Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skyt Mattilsynet over mål?

Den viktigaste enkeltfaktoren for dyr si oppleving av å bli transportert, er tilstanden til dyret. Eit friskt og sterkt dyr i god kondisjon toler påkjenningar og taklar miljøet under transport på ein god måte.

Får motstand: Mattilsynet kan bøteleggje bønder og dyretransportørar om reglar for transport av dyr og dyrevelferd ikkje blir halde. Det skapar debatt.Foto: Mariann Tvete
Får motstand: Mattilsynet kan bøteleggje bønder og dyretransportørar om reglar for transport av dyr og dyrevelferd ikkje blir halde. Det skapar debatt.Foto: Mariann Tvete

Ein mykje brukt definisjon på dyrevelferd er nettopp kor godt dyret taklar sitt miljø. Ettersom dyrets evne til å møte eit nytt miljø utan frykt er svært viktig for dyrevelferda, vil dyr som frå fødsel opplever stor variasjon i sitt miljø, og er vant til ulik handtering, vera betre rusta til å møte det ukjente eksempelvis ved transport. Difor er bondens rolle i oppdrett av dyr avgjerande for velferda til dyret når det skal slaktast.

Kva gjer så ein husdyrprodusent med dyr som ikkje er heilt friske og raske, men heller ikkje sjuke? Må ein avlive og kaste dyr som kan bli kvalitetsmat fordi det avvik frå det normale? I tillegg til at det er eit økonomisk tap, opplever mange husdyrprodusentar det som frustrerande å bli tvinga til å ta dyret ut av verdikjeda for mat og la det bli eit avfallsproblem.

• LES OGSÅ: Høge bøter frå Mattilsynet gjer bønder og dyrebilsjåførar urolege

Dyr som er svekka på grunn av alder, sjukdom, underfôring eller fysisk påkjenning blir meir påverka av belastningar under pålessing og transport, og risikoen for svært dårleg dyrevelferd blir stor. Det er ulovleg å transportere dyr i ein tilstand under ei viss grense. Denne grensa vil naturleg nok variere med dyreslag, kjønn, alder, tilstand og sosial gruppe som dyret blir transportert i lag med.

Ein annan viktig variabel er transportkvalitet. I dette ligg faktorar som standarden på sjølve køyretøyet. Det omfattar også ventilasjon, temperatur og luftfuktigheit, sjåførens køyrestil, vegkvalitet og tida det tek.

Regelverket gjev opning for å transportere dyr som er lettare sjuke eller skadde, men det krev at ein under transport kompenserer for den reduserte tilstanden slik at dyret likevel kan transporterast på ein akseptabel måte. I praksis betyr dette at dyret får stå aleine eller med egna selskap, at det er rikeleg med strø og ofte at det kan slaktast kort tid etter avlessing på slakteriet.

Dyrebilsjåføren må altså legge til rette for særleg god transport og planlegge dette i god tid, noko som berre er mogleg dersom bonden informerer om kva som feilar dyret i god tid. Dyretransportøren må dessutan ha materiell som gjev fleksibilitet til å ta med dyr som må reise på fyrste klasse. Dyrebilar som kan ta storfe i to høgder har dobbelt så mange rom som ein bil med berre ein etasje. Dermed kan dyra delast inn etter behov.

Det som er vanskelegast å vurdere i praksis, er dyr i gråsona. Etter regelverket skal ein ikkje transportere dyr dersom ein er i tvil om det toler transport. Men i ein biologisk produksjon er ikkje dette så enkelt. Det finns ei rekke tilstandar der transport kan ha store velferdsmessige konsekvensar og det utan tvil ikkje er lov å transportere dyret.

I regelverket er ein del av desse tilstandane omtalt. Men det er også tilstandar som ikkje er direkte omtalt, og det er difor viktig med informasjon om kva krav som gjeld.

Etter regelverket skal ein ikkje transportere dyr dersom ein er i tvil om det toler transport.

Annonse

• LES OGSÅ: Mattilsynet: - Meininga er at bøtene skal svi

Mattilsynet publiserte i april 2017 «Veileder om transportegnethet og skille mellom dyr under transport». Lovbrotsgebyr som verkemiddel har vore i bruk i enkelte regionar sidan forskrift om lovbrotsgebyr etter dyrevelferdsloven kom hausten 2014. Men i andre regionar valde Mattilsynet å avvente vedtak om lovbrotsgebyr til ein fekk informert næringa grundig om krava og konsekvensar av å ikkje følgje dei.

Dyrebilsjåførar som køyrer i ulike Mattilsyns-regionar opplever det som merkeleg at ein ikkje er meir harmonisert i bruken av eit så sterkt forvaltningsmessig virkemiddel. Dette gjeld også kven vedtaket rettar seg mot. I enkelte regionar er det sjåføren som får vedtaket, i andre regionar er det bonden eller både bonden og sjåføren.

Naturlegvis bør vedtak om gebyr rette seg mot den som er skuld i at dyret vart transportert. Men der sjåføren ikkje har fått informasjon frå bonden om at noko er gale, så er det å rette bakar for smed å straffe sjåføren. Dersom sjåfør og dyreeigar har fått hjelp av dyrlege til å vurdere eit tvilstilfelle, er det fortsatt Mattilsynet som har fasit når dyret kjem fram til slakteriet.

• LES OGSÅ: Bartnes: - Bøtene kan opplevast som i høgaste laget

Det er altså god grunn til at dyretransportnæringa i delar av landet er opprørt over Mattilsynets forvaltning av dyretransportregelverket. Ein opplever å bli mistenkeleggjort og skulda for å ignorere dyras krav på god handtering. For ei yrkesgruppe som veit at jobben deira opptek mange og som har høg yrkesstoltheit er dette sårande. Det gagnar heller ikkje dyra og dyrevelferda at næring og forvaltning ikkje har tillit til kvarandre.

Dei som har jobba tett på dyretransport og slakteri over lang tid, ser at dyrevelferda er best der Mattilsynet er tydleg, føreseieleg og stiller strenge krav. Skot langt over mål gagnar ingen – heller ikkje dyra.

Neste artikkel

Mattilsynet klarer ikke målet om 400 uanmeldte svinetilsyn