vil dele frå minst mogleg jord rundt bygningane når bønder vil skilje ut jord og selje som tilleggsjord, seier Undheim.

Han seier KrF har hatt ei restriktiv linje i slike saker som ofte blir omtalt som «slakting av garden» der bygningar og tun blir delt frå og jorda seld som tilleggsjord.

– Vi har prøvd å avgrense det mest mogleg og ikkje akseptert at det blir igjen mykje jord rundt bygningane. Det blir fort nokre mål av det, seier Anders Undheim.

Jordvernstrid: Over 150 mål dyrka jord på Ree og Svertingstad utanfor Bryne i Time på Jæren blei senter for eit høgdramatisk jordvernslag nyleg. Sentralt i striden stod to brør. Den eine melde seg ut av KrF og sørgde for nedbyggingsfleirtal. Den andre er gruppeleiar for Sp, tidlegare bondetopp og forkjempar for å stoppe nedbyggingsplanane. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Jordvernstrid: Over 150 mål dyrka jord på Ree og Svertingstad utanfor Bryne i Time på Jæren blei senter for eit høgdramatisk jordvernslag nyleg. Sentralt i striden stod to brør. Den eine melde seg ut av KrF og sørgde for nedbyggingsfleirtal. Den andre er gruppeleiar for Sp, tidlegare bondetopp og forkjempar for å stoppe nedbyggingsplanane. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Heller utmelding enn å snu

Den nå utmelde eks-KrF'aren seier KrF lokalt har prøvd å få bygd ut meir bustader på Lye på uproduktiv jord, men at dei har fått motstand frå fylkeshald som vil ha bustader rundt jernbanen.

– Kvifor ville du heller melde deg ut av KrF enn å snu og ta vare på matjorda?

– For 50 år sidan var det bønder i det området som ikkje fekk driftstilskot fordi dei var i eit utbyggingsområde og for 35 år sidan var det grunneigarar som var i tvil om dei ville bygge nytt reiskapshus fordi dei var i eit utbyggingsområde. For 20 år sidan blei det laga langsiktige grenser for landbruk. Det er kjempe viktig å behalde dei grensene. Bryne treng også å kunne utvidast. Handel er noko av det viktigaste og her er det snakk om plass til arealkrevande handel. Elles ville vi måtte overlate handelen til nokre andre, seier Anders Undheim, som seier ein heller burde tatt ut område for bustadbygging frå planen om ein skulle ta ut noko.

– Då ville du heller melde deg ut?

– Eg kunne ikkje stemme for det forslaget. Det handlar om mi overbevising. Ein burde heller tatt ut bustader, om ein måtte velje. Dette er eit spørsmål om Bryne skal kunne vekse vidare eller om veksten skal strupast. Det handlar òg om 20 år fram i tid. Det er derfor vi lager planar. Kor skal elles langsiktigheita vere? spør den nå utmelde KrF-representanten.

«Dette er eit spørsmål om Bryne skal kunne vekse vidare eller om veksten skal strupast»

Anders Undheim, utmeld KrF-representant
Byvekst: Nei til utbyggingsplanane ville strupe Brynes sjanse til å vekse, argumenterer den tidlegare KrF-representanten, som heller melde seg ut av partiet for å stemme for utbygginga. Her er eitt av områda med dyrka jord som kan bli bygd ut sør for Bryne. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Byvekst: Nei til utbyggingsplanane ville strupe Brynes sjanse til å vekse, argumenterer den tidlegare KrF-representanten, som heller melde seg ut av partiet for å stemme for utbygginga. Her er eitt av områda med dyrka jord som kan bli bygd ut sør for Bryne. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Anders Undheim fortel at han fekk sitt første verv for Kristeleg Folkeparti i 1999. Då møtte han nokre gonger som vara, men han fekk fritak frå å vere medlem i KrF fordi han var pastor i eit trussamfunn. Sidan 2007 har han vore KrF-medlem og folkevald for KrF i Time.

Undheim seier seg svært kritisk til bilete han meiner er skapt om at KrF ikkje er truverdige på jordvern. Han er òg kritisk til omtalen i media og han meiner det burde kome klarare fram i media at det var fleire enkeltpersonar i Time kyrkjelege fellesråd som oppfordra politikarane til å snu og at rådet som kollegium ikkje hadde fatta eit vedtak.

Eks-KrF'aren har vore pastor i fleire trussamfunn, siste tida også på Ålgård, som er kommunesenteret i Gjesdal der landbruks- og matminister Olaug Bollestad bur og har vore ordførar. Undheim opplyser at han har slutta som pastor sidan han har full hyre med å drive sitt eige rekneskapsbyrå der han fører rekneskap for næringsdrivande.

Brør vart motpolar

Annonse

Eks KrF-aren fortel også til Nationen at han for øvrig er bror til Bjarne Undheim, som mange av lesarar i Nationen kjenner best som tidlegare leiar i Norges Bondelag. Bjarne Undheim er også kommunestyrerepresentant i Time og gruppeleiar i Senterpartiet. Dei to brørne stod på kvar si side i den opprivande debatten og avstemminga i kommunestyret.

– Bjarne er storebror min. Vi har framleis eit godt forhold, seier Anders Undheim, som også vaks opp på gardsbruket som storebroren seinare overtok og framleis driv.

Bjarne Undheim, som tilhøyrde sida som tapte jordvernstriden med knappast mogleg margin, ser oppløftande tendensar trass i at han ikkje fekk fleirtal for sitt syn.

– Eg hadde aldri trudd at vi skulle klare kome så langt slik det lenge har sett ut. Dette kjem av det store engasjementet vi har fått sjå frå folk rundt jordvern. Politikarar som før ikkje såg slik på det har fått meir trykk nå, seier Bjarne Undheim.

Han seier det var langt vanskelegare å tale jordvernets sak rundt tusenårsskiftet då dei langsiktige grensene for utbygging blei trekt opp rundt tettstadane på Jæren.

– Sidan den tid har det skjedd mykje både med folks syn og stadig nye nasjonale jordvernmål om å redusere nedbygginga av jord. Korona-pandemien har nok òg verka inn og vore ein vekkar for mange, seier Sp-representanten, som uttrykker håp om at engasjementet for jordvern vil få følgjer for komande utbyggingssaker.

– Det kan bli ein ny vår for jordvernet?

– Det kan det, med trykk på kan. Eg håper dette kan setje dagsorden og legge premissar framover, seier den tidlegare bondelagsleiaren.

«Eg håper dette kan setje dagsorden og legge premissar framover»

Bjarne Undheim, gruppeleiar for Sp og tidlegare leiar i Norges Bondelag

– Kva tykkjer du om at bror din vart tunga på vektskåla i din disfavør?

– He he, ein kan alltid seie at det er mange som er på vippen i ei sak når det er så jamt. Det er eit litt urettferdig ord, men det blir jo brukt når dei andre har signalisert sitt standpunkt og nokon står igjen. Det er iallfall ikkje tvil om at han følte at han var på vippen, seier Bjarne Undheim.

Sp-frontfiguren i Time seier han som bror vil vere litt forsiktig med å uttale seg, men han kommenterer situasjonen slik:

– Vi kunne jo sjå at han sleit og hadde kvalar. Eg hadde håp om at han skulle lande på rett side. Det var ikkje gildt å vere vitne til. Det er trass alt bror min, seier han og viser til at veslebroren var prega av sterke kjensler på talarstolen då han sa frå om utmeldinga frå KrF og at han ville stemme for å gå vidare med utbyggingsplanane.

«Det var ikkje gildt å vere vitne til. Det er trass alt bror min»

Bjarne Undheim, gruppeleiar for Sp og bror til Anders Undheim
Kritisk: Gruppeleiar i Sp og tidlegare leiar i Norges Bondelag, Bjarne Undheim, ser ikkje at brorens utmelding frå KrF gjer saka særleg betre for partiet. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Kritisk: Gruppeleiar i Sp og tidlegare leiar i Norges Bondelag, Bjarne Undheim, ser ikkje at brorens utmelding frå KrF gjer saka særleg betre for partiet. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

– Det at Bollestad sa det var galskap å bygge ned dyrka jord, om ho sikta til denne jorda eller ikkje skal vere usagt, men det hadde innverknad lokalt. Det er det ikkje tvil om. Det var nok derfor han valde den løysinga, for å frigjere seg frå partiet. Det var nok slik han tenkte, seier Sp-representanten.

– Utmelding hjelper ikkje

Før møtet var det klart at KrF-representantane truleg ville kunne sørge for fleirtal i saka i anten den eine eller andre retninga om dei opptredde samla. Gruppeleiaren i KrF uttalte til Nationen før møtet at KrF hadde bestemt seg for å snu og at minst to av dei tre KrF-representantane ville stemme imot utbyggingsplanane.

Anders Undheim, som var den tredje, opplyste til Nationen før møtet at han ikkje ville bestemme seg før under sjølve møtet.

Bjarne Undheim uttalte på si side rett før møtet følgjande til Nationen:

– Viss KrF sørger for at jorda blir bygd ned, så vil eg seie at det er langt mellom liv og lære, sa storebror Undheim.

– Meiner du framleis det er langt mellom liv og lære?

– Ja, det meiner eg. KrF prøver å stå fram som eit jordvernparti. Då bør dei etterleve det. Eg er skuffa over KrF, men dei er med i ordførar-alliansen som har fleirtal. Det var den alliansen som styrte saka i mål. Så var det avhopparar på begge sider. Det er andre òg ein kan vere skuffa over, men sånn er politikken, seier Bjarne Undheim.

– Gjer utmeldinga saka betre for KrF?

– Det må du spør KrF om, men for meg blir det eit teknisk grep for å frigjere seg som eg ikkje akkurat har sansen for. Etter så lang tid er ein så knytt til eit parti, men det kan vere KrF kan bruke det i debatten seinare at det ikkje var dei som stemte for nedbygging. I teorien kan det kanskje fungere, men i praksis vil ein vere knytt til eit parti uansett. Iallfall i mine auge, seier Sps gruppeleiar i Time.

Bjarne Undheim seier han reagerer på at KrF i Time prøver å framstille seg som eit jordvernparti. Han viser til at KrF har vore ein del av fleirtalsmakta i kommunen sidan 1999 og hadde ordføraren frå 1999 til 2011. Dagens gruppeleiar i KrF var også varaordførar i førre valperiode.

– KrF har vore ein del av posisjonen sidan 1999 og har medansvar for at Time er ein verstingkommune på nedbygging av jord, seier Sp-representanten.

– Kan krangle så fillene fyk

Trass politiske motsetnader seier Undheim at det ikkje påverkar forholdet deira.

– Er de ofte ueinige?

– KrF er i posisjon og vi er i opposisjon. Det som skjedde nå er derfor ikkje noko nytt, men det vart meir spissa denne gongen. Akkurat denne opplevinga kunne eg tenkt meg å bli spart for, men slik er det når vi er i ulike parti og der ein av oss er ein del av posisjonen og den andre ein del av opposisjonen. Då må vi barke i hop av og til, seier Sps gruppeleiar, Bjarne Undheim.

– Går det greitt å ha familiesamankomstar?

– Ja, slik må det alltid vere i politikken. Vi kan krangle så fillene fyk, men når det er over må vi kunne snakke godt i lag, seier den tidlegare bondelagsleiaren.

Neste artikkel

Mattilsynet feilinformerte Bollestad som feilinformerte Stortinget om Rema-kyllingane