Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Almenning har fått nytt nei til konsesjon på storgard

Brøttum Almenning kjøpte i 2019 storgarden Gammelstu Stai gard i Stor-Elvdal. No har statsforvaltaren i Innlandet sagt nei til å gi dei konsesjon.

Gammelstu Stai har vore i same slekta i nesten 500 år og 13 generasjonar, før han no vart lagt ut for sal. Foto: Håvard Zeiner
Gammelstu Stai har vore i same slekta i nesten 500 år og 13 generasjonar, før han no vart lagt ut for sal. Foto: Håvard Zeiner

Dermed har Statsforvaltaren støtta standpunktet til formannskapet i Stor-Elvdal om å ikkje gi almenninga konsesjon.

Almenninga kjøpte Gammelstu Stai gard med Hirkjølen skog og Seljordet gard frå same seljar for noko over 82 millionar kroner, men har søkt om to konsesjonar.

Prisforlangande på 102 millionar kroner

Garden vart i utgangspunktet lagt ut for sal i 2019 med ein prisforlangande på 102 millionar kroner.

Då Brøttum Almenning i Ringsaker kjøpte eigedomen, var det gjort utan at konsesjonen var i orden.

Styret i Brøttum Almenning har hatt styremøte om saka og styrar, Jan Tore Hemma, seier til NRK at dei har fleire moglegheiter.

– Det heilt openberre, som fylket har sagt, er å selje. Men det er også mogleg å klage vedtaket inn for departementet. Det skal vi finne ut av no, seier han.

Annonse

Frist for å seld garden

Kommunen kjem no til å gi almenninga ein frist for når dei må ha seld garden

Gamelstu Stai har vore i same slekt i nesten 500 år og gjennom 13 generasjonar. De består av fleire bygningar og store landbruksareal, i tillegg til store skogområde. Totalt er den på neste 62.000 dekar. Til garden høyrer jaktrettar, og turisme har vore ein stor del av drifta.

I avslaget på anken skriv Statsforvaltaren: "Statsforvalteren tar ikke klagen til følge. Konsesjon til Brøttum Allmenning er ikke en driftsmessig god løsning og ivaretar ikke hensynet til helhetlig ressursforvaltning og kulturlandskapet. Gammelstu Stai er en landbrukseiendom med godt grunnlag for personlig eierskap og drift i fremtiden. Statsforvalteren kan heller ikke se at det er fordeler ved at allmenningen får konsesjon, sammenlignet med personlig eierskap. Kommunens vedtak om å avslå konsesjonssøknaden, stadfestes."

Til avisa Østlendingen seier Hemma at han ikkje forstår at Stor-Elvdal kommune ikkje vil at almenninga skal eige og drive garden.

– Kommunen seier ja til konsesjon på landbrukseigedomar til aksjeselskap, det aksjane kan seljast vidare utan konsesjonsbehandling. Men dei seier nei til ei allmenning der eigarstrukturen er fast. Det er vi forundra over.

Neste artikkel

Slik har frisleppet påverka salet av landbrukseigedom