Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Viktig distriktsutdanning hamnar i byane

Mindre vidaregåande skular mistar yrkesfagtilbodet, og reiseliv er ein av dei store taparane, skriv Hanne Lykkja og Rhys Evans.

Guide Gro Skogekker får informasjon før dagens guidetur av dagleg leiar Oddveig Jakobsen i Arctic Guideservice og reiselivslærling Ingvild Hvoslef Lykkja.Foto: Hanne Lykkja
Guide Gro Skogekker får informasjon før dagens guidetur av dagleg leiar Oddveig Jakobsen i Arctic Guideservice og reiselivslærling Ingvild Hvoslef Lykkja.Foto: Hanne Lykkja

Reiselivet er i sterk vekst. Mange bygder og småbyar har ein natur- og kulturarv som den globale turistmarknaden spør etter. Spennande nye former for berekraftig turisme opnar nye dører til den veksande turistindustrien. Men også moglegheiter for å trø feil.

For å byggje opp under ei berekraftig utvikling, treng næringa ei stor gruppe med unge folk som både har praktisk erfaring og god utdanning, og som torer å ta utfordringa og tilby nye, spennande turistopplevingar til ein global marknad som er villig til å betale for det.

Utdanningsdirektoratet reviderer no yrkesfaga. Mindre årsklassar, færre elevar på kvar linje og krav om innsparingar gjer at mindre vidaregåande skular mistar yrkesfagtilbod, og reiseliv er ein av dei store taparane. Det er dei store skulane som har mangfaldet, og slik hamnar utdanninga til distriktsnæringane også i byane.

I reiselivsfaget er opplevingsproduksjon, sal og marknadsføring ein viktig del av studiet. Direktoratet ynskjer no innspel, med frist 4. september, på om vi skal behalde lærling-utdanninga (2 år skule + 2 år yrkespraksis) eller erstatte den med ei 3-årig yrkesretta studiespesialisering kombinert med språk. Innhaldet i utdanninga skal vurderast seinare.

• Les også: Er norsk reiseliv best i klassen eller bærekraftig?

Vinteren 2017 har Nærøyfjorden Verdsarvpark, Naturverkstaden Valdres og Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling gjennomført eit forprosjekt for å sikre reiselivsutdanninga ved Voss Gymnas og Øst-Lofoten videregående skole. Saman med faglærarane, opplæringskontora for Indre Hordaland og Nordre Nordland, næringshagar og ei rekke bedrifter har vi jobba fram ein ny og sprek profil for eit fagbrev i berekraftig reiseliv.

Vi har og laga to kortfilmar som profilerer det nye tilbodet. Erfaringane våre viser at potensialet for lærling-utdanninga i reiseliv ikkje er utvikla og testa ut godt nok. Bedrifter og elevar som har sett filmane, peikar på at ei lærlingordning i reiseliv med vekt på opplevingsproduksjon, språk og eit semester i utlandet er ei svært god og interessant løysing.

• Les også: Turistar treng rettleiing, ikkje berre tilrettelegging

Reiselivsaktørane vi har intervjua i Lofoten, Vesterålen og Nærøyfjord-området vil vere med å lage ei utdanning som gir praktisk erfaring og kompetanse. «Flåm AS ynskjer i aller høgste grad å vera med å påverke innhald i og utvikle gode lærlingplassar, og med det få den kompetansen som me ser er naudsynt inn i vår organisasjon», seier HR-manager Nils Asbjørn Lie.

Næringa slit med omdømme og lokal rekruttering sjølv på kjende reisemål. Mange innbyggjarar kjenner ikkje til, eller trur ikkje det er interessante jobbar i reiselivet. Ikkje eingong i område med verdsarvverdiar. Få ungdommar forstår kor verdifull eiga erfaring frå oppveksten kan bli for utvikling av ekte og autentiske opplevingar.

Dette er eit stort paradoks: Næringa treng meir kompetanse, ungdom likar å reise og vil gjerne jobbe internasjonalt, opplevingsbransjen er i sterk verkst, kundane spør etter i aukande grad både natur- og kulturopplevingar, og reiselivet er ei av dei største og raskast veksande næringane i verda.

Fagbrev er også aktuelt for dei som vil studere vidare. Som lærling kjem du rett inn på utvalde yrkesvegstudium ved høgskular og universitet. Høgskulen i Innlandet har til dømes utvikla ein y-veg til BA i serviceleiing og marknadsføring på Rena. Ikkje uventa gjer studentar med praktisk erfaring det godt der.

Vi skuslar bort mange talent om vi ikkje byrjar i den vidaregåande skulen.

Annonse

• Les også: – Det må vere harmoni mellom dei som bur ein stad og turistane som kjem dit på besøk

På ei samling med reiselivslærarar frå 15 fylke i vår vart konklusjonen at vi treng ei heilt ny satsing på informasjon og marknadsføring, reiselivsgeografi og språk, for å nå målgruppene og mobilisere til nyskaping. Sjølve tittelen på fagbrevet bør også endrast.

Søknaden til Øst-Lofoten videregående skole har eksplodert i år. Elevane på vg1 service og samferdsel og vg2 reiseliv på dei to skulane vil få mange spennande tilbod. No håpar vi departementet vil la oss få lov til å fortsetje med å utvikle lærlingordninga for reiseliv, også etter 2020.

Nærøyfjorden Verdsarvpark jobbar i nettverk med UNESCO-område frå heile verda på ei rekkje felt. Lofoten er på den tentative lista for verdsarvområde. Det er attraktive område som byrjar kjenne trykket av den auka turismen. Rekruttering av unge ungdomar til reiseliv og lokalsamfunnsutvikling vekker interesse internasjonalt. Det gir oss mange høve til å tenke globalt og handle lokalt.

Fråfall i norsk skule og liten søknad til yrkesfag gjer at vi meiner det er tid for å utvikle sjølve måten vi lærer på i skulen. Vi føreslår difor å bygge opp eit nytt fagbrev, basert på erfaringsbasert læring, ein yrkesfagleg pedagogikk tufta på to internasjonalt anerkjende utdanningsprinsipp. Prøveprosjektet i Lofoten inspirerte oss til å gå vidare med dette.

Det fyrste er ei pedagogisk tilnærming kalla konstruktiv læring. Her seier ein at læring er det som oppstår når ein elev testar ny informasjon mot si eiga livserfaring. Eleven blir trena i å ta ei aktiv rolle i sin eigen læreprosess. Det andre er praktisk basert læring, eller lærling-modellen. Dette er ikkje lenger sett på som gamaldags, tvert i mot. Gjennom heile Europa er praktisk yrkestrening, det å gå i lære, brukt for å hjelpe unge folk til å tileigne seg ferdigheiter som arbeidsgjevarar ser etter og som dei treng i nye, innovative næringar. Så også i Norge:

Dagleg leiar i Visit Harstad fortel «Det tok 2 år for oss å finne en lærling, og vi har sett at det ikke er aktuelt for studenter med bachelor i reiseliv å begynne som lærling i vår bransje. Samtidig er det et paradoks at de samme studentene mangler relevant erfaring til å få reiselivsjobber».

• Les også: Vi må tilrettelegge norske turmål for turister

Skal reiselivssektoren vekse og utnytte desse moglegheitene på ein berekraftig måte, må vi rekruttere og utdanne ein ny generasjon med unge norske elevar og studentar. Ungdom som utviklar ei god næring, samstundes som dei ser verdiane og tek vare på både natur, kultur og lokalsamfunn.

Ungdom som stolt vil ta ansvar for å utvikle og marknadsføre Norge som eit berekraftig reisemål. Som vil jobbe som proffe fagfolk i ein av dei sektorane som veks mest og som er mest innovative innanfor reiselivssektoren. Vi skuslar bort mange talent om vi ikkje byrjar i den vidaregåande skulen.

Neste artikkel

– Jeg har veldig mye å lære