Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Varige verdiar og hastig handel

Det meste av æra for at norske småkraftverk er komne på utanlandske hender har kraftselskap som Statkraft, E-CO og BKK. Framfor å satsa på varig verdiskaping i Bygde-Noreg, hausta dei gevinstar på sal.

Utbygginga av småkraftverk i Noreg har vore nesten eksplosiv etter år 2000. Fleire hundre småkraftverk er bygde og nye er i emning. Stadig er det kritisk fokus på utanlandsk kapital si viktige rolle. Finst det verkeleg ikkje norske investorar? Det er verdt å minna om at dei største og mest drivande investorane i småkraft i fleire år var norske. I 2014 og 2015 valde store offentleg eigde kraftselskap å selja alle sine småkraftverk til utlandet.

Dette kjem fram i ein ny historisk studie som er publisert i tidsskriftet Heimen. Studien teiknar hovudliner i utviklinga av norsk småkraft etter 2000. Den spring ut av eit større forskingsprosjekt ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal (RELEASE/Noregs forskingsråd) som studerer korleis satsinga på fornybar energi spelar inn i lokalsamfunna.

Den nye energilova av 1990 gav opningar, men i fleire år var det omtrent berre grunneigarar med fallrettar som hadde interesse av småkraftverk. Først då statsminister Jens Stoltenberg i nyårstalen i 2001 annonserte at tida for dei store kraftutbyggingane var over, vende fleire store kraftselskap blikket mot nye lovande forretningsområde. I høgt tempo vart tung ekspertise og mykje kapital sett inn i småkraft. Eit par døme er særleg slåande.

Småkraft AS vart skipa i 2002 av den såkalla «Statkraftalliansen»: Statkraft, BKK, Skagerak Energi, Trondheim Energiverk og Agder Energi. Norsk Grønnkraft AS vart skipa i 2004 av Akershus Energi, EB Kraftproduksjon, E-CO Energi og Østfold Energi. Småkraft AS hadde i 2015 heile 45 kraftverk i drift og nær 100 under utvikling. Året før talde Norsk Grønnkraft AS opp 33 småkraftverk frå Lindesnes i sør til Hemnes i nord.

Båe selskapa hadde då i fleire år lukkast med å få til ein serie utbyggingsavtalar med grunneigarar. Grunneigarane vart lovde leigeinntekter. Kraftselskapa eigde kraftverket og tok heile den økonomiske risikoen, og sto fram med sut for både grunneigarar og verdiskaping i distrikta.

Annonse

Med sviktande kraftprisar og høgare utbyggingskostnader måtte dei gode omsyna vika. I 2014 fekk det tyske investeringsfondet Aquila Capital kjøpa aksjepostane i Norsk Grønnkraft AS. Året etter kunngjorde Statkraft sal av Småkraft AS til same kjøpar. Aquila slo snøgt dei to selskapa saman i det nye Småkraft AS. Med eitt var Aquila Capital den største operatøren av norske småkraftverk, og selskap som Statkraft og E-CO noterte seg samstundes for fine salsgevinstar. Handlemåten hadde eit visst spekulasjonspreg, men i ordna former.

Til all lukke tyder det meste på at den utanlandske kapitalen som dreg nytte av desse vilkåra, både er seriøs og langsiktig.

Andre og meir smertefulle døme finst i nord. Tradisjonsrike Troms Kraft og Nordkraft heldt på å gå fullstendig på trynet etter å ha satsa stort og kjøpt småkraftrettar til overpris. Båe selskap gjekk på formidable tap og måtte selja i tidsrommet 2012 til 2015. Utanlandsk kapital sto klar.

Alle regjeringar frå 2001 og fram til og med Erna Solberg si regjering i 2018 har fremja utbygging av småkraftverk. Konsesjonsvilkår, grøne sertifikat og skatteordningar har vorte tilpassa for småkraft-utbygginga kunne realisera to gylne mål: verdiskaping i distrikta og auke i produksjonen av fornyeleg energi.

Småkraft-aktørane har i interesseorganisasjonen Småkraftforeningen hatt ein effektiv politisk lobby. I arbeidet for betra økonomiske rammevilkår har det stadig vorte fokusert kor kritisk viktig det har vore for næringsutviklinga i distrikta. Grunneigarar som har kome i økonomisk uføre har vorte nytta som døme på vanskelege rammevilkår. Men dei betra vilkåra har også gagna utanlandske aktørar som vil investera i småkraftverk i Noreg. Til all lukke tyder det meste på at den utanlandske kapitalen som dreg nytte av desse vilkåra, både er seriøs og langsiktig.

Mange småkraftverk i Noreg er framleis eigde og drivne av grunneigarane sjølve. Fleire døme finn me i Sogn og Fjordane, fylket som har bygd ut flest småkraftverk. Eit par store regionale kraftselskap i fylket har bidrege til lokalt eigarskap, men ved å agera på ein heilt annan måte enn kraftselskapa nemnde ovanfor.

I staden for hastige kjøp og sal av småkraftverk, har Sunnfjord Energi og Sogn og Fjordane Energi bidrege til omfattande rådgjevingstenester som har hjelpt grunneigarane til å byggja sjølvstendige småkraftverk. Hadde E-CO, Statkraft og andre mektige norske kraftselskap følgt same linje, kunne langt fleire småkraftverk i dag ha vore i norsk eige. Det er ei linje som har sikra langsiktig lokal verdiskaping, men kanskje ikkje store økonomiske utbytte her og no.

Neste artikkel

Begynner det å rakne for regjeringen?