Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sirkus sjukehus

Norsk sjukehusdebatt og -politikk er provoserande uærleg, skriv stortingsrepresentant for Sp, Kjersti Toppe.

Politisk styring: Helseminister Bent Høie sin sentraliseringsreform for sjukehusa er tvinga attende, skriv Kjersti Toppe frå Sp. Foto: Terje Bendiksby / NTB Scanpix
Politisk styring: Helseminister Bent Høie sin sentraliseringsreform for sjukehusa er tvinga attende, skriv Kjersti Toppe frå Sp. Foto: Terje Bendiksby / NTB Scanpix

Det er gått to år sidan helse- og omsorgsminister Bent Høie i sjukehustalen sin sjukehustale, der regjeringa opna for å fjerne akuttkirurgi på halvparten av sjukehusa i Norge. Høie meinte det var tre moglege måtar å utvikle sjukehusa våre på. Anten å oppretthalde akuttkirurgi også ved dei minste sjukehus nokre år til. Eller å ha vesentleg færre akuttmottak og sjukehus i Norge. Eller å oppretthalde sjukehusstrukturen, men at sjukehus med befolkningsgrense under 50–60 000 mista akuttkirurgien.

Den politiske målsettinga var klar: Ein skulle lage ein heilt ny type sjukehus i Norge, utan kirurgar i vakt. Kirurgien skulle sentraliserast. Mange skjønte alvoret. Høie og den nye regjeringa hadde allereie vist at dei kunne og ville sentralisere Sjukehus-Norge. Dei la ned sjukehusa på Rjukan og i Kragerø før det var gått eit år. Kirurgitrusselen var altså reell.

Men Høie møtte stor motbør og Sjukehus-Norge mobiliserte sterkt. Sjølv Legeforeininga gjekk mot Høie. Regjeringa utnemnde då ei «ekspertgruppe» som gjekk endå lengre i å sentralisere akuttkirurgi. Ekspertane sitt råd var å fjerne akuttkirurgi på to tredelar av alle sjukehus i Norge. Det skulle berre vere 17 sjukehus igjen i Norge med kirurgar i vakt.

Ekspertgruppa si samansetjing og tilråding gjorde lite inntrykk. Dei faglege tilrådingane hadde ingen referansar. Rapporten var berre på 15 sider. Dette skulle vere det faglege grunnlaget for å endre sjukehustilbodet radikalt. Blei dette politikken ville det ikkje berre sentralisere Norges helsevesen. Det ville sentralisere Norge.

Då nasjonal helse- og sjukehusplan blei fremma av regjeringa hausten 2015 var regjeringas sentraliseringsforslag sterkt redusert. Første slaget var altså vunne. 1–0 til Sjukehus-Norge og folkeviljen. Men likevel sto det seks viktige sjukehus att på regjeringa si liste. Slaget om akuttkirurgi skulle no stå i Odda, Flekkefjord, Stord, Volda, Narvik og Gravdal.

Stortinget gjorde då det umoglege. Fleirtalet, med Høgre, Frp og Venstre, vedtok to motstridane ting på ein gong. Dei sa at lista over sjukehus som kunne misse akuttkirurgi, ikkje skulle gjelde. Samtidig sa dei at akuttkirurgi ikkje trong å vere eit tilbod ved alle sjukehus. Det skulle vurderast av helseføretaka. Representantane frå dei tre partia selde dette ut som om at akuttkirurgien og lokalsjukehusa no var redda, og at ein endeleg hadde fått politisk styring av sjukehussektoren.

"Dårleg rekruttering blir brukt som argument for å sentralisere akuttkirurgi."

Annonse

Det var ikkje sant. Dette var lureri sett i system. Stortinget si behandling av den nasjonael helse- og sjukehusplanen gav større makt til helseføretaka enn nokon sinne, og mindre politisk styring. Om akuttkirurgi skulle bestå lokalt, var eit heilt ope spørsmål som ikkje lenger var politisk bestemt. Høie vann slaget i Stortinget. Sjølv om Venstre trudde dei var redningsmenn.

For eit par veker sidan var eg på to opne folkemøte om akuttkirurgi. Først i Odda og så i Flekkefjord. Begge stader var det fulle kulturhus. Begge stader kjempar folk for nettopp akuttkirurgi og kirurgisk beredskap. Begge stader er folk og helseføretak i tvil om kva Stortinget meiner. For politikarar lokalt seier anna enn det partiet har stemt for nasjonalt.

Med ei regjering som gjekk til val på å sikre politisk styring av sjukehustilbodet, har vi aldri hatt så stor uvisse om kva den nasjonale sjukehuspolitikken faktisk består av. Når Sykehuset Sørlandet HF den 23. februkar gjer vedtak der det svart på kvitt står at dei ikkje veit om vedtaket er i tråd med nasjonal politikk, så er toppen nådd. Slik kan vi ikkje ha det!

Regjeringa og helse- og omsorgsminister Bent Høie sin sentraliseringsreform for sjukehusa er blitt tvinga attende av sterk folkeleg og fagleg mobilisering. Det er bra. Men kampen er ikkje over. Sjukehus er kompetansemiljø som er avgjerande viktig for velferd og lokalsamfunnsutvikling, og som står for beredskap og tryggleik for folk der dei bur. Akuttkirurgi er ein viktig del av basiskompetansen som må vere på alle akuttsjukehus. Dårleg rekruttering blir brukt som argument for å sentralisere akuttkirurgi. Men år med stor uvisse er vel det verste? Kva kirurg søker seg til eit sjukehus som er på Høies liste?

Norsk sjukehusdebatt og -politikk er provoserande uærleg. Og eg synest synd på dei mange trufaste tilsette som er usikker på om dei har jobb i framtida og som burde få større respekt for jobben dei gjer. Dersom Venstre og Arbeidarpartiet, Høgre og FrP meiner at akuttkirurgi skal bevarast på lokalsjukehus som Flekkefjord, Odda, Narvik, Gravdal, kvifor kan ein ikkje stå for det i Stortinget? Vi treng eit nytt storting som gjennomfører det Høgre gjekk til val på for fire år sidan – nemleg å sikre ei politisk styring av sjukehussektoren og eit desentralisert og likeverdig helsetilbod alle stader i landet. Vi må slutte med sirkuset. Sjukehusa må få arbeidsro.

Neste artikkel

Gjelsvik avviser hestehandel om kommuneoppløsninger