Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Avgrensar vinterjakt på rype

Store område blir stengde for rypejakt i vinter, medan dei opne jaktområda blir kvoteregulerte, melder Statskog.

Store område blir stengde for rypejakt i vinter. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Store område blir stengde for rypejakt i vinter. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Vi brukar den kunnskapen vi har, og legg til grunn eit føre-var-prinsipp, seier Krisitian Eiken Olsen som er fungerande fagsjef for jakt og fiske i Statskog.

Rypejakta har djupe røter blant jegerar i store delar av Noreg, men i vinter blir det kvotar på berre éi til to ryper. Bakgrunnen er at mange ryper blei skotne under haustjakta i tillegg til rypeteljing før jakta.

– Med 1700 kilometer med takseringslinjer har Statskog mest informasjon i landet når det gjeld utviklinga i rypebestanden. Teljingane gir oss ein viktig peikepinn og vi held teljingane opp mot talet på ryper som blir skotne i dei same områda, seier Eiken Olsen.

Annonse

I så å seie alle jaktregionane i Noreg er det skote fleire ryper i 2016 enn i 2016.

Neste artikkel

Utsetter landbrukets klimafond og "nuller ut" myr-penger