Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bondelagsleiar meiner alle bønder bør slå ein tredje gong

Leiar Anders Felde i Sogn og Fjordane Bondelag meiner alle bønder i solidaritet bør gjødsle for ein tredje slått. Forslaget får støtte frå Bondelaget sentralt.

– Det viktigaste no, er at alle – sjølv om dei ikkje treng det – gjødslar opp att arealet etter andreslåtten og går for ei tredje avling, seier Felde til NRK Sogn og Fjordane.

Annonse

Bondelaget sentralt støttar forslaget frå Felde.

– Med den kraftfulle fôrkrisa som no er i Sør-Noreg, og den manglande halmavlinga som etter kvart er situasjonen på Austlandet, så meiner eg dette er eit godt tiltak, seier leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag til kanalen.

Neste artikkel

Arrangørene av Femundløpet frykter vindkraftplaner