Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bøndene arbeider fleire timar per gardsbruk enn før

Norske bønder arbeider i gjennomsnitt fleire timar på garden enn dei gjorde for nokre år sidan, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

40 prosent av bøndene som hentar inn tilleggsinntekter til gardsdrifta, dreiv med leigekøyring. Foto: Mariann Tvete

Den samla arbeidsinnstatsen i norske jord- og hagebruk går ned, men arbeidsinnsatsen per bruk går opp.

Førebelse tal frå landbruksundersøkinga viser at det i 2017 vart utført 46.200 årsverk i jord- og hagebruk.

Nedgangen i totalt forbruk av årsverk kan forklarast med stor nedgang i talet på bruk. Men undersøkinga viser også at arbeidsinnsatsen aukar for kvart bruk. I gjennomsnitt vart det lagt ned 2148 timar per gardsbruk i 2017, det er ein auke på 6 prosent samanlikna med tal frå 2010.

Det vart lagt ned om lag 85 millionar arbeidstimar i jord- og hagebruket, og ein femdel av arbeidet vart utført av kvinner.

Annonse

Statistikken viser at gardbrukaren og ektefelle/sambuaren stod for 61 prosent av arbeidet, andre familiemedlemmer for 10 prosent. Anna fast og tilfeldig hjelp stod for 30 prosent av arbeidsinnsatsen.

Statistikken viser også at jord- og hagebruket er ein stor kunde for andre sjølvstendig næringsdrivane. I 2017 vart 7,8 millionar timeverk i landbruket utført av andre sjølvstendig næringsdrivande.

I landbruksundersøkinga 2018 blei også omfanget av arbeid i skogbruk og i tilleggsnæringar kartlagt. Over halvparten av gardsbruka dreiv tilleggsnæringar, det vil seie andre næringar der ein nyttar jordbruksbedrifta sine ressursar til å hente inntekter utanom bruket. Den vanlegaste tilleggsnæringa var leigekøyring. 40 prosent av dei som hadde tilleggsnæring dreiv med leigekøyring. 36 prosent dreiv med utleige av

Neste artikkel

Helsedepartementet vurderer vaksinasjonsprogram for voksne