Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bonde må i fengsel for vanstell av kyr

Ein bonde frå Fredrikstad er dømt til fengsel i åtte månader for vanstell av kyr.

Dyra til Fredrikstad-bonden var magre, stod i møkk og var fulle av lus. Foto: Mattilsynet

I dommen står det at mannen let dyr stå i avføring i mange månader, og at han aldri forsøkte å tilpasse fôrmengde og kvalitet til det dei enkelte dyra trong. Det vart kamp om maten og dei svakaste dyra fekk for lite mat, skriv NRK Østfold.

Fleire av dei 50 dyra til bonden var sterkt avmagra, og 23 vart køyrt til nødslakt etter at dyrehaldet vart tvangsavvikla.

Mannen er også frådømt retten til å eige produksjonsdyr i ti år.

Dommen er strengare enn påstanden frå aktor, som var på fem månader i fengsel og tap av retten til å eige dyr i fem år.

Annonse

Det er ti år sidan Mattilsynet skreiv den første tilsynsrapporten om garden. Då fann dei ein kalv med brekt bein bak låven.

Av forholda som vart kritisert er garden var også det at oksar og kviger gjekk i same binge, at mannen ikkje hadde kontroll på kva dyr som var drektige og når dei skulle kalve, og at det var stor fare for innavl. Dyra var også sterkt angripne av lus.

– Ingen som jobbar med dette unngår å bli sjokkert av sjå slikt, sa avdelingssjef Jarle Bergsjø i Mattilsynet til NRK etter tilsynet.

Neste artikkel

Samler inn penger til dømt melkebonde