Kulturminneloven
Utgifter til gransking av freda kulturminne, eller tiltak for å verne dei i samband med inngrep, skal i utgangspunktet betalast av utbyggar.
Ved mindre, private tiltak skal staten dekke utgiftene heilt eller delvis om dei er urimeleg tyngande for tiltakshavar. I jordbrukssamanheng blir nydyrking under 15 mål over 5 år, drenering av inntil 100 mål jord eller bygging av inntil 3 km veg i løpet av 5 år rekna som eit mindre, privat tiltak.
Bygging av driftsbygningar til næringsformål blir ikkje vurdert som eit mindre, privat tiltak, ifølgje Riksantikvaren, men staten kan dekke kostnadene om det ligg føre særlege grunnar.