Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

2020 er internasjonalt plantehelseår

God plantehelse er naudsynt for den globale mattryggleiken, derfor har FN erklært 2020 til det internasjonale plantehelseåret.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad er med bonde Laurits Stokkeland å høster inn gulrot på Brusand i Hå kommune. Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix
Landbruks- og matminister Olaug Bollestad er med bonde Laurits Stokkeland å høster inn gulrot på Brusand i Hå kommune. Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

Klimaendringar, global handel og meir reiseverksemd set plantar i fare for nye skadegjerarar og endra dyrkingsforhold. Globalt er opptil 40 prosent av avlingar til mat og fôr i fare for å gå tapt på grunn av skadegjerarar, skriv regjeringa på sine nettsider.

I Noreg blir plantehelseåret markert med ein konferanse på Vitenparken i Ås i april.

Annonse

– I Noreg har vi generelt god plantehelse, men vi er utset for dei same utfordringane som i resten av verda. Derfor skal vi gjere landbruket godt rusta for nye utfordringar i åra som kjem, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad. Ho skal delta på konferansen i Ås.

FN skal bruke året til å auke merksemda om kva god plantehelse betyr for svolt og fattigdom, og korleis det påverkar miljøet og økonomisk vekst.

Neste artikkel

Forskningsrådet gir 160 millioner til forskning på bærekraftig matproduksjon