Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bonden takkar gode hjelparar for at kua vart berga frå møkkakjellaren

Når ulykka er ute og ei ku ramlar i møkkakjellaren, då er lykka å ha ein nabo å ringe og eit brannvesen som stiller opp med dyreberging.

Her får ku nummer 1349, frå no av Andrea, hjelp frå brannfolk til å kome seg ut av møkakjellaren under sauefjøset. Foto: Privat
Her får ku nummer 1349, frå no av Andrea, hjelp frå brannfolk til å kome seg ut av møkakjellaren under sauefjøset. Foto: Privat

Det var like før midnatt siste laurdag i advent at Kirsten Kverneland i Time i Rogaland la ut ein takk til brannfolka på Bryne og i Stavanger på Facebook.

Bak takken låg nokre dramatiske timar. Kverneland har 16 ammekyr av rasen Charolais, rundt 65 vinterfôra sau av rasen norsk kvit, og fôrar i tillegg opp slaktekylling. Det var ei ku som laga dramaet denne dagen.

Tom bås

Kverneland fortel at kyrne står i båsfjøs, og det var då ho i 6-tida om ettermiddagen gjekk inn for å skrapa møkk bak dei at ho brått oppdaga ein tom plass.

– Først tenkte eg at eg kom til å finne to kyr i ein annan bås, men det gjorde eg ikkje. Kua var rett og slett borte, og å ikkje vite kvar ho var, var ei skikkeleg ekkel kjensle.

Kverneland begynte å leite, og etter litt fann ho kua liggande i ein sauebinge i ein heilt annan del av fjøset. For å kome dit hadde kua først kome seg laus frå bandet, så gått gjennom eit fôrrom, langs heile fôrgangen til sauene, og så brote seg inn i ein binge. Hol i golvet i sauebingen viste at ho hadde gått litt fram og tilbake, før ho hadde trødd seg heilt gjennom.

– I sauefjøset er det tregolv av lerk, men det er absolutt ikkje dimensjonert for ei ku på over 700 kilo, seier Kverneland.

Kverneland seier at ho ikkje gjekk heilt bort til kua, for å ikkje gjere ho meir uroleg, men at ho trur ho hadde alle fire føtene gjennom golvet, men at buken kvilte på ein betongdragar.

Døypt om

Kua med nummer 1349 har no fått namnet Andrea, etter naboen Andreas Aarsland, som var den første Kverneland ringde til.

Aarsland skulle akkurat begynne kveldsmjølkinga av sine eigne kyr, men fekk dottera til å ta over mjølkinga og fekk med seg sonen over til Kverneland.

– Han er den perfekt naboen å ringe når noko skjer, seier Kverneland.

Etter å ha snakka med naboen, fann Kverneland fram alt ho hadde av stropper, jekkar og vinsjar, og gjekk inn for å sjå til kua igjen. Då var ho på nytt borte. No hadde kua ramla heilt ned i møkkakjellaren.

– Eg såg ho ikkje rett under holet, og sjølv om det var eit tjukt lag med sauemøkk i kjellaren og ganske tørt, visste eg ikkje korleis ho hadde takla fallet.

Kverneland samanliknar laget med sauemøkk med myr, og om kua hadde landa med hovudet først, kunne ho sett seg fast.

Såg det blinka i eit kuauge

– Men då eg lyste inn i kjellaren, såg eg det blinka i eit kuauge, og var eit auge synleg var nok heile hovudet fritt.

Men no fann Kverneland og naboen ut at oppgåva var blitt for stor til dei. Å heise ei ku på beina i ein fjøs er ein ting, å hente ho opp frå ein møkkakjellar noko heilt anna.

– Eg ringde 110 og forklara situasjonen. Dei sa med ein gong at dei var rette staden å ringe, det var snakk om ei dyreredning, og det var ei av arbeidsoppgåvene deira og noko dei var trent i å gjere.

Annonse

– Vi kjem med ein gong, sa brannvesenet frå Bryne.

Etter berre nokre minutt var dei på plass. Dei såg raskt an situasjonen, og ringde etter røykdykkarar frå Stavanger som kom litt etterpå.

– Dei hadde jamvel eige sett med masker til å bruke ved dyreredning. Og brannmennene kunne verkeleg handtere kyr, seier Kverneland.

– Eg tulla med dei og sa at 15 brannmenn på garden ikkje akkurat vart den fredelege laurdagskvelden eg hadde tenkt meg.

Kverneland seier at medan ho venta på brannfolka kontakta veterinæren som hadde vakt for å spørje om kua kanskje burde bli bedøvd før redningsaksjonen.

– Han er ein rutinert veterinær med stor kjennskap til kyr, og han sa at det trudde han ikkje.

For det første var kua truleg full av adrenalin, og dersom ho skulle bli bedøvd, ville ikkje kjøtet kunne brukast ved nødslakt, i tilfelle det skulle bli utgangen av aksjonen.

Hjelpte seg sjølv ut

I ettertid ser Kverneland at berginga nok gjekk lettare fordi kua var medviten. Ho vart vinsja ut, og den siste biten hjelpte dyret seg sjølv ut.

– Brannmennene var så tydelege på rolla si, og tok med ein gong over rolla som skadestadsleiarar. Dei passa også på både meg, naboen og sonen til naboen. Dei hadde stålkontrollen på skadestaden. Eg fann fram grinder til å klar til kua når ho kom ut, og då eg stilte meg å innsida av dei, vart eg kjapt løfta ut – fordi dei meinte at det ikkje var sikkert nok å stå der viss kua vart vill.

Kverneland seier at det er så utruleg trygt å vite at det er mogleg å få hjelp i ein slik situasjon.

– Då eg skreiv innlegget tenkte eg på for nokre heltar desse brannmennene er. Dei er ofte dei som kjem først til ein skadestad, og sjølv om dei er spydspissane for samfunnet i vanskelege saker, må dei likevel kjempe for løyvingar. Eg har ikkje trengt dei før, men når eg gjorde det, var dei så rolege og proffe, sjølv om det var snakk om eit dyr. Det er godt å vite i eit område med så mykje husdyr som på Jæren.

Andrea har fått nytt namn etter hendinga, men verkar elles ikkje vere særleg prega.

– Eg undersøkte ho nøye då ho var komen inn, og fann berre ei skramme på eit par centimeter på eine hasen. Då eg gav ho litt kraftfôr åt ho det, og ho åt roleg av silofôret også.

Viktig med kollegium og gode naboar

– Korleis reagerte sauene på at det kom ei ku inn i bingen deira?

– Dei verka litt forundra der dei stod, men hadde heldigvis stuva seg saman i den andre enden av bingen, og eg stengde dei rakst av, så ingen av dei datt ned.

– Takk og pris for dei profesjonelle folka. Det gjorde godt for meg at dei framheva at dette var ei oppgåve som høyrde til under dei, og at eg ikkje var til bry for dei. Dei forsikra at dei hadde vore med på vanskelegare oppgåver enn dette. Dei var rett og slett rause. All ære til dei!

Kverneland takkar også naboen varmt.

– Det er godt og viktig å ha ein nabo å ringe når noko skjer. Å vere ein del av eit kollegium og ein naboskap som bonde, det er kjempe, kjempe viktig.

Neste artikkel

Ola (57) har «kugalskap»: – Det har bare ballet på seg