Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Saman om å sikra såfrømangfaldet

Genetiske mangfold er avgjerende for all matproduksjon – både i Noreg, Malawi og resten av verda. Saman – land i Nord og land i Sør, bønder, foredlere og forbukarar – må vi ta vare på det.

Utstilling: Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal i Landbruks- og matdepartementet deltok på en såvareutstilling i Malawi. Foto: Landbruks- og matdepartementet
Utstilling: Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal i Landbruks- og matdepartementet deltok på en såvareutstilling i Malawi. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Årets sommar med tørke og store avlingsskadar viser tydeleg kor utfordrande matproduksjonen er, og gjev ein peikepinn på kor vanskeleg det er å tilpasse seg eit meir ekstremt og uforutsibart vêr.

Det uforutsigbare vêret er òg ei påminning om kor viktig det er med tilpassa såvare for å oppnå gode avlinger. Gjennom planteforedling utnyttar forskarane den breie genetiske variasjonen innan jordbruksplantene og dei ville slektningane deira for å utvikla og forbetra såvara, slik at det blir tilpassa lokalt klima og sjukdomsbilete.

Og di større mangfald å velja mellom, di større er høvet til å finne eigenskapar vi treng i plantene i framtida. Dette er bakgrunnen for å verne flest moglege sortar i genbanker. Som eit tryggleikslager for verda si genbankar er Svalbard Globale Frøhvelv ei trygg hamn, der over ein million frø har vorte samla i løpet av dei første ti åra i drift.

Men det er ikkje nok å berre fryse ned såfrø for å verne dei genetiske ressursane. Mykje av mangfaldet vi i dag finn i kulturplantene våre har vorte til ved den aktive seleksjonen til bønder gjennom århundre. Det er difor naudsynt med aktiv bruk av såfrømangfaldet for å sikre evolusjonær tilpasning til dei ulike dyrkingstilhøva og sikre kunnskap og kultur knytt til dyrkinga av dei.

Utan tilgang til genmateriale frå utlandet, hadde norsk matproduksjon vore stusseleg. Poteten stammar frå Andes-fjella, dei viktige kornsortane våre frå Midt-Austen. Fordi vi er avhengig av å dele genmateriale på tvers av grenser, støtter difor Noreg Fondet for fordelsdeling under traktaten, som del av det internasjonale samarbeidet om plantegenetiske ressursar. Fondet støttar bønder i utviklingsland til å kunna dyrke eit mangfald av vekstar. Dette er viktig ikkje berre for deira eigen matsikkerheit, men òg for det langsiktige høvet vårt til å ha eit såfrømangfald i framtida.

2018 er det tiande året Landbruks- og matdepartementet gjev eit årleg bidrag til Fondet for fordelsdeling under traktaten. Bidraget tilsvarar 0,1 prosent av norsk såvareomsetnad for å symbolisere at norsk landbruk har fordeler av genetiske ressursar frå andre land.

Logikken bak Fondet for fordelsdeling under traktaten verkar på papir rasjonelt nok, men er likevel abstrakt i den norske politiske kvardagen. I vår sette eg meg difor på flyet sørover, landa i Malawi sin hovudstad Lilongwe, og la ut på ein lang køyretur på støva jordvegar til området rundt Mzuzu.

Her traff eg mellom anna Tamala Kaluba som hadde delteke på kurs i dyrking av sorghum, finger millet, ulike ertar og andre vekstar som ikkje lenger var vanleg å dyrke i området etter tiår med einsidig promotering av mais frå styresmaktene. Ho prøvde no ut dette på sin eigen åkerlapp, og avlinga såg ut til å takle godt det uforutsigbare klimaet.

Desse vekstane ser heller ikkje ut til å bli like hardt råka av skadegjeraren fall armyworm (Spodoptera frugiperda), som dukka opp for første gong for eit par år sidan og gjer stor skade på maisavlingane. Ernæringsmessig er det òg viktig å få noko anna å eta enn mais. Malawi er eit av dei aller fattigaste landa i verda, og ein betydeleg del av befolkninga treng mathjelp. Mange born er kortvaksne som følgje av underernæring.

Annonse

Deltakarane i prosjektet som fekk støtte frå Fondet for fordelsdeling under traktaten rigga òg til ei imponerande såvareutstilling der dyrkingseigenskapar og bruksområde til såfrø i diverse ulike fargar og storleikar vart vist fram. Gjennom slike utstillingar fekk lokalsamfunn samla inn såfrø i nærområdet før dei gjekk tapt og heilt i glemmeboka.

Vi treng felles internasjonale køyreregler for å sikra tilgang til genetiske ressursar.

Turen min gjekk òg innom ein lokal såfrøbank som fekk støtte via Utviklingsfondet. Dei har totalt 56 sortar av 23 ulike vekstar (ulike typar korn, belgvekstar, grønnsaker, oljefrø og frukt) i banken. Med få unntak er alle desse sortane samla inn frå lokalsamfunn i Mkombezi etter ei kartlegging av det lokale såfrømangfaldet. Ei gruppe bønder fekk opplæring i såfrøinnsamling, og saman med tilsette frå ein lokal organisasjon og den nasjonale genbanken, samla dei inn sortar til den lokale såfrøbanken.

Kopiar av desse såfrøa er òg levert til den nasjonale genbanken på Chitedze forskingsstasjon utanfor Lilongwe. Bøndene som er engasjerte i den lokale såfrøbanken tener pengar på oppformering av såfrø (primært for jordnøtter, bambara nøtter og bøner, men òg m.a. fingerhirse). Gjennom deltakande sortsutvelgelse er òg lokale sortar av mais oppformert for sal slik at tilstrekkelege mengder av maissåkorn, som er tilpassa dei lokale dyrkingstilhøva, vert tilgjengeleg når bøndene ynskjer å så.

Prosjekta støtta av Fondet for fordelsdeling under traktaten i Malawi er døme på flyt av genressurser frå åkeren til bonden via lokale såfrøbankar og den nasjonale genbanken til det globale frøhvelvet på Svalbard. Bønder i Malawi og i Noreg deler behovet for godt såmateriale.

Planteforedlarar verda over treng tilgang til plantegenetiske ressursar. Vi treng felles internasjonale køyreregler for å sikra tilgang til genetiske ressursar og deling av fordelen ved nytta av desse ressursane. Plantetraktaten i FNs mat og landbruksorgansisjon, FAO, bidreg til dette.

Svalbard Globale Frøhvelv har sett Noreg på kartet. Noreg har over tiår spelt ei brubyggjarrolle i det internasjonale genressursarbeidet. Under leiinga vår av Landbruks- og matdepartementet, vil vi oppretthalde denne med å sikra vidare god drift av Svalbard Globale Frøhvelv, enno aktiv deltaking i det internasjonale samarbeidet i FAO og videreføring av dei årlege bidraga vårt til Fondet for fordelsdeling under traktaten.

Saman med Tamala Kaluba og yrkesfrendane hennar, sivilsamfunnsorganisasjonar i Nord og Sør, og styresmakter i andre land, sikrar vi saman såfrømangfaldet for framtida.

Neste artikkel

Solberg på Svalbard: – Det er blitt villere klima