Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

7,8 millionar til genressurstiltak

Landbruksdirektoratet har sett av drygt 7,8 millionar kroner til 62 prosjekt som skal vareta genetiske ressursar hos norske husdyr, kulturplanter og skogtre.

Genbanken for verpehøns er blant dei som har fått støtte til drift. Foto: Kari Hamre / NPK

For å tilpasse matproduksjonen til nye behov og sikre biologisk mangfald er det avgjerande å ta vare på genetiske ressursar for mat og landbruk. Dei genetiske ressursane kan spele ei viktig rolle i å tilpasse landbruket til klimaendringane.

Annonse

Direktoratet har løyvd pengar til blant anna driftsstøtte til genbanken for verpehøns og bevaringsbesetningar av smålensgås, norsk kvit gås og grå trøndersau. Tilskot er også tildelt fleire klonarkiv for bevaringsverdige planter og drift og aktivitetar hos avls- og raselag for storfe, sau og geit.

Det er også gitt tilskot til ein del prosjekt, blant anna forsking om immunkomponentar i mjølk frå bevaringsverdige norske storferasar, utval av norske skogtre til grøntanlegg og uttesting og bruk av historiske nordnorske kornsortar.

Neste artikkel

Mattilsynet skulle sjekke brannvarslere - fant 24 døde dyr