Det skjer under finalekvelden i Det Norske Måltid i Stavanger.
Sidan 2003 har ein jury kåra årets Bondelagskokk, som plar har tittelen i to år. Felles for vinnarane er innsatsen deire for å fremje bruken av norsk råvarer, mattradisjonar og produsentar.
Dei to siste åra er det Nils-Henning Nesje, som har vore Bondelagskokk.
– Det er imponerande å sjå at så mange fagfolk ønskjer å satse på norske ressursar og ser på norske produkt til å ha såpass høg kvalitet at dei vil etablere ei framtid og eit livsverk rundt det. Alle dei tre nominerte ønskjer å fortelje ei historie gjennom maten dei serverer både gjestar og tilsette, seier jurymedlem og kokk Even Ramsvik.
I juryen er i tillegg kjøkkensjef Mette Beate Evensen ved Røst Teaterbistro i Trondheim, kokk Jørn Lie eier av Gamle Raadhus restaurant og Vaaghals og juryleiar Lars Petter Bartnes, leiar i Noregs Bondelag.
Dei tre finalekandidatane er i år:
Halvar Ellingsen: Han flytta heim til Nord-Noreg for tre år sidan og driv eit cateringfirma frå Sigerfjord i Vesterålen.
Thomas Valø: På Buøy Gård på Buøya nord på Trøndelagskysten driv Thomas Valø som kjøkkensjef, bonde og eigar.
Fredric Klev: Fredric har dei to siste åra vore kjøkkensjef og medeigar i Sellanraa Bok & Bar i Trondheim. På Sellanraa er fokus å gi gjestane ei god oppleving innan mat, drikke og litteratur.