Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Soya i norsk dyrefôr?

Er soyainnblandinga i norsk dyrefôr berekraftig og fornuftig? Og kva er best for miljøet av genmodifisert soya og GMO-fri soya?

Soya: Felleskjøpets import utgjer berre 3,5 prosent av verdas samla soyaproduksjon, seier Knut Røflo. Men 3,5 prosent til eit land som har mindre enn ein promille av verdas innbyggjarar, er ikkje berre, skriv Olav Randen. Foto: Siri Juell Rasmussen
Soya: Felleskjøpets import utgjer berre 3,5 prosent av verdas samla soyaproduksjon, seier Knut Røflo. Men 3,5 prosent til eit land som har mindre enn ein promille av verdas innbyggjarar, er ikkje berre, skriv Olav Randen. Foto: Siri Juell Rasmussen

16. februar la Norsk landbrukssamvirke ut eit intervju med direktør i Felleskjøpet Knut Røflo. Røflo sa at Norge må importere soyamjøl fordi norsk korn er proteinfattig. Å blande inn vesentlege mengder soya gjer at me kan bruke meir norsk korn og er difor gunstig for sjølvforsyning og miljø, sa han. Han sa også at den soyaen som blir brukt slik, er berekraftsertifisert og ikkje genmodifisert.

28. februar skreiv agronom Øystein Heggdal i spalta Fagleg snakka i Nationen om det same. Hans syn er at Norge heller bør importere genmodifisert soya. Til denne soyaen krevst mindre sprøytemiddel, og avlingane blir større, slik at løysinga samla sett er betre, skreiv han.

Eg meiner begge går rundt hovudspørsmålet. Soyabruken i norsk og andre lands husdyrfôr er eit av vår tids store miljøproblem. Opphavleg var soya ei asiatisk plante, som først vart teken i bruk som landbruks- og matplante i Kina. Dei siste tiåra er planta importert til store delar av verda der dei har klima og jordsmonn for den. Aller mest gjeld dette Sør-Amerika, som i dag har nesten halvdelen av verdas soyaproduksjon.

FAOs talmateriale viser at soyaproduksjon globalt i 1966 fann stad på 2,6 millionar hektar. Femti år seinare, i 2016, vart 121 millionar hektar, 3,5 gonger Norges samla areal, brukte til soya, Det er nesten ei femtidobling og ei av dei store naturendringane i vår tid.

Mest dramatisk er endringa på Cerrado, det veldige, savanneliknande området i Brasil som er seks gonger Norges areal. Cerrado hadde krattvekst og eit stort biologisk og zoologisk mangfald. Mange planter, insekt og mikrobar finst berre der. No blir stadig meir av området erstatta med monokulturar av soya. Jorda er sur, aluminiumshaldig og fosforfattig.

For at plantene skal vekse, må det tilsetjast store mengder kalk. Kalken drep organismar i og på jorda som er tilpassa det tidlegare landskapet. Jorda blir planert, kratt- og grasdekke fjerna, og jorda blir open for erosjon. Mykje av karbonet som er lagra i jorda, blir gjennom omdanninga sleppt ut i atmosfæren og medverkar til at oppvarminga av kloden skyt fart.

Brasilianske bønder veit meir om soya enn me, og dei dyrkar helst genmodifisert soya, skriv Heggdal. Men det er ikkje brasilianske bønder som avgjer kva for planteslag som skal dyrkast. Soyaproduksjon har vorte industri. Med styresmakters hjelp har storselskapa trengt vekk småbønder med tradisjonelt landbruk. Maskinar og nokre få maskinkøyrarar har teke over.

Men det er ikkje brasilianske bønder som avgjer kva for planteslag som skal dyrkast.

Annonse

Avlingsskilnadene mellom genmodifisert soya og soya som ikkje er genmodifisert, er små. Og soyaavlingane aukar sakte. Truleg er det meste av avlingspotensialet alt teke ut. Medan det har vore rask avlingsvekst for mange kornslag, med 155 prosent for mais (frå 221 til 564 kilo i verdssnitt frå 1966 til 2016) og 141 prosent for kveite (frå 141 til 341 kilo), har soyaavlingane berre dobla seg (frå 137 til 276 kilo).

Og medan kornbønder i somme land får over 700 kilo kveite og 1000 kilo mais på målet, ser det ut til å vere uråd å kome over 300 kilo soya, også for dei fremste produsentane. Ei sannsynleg forklaring på at soya-avlingane ikkje veks, er at produksjonen tappar næringsstoff og utarmar jorda.

Det at avlingane ikkje veks vesentleg, gjer at stadig meir areal må takast i bruk for å produsere nok soya til å dekkje den veksande etterspørselen. Det kan skje på to måtar, anten med å presse bønder vekk frå jord dei dyrkar eller med å dyrke urørt land.

For nokre tiår sidan var Norge pådrivar for ei anna, dramatisk naturrasering for å få protein i dyrefôr. Me fiska Barentshavet nesten tomt for lodde. Det var nærast gruvedrift, ressursar vart tømde. Mykje tyder på at soya på liknande vis er ein ressurs som det snart blir mindre av. Og då sit eit land som Norge i saksa, dersom båtane med soya frå Brasil til norske husdyr og oppdrettsfisk ikkje kjem, eller dersom prisen blir så høg at produksjon i Norge på importert fôr ikkje lønner seg. Skilnaden mellom nok og litt for lite er avgjerande for prisen. Det såg me under matkrisa i 2008-09, då prisane på soya på nokre månader vart fleirdobla.

Felleskjøpets import utgjer berre 3,5 prosent av verdas samla soyaproduksjon, seier Røflo. Men 3,5 prosent til eit land som har mindre enn ein promille av verdas innbyggjarar, er ikkje berre.

Norge har, eller bør iallfall ha, den haldninga at klimautslepp må reduserast mest råd og at me må ta vare på mest mogleg av det biologiske mangfaldet. Me bør også ha den haldninga at verdas og landets forbruk av soya til husdyr- og fiskefôr må reduserast mest råd og snarast råd. Det fornuftige for oss er å bruke beite, gras og belgvekstar i staden og å forsere arbeidet for å finne utnyttingsmåtar for tang, tare, algar, tre og andre naturressursar som kan gi proteinfôr. Det fornuftige er også at me reduserer forbruket av kraftfôrbasert kjøt og oppdrettsfisk.

Neste artikkel

Dyra som bruker mest norsk fôr tapar terreng