Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Seterlandskap i endring

Etter kvart som seterdrifta blir lagt ned skjer det store landskapsendringar. I dette tidlegare så intensivt hausta landskapet tek no bjørk, gran og einer over. Er det ønskjeleg å ta vare på det opne seterlandskapet, og let det seg i det heile gjera?

Til seters: Granskogen kryp tettare og tettare kring Sjæsætra på Øyerfjellet. Foto: Yngve Rekdal
Til seters: Granskogen kryp tettare og tettare kring Sjæsætra på Øyerfjellet. Foto: Yngve Rekdal

Størst er endringane i fjellområda mellom Gudbrandsdalen, Valdres og Hallingdal. Karakteristisk for landskapet her er bratte dalsider opp frå hoveddalføra. Mellom 800 -1100 meter over havet flatar det ut i vide viddelandskap, berre brote opp av grunne dalar og godt runda høer og høgder. Dette har vore noko av det hardast hausta utmarkslandskapet her i landet. Det vitnar dei mange og store setergrendene om, og dei store skogbare partia som ligg 200-300 høgdemeter under den klimatiske skoggrensa. I ein attgroingsmodell laga ved NIBIO er attgroingsarealet i kommunane Vestre Slidre og Øystre Slidre berekna til 23 prosent av kommunearealet, for Sør-Fron 18 prosent og Øyer og Nord-Aurdal 17 prosent. Det meste av desse areala ligg i seterlandskapet.

Ein viktig årsak til avskoginga i seterområda er det store vedforbruket som ein gong var på dei mange setrene. Per Rusten skriv i ein artikkel at det var vedrasjonering ved setrene i Øyerfjellet. Som supplering til vedforbruket vart det teke brenntorv. Riving av einer, «einerkråkå», var òg viktig brensel. I almenningen i Øyer vart det lauva, og i almenningsstyret sin forhandlingsprotokoll frå 1902 står det at det vart teke 10 220 lauvkjerv. Mange måtte til fjells for å bryte ris for at dyra kunne føast vinteren over. Det er såleis ikkje rart at det gjekk hardt ut over skogen.

No har skogen begynt å ta att snaupartia. Oftast er det bjørka som etablerer seg, men stadvis går grana først til fjells. Det meste av fastmark under 1100 moh. vil bli skogkledt dersom areala ikkje lenger blir hausta. Før skogen kjem eineren som er pionerplante på snaue areal der anna ris og busker har vore halde borte. Stadvis er det svært tett med einer, særleg i nærområda til setrene. På frodige parti kjem vieren.

Mykje areal av setervollar og anna dyrka mark i fjellet er i dårleg hevd. Stadvis blir det ikkje lenger hausta, eller det blir sleppt storfe svært seint. Det dannar seg da lett eit hav av sølvbunketuver. Denne tilstanden kan halde seg i mange år da andre planter har vanskeleg for etablere seg her, men før eller seinare vil skogen sine artar koma inn.

Dersom vi ser på historia til landskapet og den mangfaldige haustinga som har skapt dette, skjønar ein at attgroinga ikkje blir lett å gjera noko med. Dette av di vi i dag i første rekkje berre har to haustingsreiskap att. Traktoren kan halde i hevd dei dyrka areala, resten må beitedyr ta seg av. Det går mykje beitedyr i seterlandskapet i desse områda. Stadvis seinkar dei attgroinga godt, men få stader er det nok til å stoppe utviklinga.

«Er det ønskjeleg å ta vare på det opne seterland- skapet? Kanskje er det berre nostalgi – ei idealisering av barndommens landskap.»

Annonse

Er det ønskjeleg å ta vare på det opne seterlandskapet? Kanskje er det berre nostalgi – ei idealisering av barndommens landskap. Skal ein ta stilling til dette, er det viktig å forstå at eit landskap endrar eigenskapar når det gror att. Som beitelandskap vil tre- eller busksjikt hindre lys og varme å nå ned i undervegetasjonen og dermed sette ned produksjonen av beiteplanter. Tilgjenge til beiteplantene blir også vanskeleg. Som opplevingslandskap er seterlandskapet svært viktig, og det vil bli store endringar dersom skogen står som veggar inn til stiar, vegar og setervollar. Det beiteskapte landskapet har eit særeige mangfald av planter som er tilpassa påverknaden frå beitedyra gjennom avbiting, trakk og gjødsling. Desse vil forsvinne ved attgroing. Svært mange artar på den såkalla «Raudlista» høyrer til her. Seterlandskapet er også ein del av ein kulturarv som gradvis forvitrar.

Mykje har grodd att, men det er framleis store areal som er opne i seterlandskapet i fjellet mellom Gudbrandsdalen, Valdres og Hallingdal. Alt kan ikkje bergast, derfor må ein prioritere areal og sette inn målretta tiltak i desse områda. Nok beitedyr må vera til stades, men beitedyra greier ikkje jobben åleine. Det finst no mykje maskinelt utstyr for riving eller fresing av kratt. Her er det nærområdet til setrene og setervollane som bør prioriterast. Ein ser mange døme på at dette gjev godt resultat. Uansett kva tiltak ein set inn må det vera beitedyr i etterkant elles gror det til att med stor fart.

Seterlandskapet er viktig for kommunane i desse områda som ressurs for landbruk og reiseliv, og for lokal trivsel for fastbuande og hytteeigarar. Men diskusjonen om korleis dette skal takast vare på i større samanheng synest vera fråverande. Grunnleggande for å skjøtte seterlandskapet er ei levande beitenæring. I tillegg må ein ha målretta tilskot som stimulerer til beite og andre tiltak på og omkring setrene. Ei stor utfordring er å få til heilheitleg landskapsskjøtsel slik at det ikkje berre blir flekkvise tiltak.

Neste artikkel

Kulturminneaktører glade for «halv» seterseier på Dovrefjell