Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Arla aukar utbetalinga til mjølkebøndene – igjen

For femte månaden på rad aukar meierikonsernet Arla prisen dei svenske bøndene får for mjølka dei leverer.

Arla Sverige aukar betalinga til dei svenske mjølkebøndene. Foto: Jon-Fredrik Bækgaard Klausen
Arla Sverige aukar betalinga til dei svenske mjølkebøndene. Foto: Jon-Fredrik Bækgaard Klausen

– Vi gjer alt vi kan for å kompensere for det historisk høge kostnadsnivået på gardane, seier Kai Gyllström i Arla Sverige i ei pressemelding.

I juli vert prisen auka med 19,7 øre for både økologisk og konvensjonelt produsert mjølk i Sverige.

Den såkalla contoprisen for konvensjonell mjølk blir med det 577,6 øre per kilo og for økologisk mjølk 639,1 øre per kilo.

Sjølvforsyning og matproduksjon

Gyllström skriv i pressemeldinga at dei er glade for at dei kan auke utbetalingsprisen for mjølk til eigarane, mjølkebøndene.

– Å ha ein matproduksjon som fungerer i Sverige er ekstra viktig når omverda er uroleg. Vi i Arla gjer alt vi kan for at eigarane våre skal kunne halde fram å drive gardane sine, slik at behovet for svenske basisvarer som mjølk, smør ost og yoghurt blir dekka, skriv Gyllström.

Arla Foods er eit internasjonalt meieriselskap som er ått av 8.900 mjølkebønder i Sverige, Danmark, Tyskland, Storbritannia, Belgia, Luksembourg og Nederland.

Arla er verdas største produsent av økologiske meieriprodukt og ein av dei sterkaste aktørane i den internasjonale meieriverda.

Produserer mindre i Europa, New Zealand og Australia

I pressemelding samanfattar konsernet også situasjonen for verdas mjølkeproduksjon. Så langt ligg den under prognosen, og sjølv om prisane er rekordhøge, har det ikkje bidratt til å auke produksjonen. Ved utgangen av mars var produksjonen gått ned med vel ein produsent i EU og Storbritannia, samanlikna med året før.

New Zealand og Australia er prega av dårlege verforhold, og har begge gått ned med over 5 prosent i mjølkeproduksjonen, samanlikna med året før. Det einaste landet som har auka produksjonen er Argentina, som produserte to prosent meir mjølk i april i år enn dei gjorde same månad i fjor.

Neste artikkel

Kraftig resultatfall for Q-meieriene