Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Biskop om jordvern: – Ikkje for seint å snu

Etter tung kyrkjeleg motstand i Time mot utbyggingsplanar midt i matfatet på Jæren, seier biskopen i Stavanger at det ikkje er for seint å snu.

Forvaltaransvar: Biskop i Stavanger, Anne Lise Ådnøy, seier matjorda er noko vi har til låns på vegner av Gud og komande generasjonar. Ho seier det ikkje er for seint for politikarane å snu sjølv om prosessane har rulla ei stund. Foto: Marie von Krogh, Stavanger bispedømme
Forvaltaransvar: Biskop i Stavanger, Anne Lise Ådnøy, seier matjorda er noko vi har til låns på vegner av Gud og komande generasjonar. Ho seier det ikkje er for seint for politikarane å snu sjølv om prosessane har rulla ei stund. Foto: Marie von Krogh, Stavanger bispedømme

I Time på Jæren har det blussa opp ein stor jordvernstrid der stadig fleire går imot å bygge ned 150 mål førsteklasses matjord utanfor Bryne.

Eit opprop mot nedbygging har fått brei oppslutning på grasrota. Ein av grunneigarane går òg imot, Fylkesmannen ber lokalpolitikarane snu og landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) har kalla det galskap å bygge ned dyrka jord.

KrF i Time, som truleg er på vippen i saka, har derimot ikkje uttrykt vilje til å snu. Det har dei fått kraftig motbør for frå øvste kyrkjelege hald i Time. Ei rekke av dei øvste tillitsvalde i kyrkja i Time, deriblant leiar og nestleiar i Time kyrkjelege fellesråd, gjekk måndag ut med klar oppmoding til politikarane om å snu og ta vare på matjorda.

Påtroppande prost på Jæren rosar også jordvern-engasjementet og snakkar varmt for jordvern.

Fakta

Matjord, jordvern og Time

3% av landarealet i Norge er matjord. Det kan gå 1000 år å danne 10 cm jord. Norge er blant landa i verda som har minst matjord per innbyggar.

Stortinget har vedtatt eit mål om at maks 4000 mål dyrka jord skal kunne brukast til andre formål per år innan år 2020.

Det er kommunane som styrer arealbruken gjennom reguleringsplanar og som kan gi grønt lys for å omdisponere jord frå landbruksformål til utbyggingsformål.

Time på Jæren er ein av kommunane som bygger ned mest jord. Frå 2005 til 2019 omdisponerte Time 1390 mål dyrka jord, nær 93 mål i snitt per år. Berre 10 kommunar omdisponerte meir. Tar ein med dyrkbar jord omdisponerte Time til saman 4029 mål ifølgje SSB. Berre 3 kommunar i heile landet har bygd ned meir jord dei siste 15 åra.

Det går for tida føre seg to store jordvernstridar i Time. 150 mål dyrka jord kan måtte vike til fordel for industri, lager og sal av plasskrevjande varer. I ein annan kant av kommunen er det planar om å bruke opp mot 2000 mål jordbruksjord til utbygging av datasenter.

– Må ikkje bli frista

Biskopen i Stavanger Bispedøme, som omfattar alle kyrkjesokn i Rogaland, seier det er fint med engasjement rundt jordvern på grasrota i kyrkja.

Sjølv vil ho ikkje ta stilling i konkrete saker, men ho seier det er viktig for kyrkja å ta vare på matjorda som ein del av skaparverket.

– Som biskop er eg ikkje i ein posisjon der eg kan gi råd til politikarar. Eg kan ikkje dirigere nokon, men det er eit tankekors å bygge ned matjord når vi har så lite frå før, seier Anne Lise Ådnøy, som er biskop i Stavanger.

Ho viser til at berre tre prosent av arealet her i landet er matjord. Ådnøy seier ho stiller seg bak det kyrkja skriv om matjord og nedbygging av jord under «Grønn kirke». Under avsnittet «Stopp nedbyggingen av matjord» står følgjande:

«Alle land må sikre matproduksjonen og ikke bli fristet til å bygge ned mer matjord, selv om det på kort sikt kan være lønnsomt å bruke jordene til bygg og infrastruktur framfor livsviktig matproduksjon».

Kyrkja skriv vidare også at «Mange av de store byene i verden ligger i gode jordbruksområder som blir ofret når byene vokser», og vidare: «Slik forsvinner noe av den aller beste matjorda først».

Ådnøy seier matjorda og eigen matproduksjon er viktig av mange årsaker.

– Vi treng tryggleik for at vi kan produsere mat i dette landet. Ut frå klimaomsyn er det viktig å produsere mat så nær forbrukarane som mogleg. Det blir også brukt mykje mindre antibiotika i matproduksjonen her i landet. Maten er tryggare her og vi har strengare kontroll, seier Ådnøy til Nationen.

– Ikkje for seint å snu

Ådnøy seier ho trur det som kyrkja skriv om matjord og matproduksjon er representativt for synet til mange i kyrkja. Ho utelukkar ikkje at jordvern kan bli ei viktigare sak for kyrkja framover i takt med klimaendringane.

Annonse

– Om vi set jordvern inn i eit klimaperspektiv, så vil det kunne bli stadig viktigare framover, seier Stavanger-biskopen.

Som Nationen før har skrive er det globalt sett lagra meir karbon i matjord enn i atmosfæren og vegetasjonen samla. Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) har før anslått at det i snitt er lagra rundt 70 tonn CO2 per mål med jordbruksjord her i landet eller samla sett rundt 13 gonger meir enn dei samla årlege norske utsleppa av CO2.

Nedbyggingstruga: 150 mål førsteklasses matjord på Ree utanfor Bryne er truga av nedbygging. Ei rekke kyrkjetoppar i Time ber lokalpolitikarane snu og stoppe planane. Rogaland-biskop Anne Lise Ådnøy følger opp og seier det ikkje er for seint for politikarane å snu. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Nedbyggingstruga: 150 mål førsteklasses matjord på Ree utanfor Bryne er truga av nedbygging. Ei rekke kyrkjetoppar i Time ber lokalpolitikarane snu og stoppe planane. Rogaland-biskop Anne Lise Ådnøy følger opp og seier det ikkje er for seint for politikarane å snu. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Ådnøy seier at forvaltar-tankegangen står sterkt i kyrkja.

– Matjorda er ein del av skaparverket som vi er sett til å forvalte. Matjorda er noko vi har til låns på vegner av Gud og komande generasjonar, seier Ådnøy.

Ho viser til at ein ikkje får matjorda tilbake om den først er bygd ned, noko ho kallar eit tankekors.

– Bør politikarane tenke seg om ein gong til?

– Eg skal ikkje seie kva nokon skal gjere, men det er ikkje for seint å gjere om på ting sjølv om prosessane har rulla ei stund, seier Ådnøy til Nationen.

«Det er ikkje for seint å gjere om på ting sjølv om prosessane har rulla ei stund»

Anne Lise Ådnøy, biskop i Stavanger
Jordvern: Det er eit tankekors å bygge ned matjord når vi har så lite frå før, seier Anne Lise Ådnøy, som er biskop i Stavanger. Foto: Marie von Krogh, Stavanger bispedømme
Jordvern: Det er eit tankekors å bygge ned matjord når vi har så lite frå før, seier Anne Lise Ådnøy, som er biskop i Stavanger. Foto: Marie von Krogh, Stavanger bispedømme

Neste artikkel

Bygger på dyrka jord utan at jorda er rapportert for bygging