Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Åtvarar Listhaug mot å fjerne priskontrollen på landbrukseigedom

Forslaget om å fjerne priskontrollen får sterk motbør. Kostnadsvekst, gjeldsboble, meir leigejord og mindre matproduksjon blir trekt fram som konsekvensar.

Regjeringas forslag om å fjerne prisreguleringa på landbrukseigedom møter stor motstand både frå næringa, tunge landbruks- og distriktskommunar og Fylkesmenn. Foto: Mariann Tvete
Regjeringas forslag om å fjerne prisreguleringa på landbrukseigedom møter stor motstand både frå næringa, tunge landbruks- og distriktskommunar og Fylkesmenn. Foto: Mariann Tvete

Forslaget til landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) om å fjerne prisreguleringa for landbrukseigedom møter stor motstand både frå næringa, tunge landbruks- og distriktskommunar og Fylkesmenn. Det viser ein gjennomgang av mange av dei godt over 100 høyringsuttalane.

Les også: Kommune i konflikt om landbrukseigedom etter Listhaugs prisbrev

Frå fagfolk både i næringa og det offentlege blir det trekt fram at forslaget kan få ei rekkje uheldige konsekvensar for landbruket og matproduksjonen. Forslaget frå departementet får òg kritikk for mangelfull utgreiing og det blir trekt fram at effekten kan bli motset av det som blir oppgitt som intensjonen.

– Kan skape gjeldsboble

Norges Bondelag skriv i høyringsuttalen at oppheving av priskontrollen kan føre til at prisen går opp i mange område og at bonden og matproduksjonen tapar i konkurransen om jorda. Alternativt kan resultatet bli at bønder kjøper tilleggsjord til ein høgare pris enn dei kan forrente eller at dei baserer seg på leigejord i staden for å kjøpe.

Les også: Høgre trur på auka gardssal, KrF trur på prisauke

«Det første alternativet gir mindre matproduksjon, det andre grunnlag for en gjeldsboble i landbruket (slik vi har sett i for eksempel Danmark) og det tredje vil bidra til å øke leiejordsandelen», skriv Bondelaget.

Dei viser til at forslaget dermed vil vere negativt både i forhold til målet om auka og meir kostnadseffektiv matproduksjon, sidan høgare kostnader gir dyrare mat, og sett opp mot målet om redusert leigejordsandel. Avvikling av priskontrollen blir trekt fram som negativt for målet om å ta vare på god matjord. Bondelaget trur òg det blir mindre pengar att til investering i drifta om kjøpssummen går opp.

«Alternativet er å ta opp høyere lån, hvilket vil føre til økt forgjelding av landbruket», skriv Bondelaget, og viser til at fleire andre land som Tyskland har reglar om priskontroll og forkjøpsrett for å motverke slike effektar.

I staden for å avvikle priskontrollen ber Bondelaget om at det blir sett ned eit utval som vurderer eigedomsreglane i lys av dei landbrukspolitiske måla.

Les også: Erna Solberg ga ikke svar på kontrollbrev om landbrukseiendom

«Alternativet er å 
ta opp høyere lån, 
hvilket vil føre til 
økt forgjelding av 
landbruket.»

Annonse

Norsk Bonde- og Småbrukarlag skriv at forslaget til departementet ikkje bør gjennomførast. Dei meiner omgrepet «priskontroll» er misvisande, og at det er snakk om ei prisvurdering. Småbrukarlaget skriv at matjord er ein knapp ressurs og ikkje eit spekulasjonsobjekt, og at dei einaste som vil tene på forslaget er dei som skal selje seg ut av næringa.

«Inngangsbilletten for unge som skal inn i næringa og oppfylle departementets ønske om økt rekruttering til jordbruket vil derimot bli mye dyrere», skriv Småbrukarlaget.

Stor motstand

Ei rekkje tunge landbruks- og distriktskommunar, også enkelte kommunar dominert eller styrt av Høgre og Frp, går sterkt imot forslaget. Blant dei er til dømes Bjerkreim, Vindafjord, Suldal, Tolga, Tynset, Oppdal og Steinkjer. Høgrestyrte Bjerkreim skriv at fri prissetjing vil auke kapitalkostnadene og svekkje inntekta, og at staten eventuelt må auke overføringane endå meir om inntekta skal oppretthaldast.

Kommunane på Hadeland og i Gjøvikregionen er i ein felles uttale kritisk til forslaget. Dei skriv at det er tvilsamt om fjerning av prisvurderinga vil bidra til å oppnå eit effektivt vern av landbrukets produksjonsareal eller eigar- og bruksforhold som er mest gagnlege for samfunnet.

Landbrukstunge bykommunar som Sandnes og Sarpsborg meiner etter politisk behandling at konsekvensane er for dårleg belyst. Det meiner òg Orkdal etter eit forslag fremja av Venstre. Sarpsborg skriv at ulempene er større enn fordelane. I Eidsvoll går òg fleirtalet imot forslaget.

Tvisyn i Høgre-kommunar

I landbrukstunge og Høgre-styrte kommunar på Jæren er synet delt. I Klepp blir høgare kostnader trekt fram som ein negativ konsekvens og fleirtalet støttar at forslaget ikkje bør gjennomførast. I Time gjekk innstillinga imot, men eit knapt fleirtal av Høgre og Frp støtta forslaget. I Hå er innstillinga ikkje avvisande, men det blir trekt fram at konsekvensane av alle forslaga må belysast samla.

«Desse endringane vil få store konsekvensar for bøndene og i neste omgang styresmaktene», står det i uttalen.

Blant konsekvensane som blir trekt fram er at høgare kapitalkrav vil gi behov for større overføringar og at ein auke i prisane på landbrukseigedomar kan føre til fleire konkursar i landbruket.

I Nationens e-avis for onsdag 5. februar kan du også lese kva Fylkesmannen i Rogaland, Magnhild Meltveit Kleppa, meiner om å fjerne prisreguleringa på landbrukseigedom.

Neste artikkel

10.000 færre eigedommar har konsesjonsplikt med nye reglar