Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bartnes: - Framdrift, men fortsatt stor avstand

To dagar før fristen går ut melder leiaren i Bondelaget om framdrift i jordbruksforhandlingane, men at det fortsatt er stor avstand mellom partane.

Lars Petter Bartnes, leder i Norges bondelag, Leif Forsell, Statens forhandlingsleder, og Kjersti Hoff, leder i Småbrukarlaget forhandler om årets oppgjør. Foto: Siri Juell Rasmussen

Tysdag kveld, to dagar før fristen i årets jordbruksoppgjer går ut, melder leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, om framdrift i forhandlingane.

Partane har ifølgje Bartnes hatt to forhandlingsmøte i løpet av dagen. Bondeorganisasjonane og staten har sidan gått kvar til sitt for å jobbe vidare, melder han.

"Det er framdrift i forhandlingene, fortsatt stor avstand. Avtalt nye møter i morgen", skriv Bartnes i ei tekstmelding til Nationen.

Jobbar med å avklare rommet for moglege forhandlingsløysingar

Tidlegare på dagen tysdag melde statens forhandlingsleiar Leif Forsell om at partane jobbar med å avklare rommet for moglege forhandlingsløysingar.

"Forhandlingene er nå i en fase der partene søker å avklare rommet for mulige forhandlingsløsninger knyttet til de mest overordnede og prinsipielle spørsmålene (ramme, finansiering, enkelte andre større saker)", skreiv Forsell i ei tekstmelding til Nationen.

Kjersti Hoff, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, kalla på si side forhandlingane for konstruktive tidlegare på dagen.

- Det er konstruktivt. Vi ventar at det er mogleg å få til noko, sa ho til Nationen midt på dagen tysdag.

Det har ikkje lukkast Nationen å få ytterlegare kommentarar frå Forsell og Hoff tysdag kveld.

Fakta

Jordbruksoppgjeret

Kvart år forhandlar bondeorganisasjonane og staten om rammevilkåra og inntektsutviklinga for bøndene i jordbruksoppgjeret.

Driftsgranskingane til Nibio viser at inntekta til bøndene gjekk ned med 9500 kr til 323.300 kr per årsverk i snitt for 2017. Året før auka inntekta med 6000 kr.

Grunnlagstala frå Budsjettnemnda viser at bønder etter 2016 har hatt nær 70.000 kr svakare inntektsvekst per årsverk enn andre grupper i samfunnet ifølgje TBU har hatt. Bondeinntekta gjekk ned 22.600 kr per årsverk, medan andre hadde 45.800 kr i auke frå 2016 til 2019.

Kravet frå jordbruket er på 1920 mill. kr eller 31.000 kr pr. årsverk, noko som skal redusere inntektsgapet til andre grupper med 11.000 kr.

Tilbodet frå staten er på 1 mrd. kr, som skal gi ein potensiell inntektsvekst på 5 % eller 16.500 kr per årsverk.

Forhandlingane skal vere avslutta før 17. mai.

Annonse

1920 millionar mot 1000 millionar

Kravet frå bondeorganisasjonane var på 1920 millionar kroner i ramme, noko som skulle gi 31.000 kroner i inntektsvekst per årsverk.

Tilbodet frå staten var på 1000 millionar kroner i ramme, noko som skulle gi fem prosent inntektsvekst. Det utgjer 16.500 kroner per årsverk.

Med stabil prosentvis vekst som i kravet frå jordbruket ville inntektsgapet mellom bønder og andre grupper, med utgangspunkt i tala frå Budsjettnemnda og Teknisk berekningsutval, vere tetta innan 10 år.

Med tilbodet frå staten ville inntektsgapet målt i kroner auka år for år fram til år 2033, før avstanden teoretisk sett kunne begynne å gå ned igjen, og gapet kunne blitt utlikna i år 2057. Vilkåret er at det same prosentvise tillegget ville blitt gitt kvart år framover for begge grupper som skissert i tilbodet.

Slik slår kravet og tilbodet i årets jordbruksoppgjer ut for ulike produksjonar: (trykk på rullegardin-menyen for å velje sektor)

Følg utviklinga i forhandlingane og les siste nytt om forhandlingane og reaksjonar på forslaga på Nationen.no.

Neste artikkel

KrF gjer ein skilnad!