Satayspyd kan vere så mangt. Prinsippet er at kjøtt som kylling, svin, lam, geit eller storfe blir tredd på bambusspyd og steikt, bakt eller grilla over kol. Også fisk eller tofu kan brukast. Men vanlegast er kylling, som i denne oppskrifta.
Spyda blir serverte rykande ferske med ein feit og aromatisk saus av peanøttsmør og soya. Ved sida av er det vanleg å servere ei form for mjuke, klistrete riskaker.
Slike spyd har vorte ein favoritt heime hos meg, ikkje minst hos barna. Det er noko med slike retter som er fullpakka med umami, utan å ha for mykje sterkt krydder eller syre – dei slår nesten alltid an. Så vil du lage noko ungane set pris på, sjå etter rettar med umamiprega smaksforsterkarar som soyasaus, parmesan eller juksevarianten av msg-pulver som er mykje å finne i kinesisk mat.
Den som har ansvaret for middagslaginga, er også veldig begeistra for satayspyda. For sjølv om det kan sjå litt omstendeleg ut, går det innmari raskt å lage dei. Dei kan steikjast i panne, bli bakte i omn eller aller helst grilla på ein god og varm kolgrill.
I staden for ris har eg valt couscous som tilbehøyr, mest fordi det også går svimlande raskt å lage. Det er dessutan ei enkel sak å gjere couscousen ekstra god og sunn ved å koke han saman med terningar av grønsaker, litt buljong og krydder. Couscous kokar raskt og absorberer mykje smak, så her er det berre å trykkje på med gode ting frå starten, så blir det godt til slutt òg.
Eg brukte enkle og tilgjengelege grønsaker i couscousen denne gongen, men det er også eit ypparleg høve til å få brukt sesongvarer. Bruk den same teknikken, og kok couscousen med til dømes hakka kantarellar, piggsopp, steinsopp eller fåresopp. Anten du bruker éin av desse soppane eller blandar alle saman, blir det knallgodt. Ein slik varm couscous-salat med sopp er også veldig god til viltkjøtt.
Oppskrift
Kyllingspyd med peanøttsaus og couscous-salatIngrediensar (2 personar)
2 kyllingbryst
4 fedd kvitløk
0,5 raud chili
4 ms soyasaus
1 ms flytande honning
---
6 ms peanøttsmør
6 ms soyasaus
1 lime
0,5 boks kokosmjølk
salt
---
1 dl couscous
0,25 squash
0,5 paprika
0,5 raudløk
2 fedd kvitløk
1 bunt koriander
1 terning grønsakbuljong
1 lime
olivenolje
salt
1 avokado
1 neve peanøtter
Framgangsmåte
Start med å marinere kyllingen. Det kan gjerne gjerast nokre timar i førevegen, men sjølv 20 minutt i kjøleskapet gjer underverk.
Skjer kyllingbrystet i lange strimlar, som blir lagde i ein brødpose eller ziplock- pose. Set til finhakka kvitløk, chili, soyasaus og honning, og bland alt godt saman. Prøv å pakke posen saman så marinaden dekkjer alle flater. Legg posen i kjøleskapet medan du lagar couscousen.
Kutt squash, paprika og raudløk i små terningar. Knus og finhakk kvitløken. Fres dette i ein kjele med ein raus knert olivenolje til alt er blankt og mjukt. Tilset så 1,5 dl vatn og grønsakbuljong, og la det få putre eit par minutt før du tilset couscous, skrur ned varmen og set på eit lok.
La kjelen stå på medium til låg varme i cirka 10 minutt. Ta av loket og rør rundt. Smak til med salt, limesaft og grovhakka koriander.
Kok opp kokosmjølk med soyasaus, og tilset peanøttsmør. La dette få putre litt, og bland det godt saman med ein stavmiksar eller ein visp. Smak til med salt og limesaft.
Tre kylling på spyd som blir grilla, bakt eller steikt i panne. Om du steikjer eller grillar, så la kyllingen få god farge før du penslar på litt av sausen og steikjer vidare til han gjennomsteikt. Om du bakar spyda i omn, blir sausen lagd på frå starten. Bak dei då i omn på 200 grader i cirka 15 minutt, gjerne med grillelementet på.
Server spyda på couscous, og pynt med litt sataysaus rundt. Topp med peanøtter, avokadobåtar og litt frisk koriander. ©NPK