Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

No veit Hoksrud kor mange spener kua har

Bård Hoksrud (FrP) forlèt vervet som landbruks- og matminister i dag. På dei 145 dagane han har vore statsråd har Hoksrud mellom anna endeleg lært kor mange spener kua har.

Avtroppende landbruksminister Bård Hoksrud (Frp) på vei inn til ekstraordinært statsråd på Slottet tirsdag. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Avtroppende landbruksminister Bård Hoksrud (Frp) på vei inn til ekstraordinært statsråd på Slottet tirsdag. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Etter vel fem og ein halv månad som landbruks- og matminister går Bård Hoksrud (Frp) ut av regjeringa.

Den første veka han var landbruksminister deltok han på Nationens landbruksquiz. Då hadde han ikkje stålkontroll på verken kyr eller landbrukspolitikk. På sin siste dag som landbruks- og matminister vart Bård Hoksrud testa på nytt.

Hadde han no lært kor mange spener som finst på ei ku?

– No veit eg det, smilte Hoksrud.

– Uformell tone

Då han skulle levere frå seg nøklane til Landbruks- og matdepartementet hadde han berre godt å seie om vervet Bollestad no skal inn i:

– Det er ein uformell og god tone her. Du kjem til å møte noen utfordringer, men jeg er trygg på at du vil gjøre den oppgaven på en god måte. Du tar over en veldig framoverlent og positiv næring, sa Hoksrud under nøkkeloverleveringen til Bollestad.

Olaug Bollestad meiner på si side at ho no tek over eit veldrive departement.

– Eg er svært audmjuk over å ta over denne stolen frå deg, Bård, sa ho.

Bård André Hoksrud leverer frå seg nøkkelen til den nye landbruksministeren Olaug Vervik Bollestad. 
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Bård André Hoksrud leverer frå seg nøkkelen til den nye landbruksministeren Olaug Vervik Bollestad. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Takkar for innsatsen

Annonse

Tysdag presenterte Erna Solberg den nye fleirtalsregjeringa med Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti.

Statsminister Erna Solberg takkar han for innsatsen.

Fleire statsrådar blir bytta ut som følge av at KrF trer inn i regjeringa. Ein av dei som må ut er Bård Hoksrud (Frp), som overlet styringa av Landbruks- og matdepartementet (LMD) til Olaug Bollestad (KrF).

Hoksrud har vore landbruks- og matminister siden månadsskiftet august-september i fjor.

– Eg vil takke Bård Hoksrud for ein kort, men god periode, seier statsminister Erna Solberg.

– For mange menn frå FrP

Siv Jensen (Frp) er òg nøgd med innsatsen Hoksrud har lagt ned som landbruks- og matminister.

– Han har løfta fram norsk matproduksjon og lokale råvarer. Bønder har fått fridom til å bestemme over eigen eigedom og produksjon, og talet heiltidsbønder har auka med seks prosent under blått styre. Det er eg stolt av, seier Jensen

I ein open spørsmålsrunde i statsministerbustaden forklarde Siv Jensen kva som gjer at Bård Hoksrud no må ut av regjeringa:

– Bård Hoksrud har ikkje gjort noko feil. Men no er det slik at det ikkje er plass til alle i ei regjering, seier Jensen, og held fram:

– Eg skulle gjerne sett Bård med vidare i regjeringa. Men KrF har mange flinke damer. Vi kan ikkje berre ha menn frå Framstegspartiet.

På spørsmål frå NRK svarar ho:

– Det var ikkje overraskande at KrF ville ha landbruksministeren. Frp har hatt posten i fem år.

Neste artikkel

Regjeringen holder fast ved like regler for hele landet