Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Betre vekstvilkår for grovfôret i år

Bøndene både på Aust- og Vestlandet har hatt sine utfordringar dei siste åra, men i år ser det ut til å verte jamt over gode avlingar i heile landet.

Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB scanpi
Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB scanpi

I år har forholda for grovfôrproduksjonen vore gode vest i landet, men rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving Vest, Torleif Bakke Haavik, seier han har ei oppfatning av at det er store forskjellar i korleis avlingane klarer seg i år i dei ulike landsdelane.

– Oppfatninga er at det er store kontrastar. Forholda for slåtten har vore gode her i år. Det er ikkje mange bønder som vart ramma av tørken i fjor på Vestlandet, så det ligg til rette for gode avlingar no, seier grovfôrdyrkaren frå Sunnhordland.

Tørken i fjor ramma bøndene aust i landet hardast, medan bøndene på Vestlandet hadde eit tilnærma normalår.

– Tørken i fjor har ikkje prega land- og jordbruket her vest i landet like mykje som i aust. Førsteslåtten i fjor kom litt seinare hos oss enn det den brukar å gjere, men vi henta oss inn igjen med andre- og tredjeslåtten, seier Bakke Haavik.

Han peikar også på den kjølige temperaturen som ein medverkande faktor for dei gode vekstvilkåra i år. Låg temperatur bidreg til at avlingane veks tettare og får fleire skot, også kalla busking.

Betra forhold i aust

Annonse

Jon Mjærum er rådgjevar for Norsk Landbruksrådgiving og seier det ligg an til å verte gode avlingar også i aust i år, men vil ikkje seie noko sikkert.

– Det ligg an til å verte eit kronår i år, men vi er ikkje sikre før avlingane er i hus. Til no har det vore ein veldig god og lovande vekstsommar, seier han.

Det er framleis delar av landbruket som har problem med ugras med djup pålerot, og bringebær som kjem på greinveksten frå i fjor.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NP
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NP

Store tap grunna vêr og klima

I 2017 vart det anslått at 80 millionar kroner i produksjonsinntekter gjekk tapt med uvêret og dei store nedbørsmengdene, skriv NRK. Under tørkesommaren i fjor har Norsk institutt for bioøkonomi anslått erstatningskrava til å ende på 3 milliardar kroner. Om lag 2 milliardar kroner har vorte betalt ut til bøndene som har fått erstatning. Om lag 15.000 bønder har søkt, 11.000 søknadar har vorte behandla.

(©NPK)

Neste artikkel

Norad og Meteorologisk institutt skal sørge for gratis værvarsel i Afrika